Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkDeilig i Dubai

Deilig i Dubai

Fotballen rullar i Qatar, i eit VM som aldri skulle vore der. Me kan dvela litt ved at museumsverda har laga seg til med ei historie som har likskapstrekk.

Knut Markhus er historikar og forfattar. Han har jobba i museumssektoren i mange år, seinast i Vest-Agder-museet, som han deltok for på ICOMs generalkonferanse i Praha i haust.

FIFA valde Qatar. ICOM valde Dubai. På generalforsamlinga til ICOM i Praha i september presenterte ICOM UAE (Dei sameinte arabiske emirata) planane for konferansen i Dubai i 2025. Det såg strålande ut, med fantastiske museum og uendelege shoppingmoglegheiter. Og ekstra gildt: Alle som melder seg på, blir raust sponsa. Me som sat i salen, kunne notera oss at det vanka rabattar på både reise og anna – og så klappa me.

Elefanten i salen

Elefanten i konferansesalen heitte Menneskerettar. Emirata hevdar seg høgt på lister over landa i verda der sivilsamfunnet er mest undertrykt. Kvinner blir diskriminerte, homofile risikerer fleire år i fengsel for å leva ut sitt naturlege liv.

Ein kan sjølvsagt diskutera om Emirata og Dubai er så mykje verre enn mange andre stader. Overflata ser tilforlateleg ut. Folk har vore på ferietur til Dubai og hatt det superdeilig – og ICOM-delegatar vil nok reisa heim etter 2025-konferansen med stjerner i auga, slik fotballdelegatar vil gjera etter Qatar-VM. Slik er det med sportsvasking og kulturvasking – det har ein tendens til å fungera.

Etisk rett?

Diskusjonen rundt fotball-VM har sett lys på menneskerettssituasjonen i Qatar. Det er i seg sjølv bra. Vil museumsbransjen gjera seg umak med å sjå bak fasaden på Dubai 2025? Me har god tid, men det er ingen grunn til å venta. Temaet bør nokså fort inn på sakskartet til Norsk ICOM. Skal vår komité oppmuntra medlemer til å reisa? Er det etisk rett å dela ut reisestøtte til ein generalkonferanse i Dubai?


Dette debattinnlegget stod på trykk i Museumsnytt nr 4 22. Fleire artiklar frå denne utgåva vil bli tilgjengeleg digitalt etter kvart, følg med på museumsnytt.no. Vil du kose deg med heile bladet i papir, kontakt Tekstallmenningen.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser