Hausten 2016 heldt kulturministeren innspelskonferanse om inkludering og integrering gjennom kulturlivet. Den instrumentelle kulturpolitikken var tilbake i ei slags frivillig form. Det handlar ikkje om pengar, sa ein konferansedeltakar og siterte den nye tidsånda.
Jo, det gjer det, sjølvsagt handlar det om pengar også.
To ideologiske feilslutningar
Den nye og naive tidsånda i norsk kulturliv klamrar seg til to ideologiske og kulturpolitiske feilslutningar. Begge kom i 2013 – ei med Enger-utvalet, ei frå regjeringa Solberg.
Enger-utvalet vurderte verknadene av Kulturløftet frå regjeringa Stoltenberg og tok til orde for ei anna prioritering. Den konklusjonen som flest beit seg merke i, var at dei ekstra milliardane inn i kulturlivet hadde gjort lite med kulturforbruket. Pengar var ikkje nok. Meir skulle ikkje til for å setje i gang eit kulturpolitisk meiningsskifte.
Kven sa at pengar berre har med gjestetal å gjere? Iallfall ingen i museumsbransjen. Det som Enger-utvalet ikkje gjorde noko nummer av, var kva langsiktige verknader Kulturløftet kunne innebere for kvaliteten i kulturtilbodet. Slikt tek tid – sjå berre på innkjøpsordningane for norsk skjønnlitteratur og sakprosa. Dei første blei innførte frå 1965, og mange tiår etter er norsk samtidslitteratur på eit nivå som gjer Noreg til eit kulturpolitisk hovudland under verdsmessa for bøker i Frankfurt hausten 2019.
Regjeringa Solberg brukte Enger-utvalet marknadsideologisk og postulerte at det ligg liten eller ingen stimulans til utvikling i å få meir pengar frå det offentlege. I åra før var vi mange som kjende det på kropp og sjel at betre økonomiske rammevilkår sette oss i stand til å skape betre kulturtilbod. Den institusjonen eg sjølv leier, gav publikum eit mykje betre tilbod i 2013 enn i 2003. Vi sa det i møte, skreiv det i søknader og ytra det offentleg. Heva over slik empiri held det nye egimet fast ved sin ideologiske marknadskonklusjon. Ein kunne gripe til den verdikonservative klassikaren «Veien videre» av Sjur Lindebrække frå 1973 og vone at det går over. Men nei.
Berga av Kulturløftet
Sett utanfrå, i eit gjennomsnittsland i Europa, er framleis den offentlege kulturøkonomien i Noreg ein av dei sterkaste. Den katastrofen som delar av kulturlivet frykta etter stortingsvalet i 2013, har vi ikkje møtt enno. Kulturinstitusjonane har greidd å tilpasse seg den nye røynda, og for kvart år det skjer, minkar presset for auka løyvingar.
Også her finn eg to grunnar.
Den eine er at Kulturløftet 2006–2013 gjorde institusjonane så sterke at dei kan manøvrere på ein heilt annan måte enn før.
Offentlege tilskots- og støtteordningar for kulturlivet har lenge vore meir omfattande i Noreg enn i dei fleste vestlege land. Kvart museum får to av tre kroner frå det offentlege. Slik den nordiske modellen er blitt praktisert i Noreg, har dei økonomiske og sosiale skilnadene vore for små til at privat kapital kunne byggje opp mange og svære kulturfond. I Noreg toler kulturinstitusjonane førebels omstillinga etter oljekrisa fordi det statlege kulturbudsjettet framleis er på eit høgt nivå.
Budsjettforlika har styrkt musea
Den andre grunnen er nettopp budsjettforlika om statsbudsjett i november og reviderte nasjonalbudsjett i juni.
Budsjettet til Kulturdepartementet har auka med 1,4 milliardar frå 2014 til 2017. Av dette har 496 millionar kome gjennom budsjettforlik. Dei forlika har gitt 137 millionar til pressa, 134 millionar til kyrkje og religion, og 225 millionar til andre kulturtiltak.
To tredelar av heile auken i kulturbudsjettet har gått til kyrkje og religion, og den auken har regjeringa stått for sjølv. Skiftande kulturministrar har kunna seie at ingen har løyvt meir pengar til kultur før. Då snakkar dei i nominelle kroner, og nesten heile auken har kome i kyrkjekapitlet. Den delen av kulturbudsjettet er 37 prosent større i 2017 enn i 2014. Utan budsjettforlika hadde den vore 35 prosent større.
To tredelar av dei kulturpolitiske budsjettforlika har gått til resten av kulturlivet. Utan forlika hadde realverdien av den delen av kulturbudsjettet minka med fire prosent Dette har gitt samfunnet nye institusjonar som Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje. Det har styrkt drifta av Melahuset i Oslo, Jødisk museum i Oslo og Trondheim, Ruija kvenmuseum i Vadsø. Forlika har også sikra litteraturhusa, gitt fleire kunstnarstipend, berga arbeidsplassar i pressa og gitt fleire gode barnebøker til biblioteka over heile landet.
Då, folkens, skal ein vere ganske distansert for å seie at nei, pengar er ikkje så viktig, og kor mange kulturinstitusjonar treng vi? Dei kulturpolitiske forlika har skapt dynamikk, innovasjon og positive endringar, og dei måtte til for å reversere kritiske kutt frå regjeringa. Det samla kulturbudsjettet har auka tre prosent i realverdi dei siste fire åra fordi Stortinget framleis held seg med nokre politikarar som har noko ugjort.
