Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
ReportasjeBetre enn forventa

Betre enn forventa

Norske museum har tøffe tider når utanlandske turistar må stå over Noregsferien. Men for mange små museum har koronasommaren likevel gått over all forventing i ein sesong langt utanfor det vanlege. Det kan vere på grunn av eit større fokus på lokalsamfunnet, meiner ein museumsdirektør.

Sommaren 2020 var for dei fleste under planlegging då koronatiltaka tok til og det meste vart stengt ned, avlyst og endra. Cruiseturistane skulle ikkje komme, grensene stengte og smitteverntiltaka gjorde at mange måtte tenke nytt om museumsdrifta. Dei fleste såg føre seg ein sommar med minimal aktivitet, og sommarvikarar i fleng fekk beskjed om at det ikkje var behov for dei lenger.

Men så skulle heile Noreg på ferie i heimlandet.

– Me måtte få inn sommarvikarar i hui og hast, og på gode dagar i juli hadde me fire gongar så mykje besøk som vanleg, seier direktør ved Valdresmusea, Ole Aastad Bråten.

To menn står på hodet ute på gresset i et friluftsmuseum
AKTIVITET: Valdresmusea har halde eit høgt aktivitetsnivå gjennom sommaren då alt stod på hovudet. Foto: Valdresmusea

Han pleier å ha rundt 60 prosent utanlandske besøkande om sommaren, og då det vart klart at dei ikkje kom til å komme, var det berre å områ seg og satse på nordmennene.

– Me såg at mange måtte avgrense tilbodet sitt, men me har prøvd å gjere det motsette. Satse på omvisingar og eit styrka formidlingstilbod ute i friluftsmusea. I tillegg ser me jo at mobiliseringa frå myndigheitene har virka, seier Bråten.

Lokalt fokus

For besøka kom. Nordmenn på ferie og folk som bur i området har kome i hopetal gjennom fellesferien. I august kom realiteten tilbake, og kjempeinnrykket av utanlandske turistar mange håpa på då grensene opna att, let vente på seg.

Eg trur likevel det er ei auke i besøk for sommaren totalt sett, men forventninga om at det skulle flaume over av utanlandske bubilturistar i august vart ikkje innfridd. Likevel må eg sei meg nøgd, seier Bråten.

Han trur fokuset Valdresmusea har hatt på å ha eit breitt tilbod som passar både norske turistar og dei som bur i nærleiken av museet har bidratt til mykje besøk.

Medan mange bedrifter, museum og reiselivsaktørar hadde eit avgrensa tilbod i sommar, fortel Bråten at dei har hatt eit meir variert tilbod enn dei pleier. I tillegg har dei vore opptekne av å vere ein viktig aktør i lokalsamfunnet sitt.

– Eg trur det har kasta av seg at me har satsa på vere ei godt museum også for lokalsamfunnet vårt. Mobiliseringa har ikkje berre nådd reisande frå heile landet, men me har greidd å nå innbyggarar lokalt, menneske som aldri før har vore innom museet sitt. Ein slik spesiell situasjon som dette vart jo på mange måtar lakmustesten på kva posisjon ein har i lokalsamfunnet, om ein får lokalbefolkninga til å bruke oss.

Han trur små og lokale museum ofte har eit meir lokalsamfunnsfokus enn dei store.

– I eit lite samfunn må musea sjå seg sjølve som kulturaktør i vid forstand, seier han. – Her er ikkje museum berre museum, men møteplass for menneske med alle slags ærend.

Står ustøtt på berre éin fot

Og det kan vere noko av forklaringa på at det kan verke som om dei små musea har klart seg betre gjennom koronasommaren enn dei store bymusea, og til dels har klart å demme opp for manglande utanlandsturistar.

For slik har det ikkje vore for gigantane i norsk museumslandskap. Til Forskerforum seier store museum som Kode, Vikingskipshuset og Folkemuseet at dei har ein veldig sterk nedgang i besøk og alle har hatt under halvparten av det vanlige sommarbesøket.

– Har store bymuseum noko å lære av dei små lokalmusea?

portrett av Ole Aastad Bråten
Direktør ved Valdresmusea Ole Aastad Bråten. Foto: Valdresmusea

– Eg vil ikkje kritisere nokon, men ein dårleg sommar kan ikkje berre skuldast manglande cruiseturistar. Om det er den einaste foten ein står på, og ein ikkje har greidd å bygge seg eit mangfald av brukarar, då står ein litt ustøtt. Lokalsamfunna finst i byane òg, men ein har kanskje ikkje jobba tilstrekkeleg med å bygge opp ein besøksmasse blant dei lokale, seier han.

Han utdjupar med å vise til erfaringane frå studiereisa til Skottland som Trine Skei Grande inviterte på då ho var kulturminister.

– Britiske museum, sjølv dei aller største, snakkar jo om lokalsamfunna som dei er ein del av. I Skottland såg ein det veldig tydeleg korleis folka i nabolaga var stolte brukarar av musea sine, ikkje berre som stad for museumsoppleving, men som dagleg møtestad. Det er eit potensial i Noreg i å tenkje slik, og me har kanskje henta meir av det ut på mindre stader og museum, seier Bråten.

Det er noko dei har merka på Evju Bygdetun. Der har dei det siste året jobba fram ein stor mathage, og med matservering og arrangement på bygdetunet gjennom sommaren, har dei hatt ein kjempesommar, og auka besøkstalet med om lag 25 prosent.

– I år har det kome alle moglege folk, og meir barnefamiliar og ungdom enn det pleier. Me har hatt ei stor auke i omsetnad, sjølv om me ikkje tek inngangspengar, seier museumsbestyrer Jorid Vale.

I staden har dei bedt folk vippse det dei ynskjer om dei har lyst, og tent pengar på å selje mat.

Også Innovasjon Norge kan fortelje at mange nordmenn på tur i Noreg reiser til andre stader enn dei store byane, og at det difor har gått betre for reiselivet utanfor dei. Dei skriv til Museumsnytt at det er mange reiselivsbedrifter som har hatt ein god månad i juli, men at tida før og etter var og blir krevjande.

– Me måtte avlyse store arrangement i juni og august, men me har hatt meir ordinært besøk i juli enn nokosinne, seier administrerande direktør ved Anno museum, Sven Inge Sunde.

Bruker meir pengar

Så som for mange andre museum, vert totaltala for sommaren dårlegare enn vanleg, men likevel langt betre enn forventa då pandemien slo til. Blant dei 23 musea under Anno-paraplyen, er det litt ulikt korleis sommaren har gått.

– Nokre museum har vore omtrent som før, medan Norsk Skogmuseum nesten har dobla besøkstal og på Domkirkeodden har dei hatt om lag 60 prosent auke, seier Sunde.

Nordmenn på noregsferie har nemlig oppført seg litt annleis enn både dei og dei utanlandske turistane pleier oppføre seg. Som å reise på museum på meir utilgjengelege stader. Helgeland Museum fortel om eit besøksmønster dei ikkje er vane med, der små avdelingar opplever rekordar. I tillegg har dei besøkande vist seg meir villige til å bruke pengar når dei fyrst har kome. Alle musea Museumsnytt har snakka med fortel om besøkande som i stor grad handlar i butikkar og kafear.

Portrett av Heidi Richardson
Avdelingsleiar ved Hardanger Fartøyvernsenter Heidi Richardson. Foto: Hardanger og Voss museum.

Det har Heidi Richardson, avdelingsleiar ved Hardanger Fartøyvernsenter opplevd gjennom sommaren.

– Det har vore rekord i talet på enkeltbesøk, og nordmenn brukar meir pengar i butikken vår enn andre, så det er veldig positivt, seier ho.

Likevel har museet hatt mindre besøkande enn dei pleier om sommaren. I hovudsak fordi store arrangement, som står for ein stor del av totalbesøket, måtte avlysast. I tillegg er 80 prosent av dei besøkande til museet vanlegvis utanlandske, så då koronatiltaka starta, såg det mørkt ut. Likevel gjekk det betre enn Richardson frykta.

– Det er litt tvitydig. Med avlyste arrangement der det var venta tusenvis av besøkande, kan ein gjere kva ein vil, det blir totalt sett mindre besøk uansett. Men det har vore interessant å sjå at nordmennene har besøkt oss så flittig, seier Richardson.

Det som no vert spennande, er om nordmenn fortset å vere like ivrige på museumsbesøka sine.

– Eg er spent på om mobiliseringa varer ved over tid. Dette er jo ikkje det me er vane med, så om dei endra reisevanane vil fortsette framover, er eg litt skeptisk til, seier Ole Aastad Bråten.

Fakta // Besøkstal

❱❱  Musea hadde eit betydeleg besøksfall i sommar samanlikna med i fjor sommar, men juli var den beste besøksmånaden for nesten alle musea.

❱❱  I juni var besøket 77 prosent lågare enn i fjor, medan i juli var det berre 32 prosent lågare.

❱❱  72 av 77 museum hadde mindre besøk i juni i år enn i fjor

❱❱  25 av 77 museum hadde meir besøk i juli i år enn i fjor.

❱❱  Valdresmusea melder om 50 prosent færre besøkande i juni, og 34 prosent fleire i juli.

❱❱  Kistefos Museum auka besøkstalet med 664 prosent i juli samanlikna med i fjor.

Kjelde: Norges museumsforbund

Frivillige demonstrerer bruk av potetskiller for skolebarn
POTETSKILJAREN på Evju Bygdetun vart oppfunnen av familien Evju, som testamenterte garden til bygdetun. Foto: Jorid Vale/Evju Bygdetun

Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3-2020). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)

 

 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser