Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
AktueltDigitalarkivet opna for privatarkiv

Digitalarkivet opna for privatarkiv

Den digitale publiseringsplattformen for arkiv opna 17. september for sjølvbetent publisering. Det vil seie at alle arkivinstitusjonar no sjølv kan publisere digitalisert materiale på digitalarkivet.no.

Annonser

Sidan digitalarkivet.no opna for 21 år sidan har det fått ein million brukarar i året og nesten seks millionar besøk. No tenkjer Arkivverket enno større om den digitale plattforma, og målet er at den skal bli hovudinngangen til samfunnets både offentlege og private arkiv, og uavhengig av kva medium arkiva er skapte i.

– I første omgang er løysinga avgrensa til skanna eller digitalt fotografert papirbasert arkivmateriale, men seinare vil ein kunne publisere også f.eks. audiovisuelt materiale, seier Tom Oddby, direktør for publikumsavdelinga i Arkivverket.

Arkivverket gjer dette på oppdrag frå Kulturdepartementet, som la ned «den digitale grunnsteinen» for prosjektet i desember i fjor.

KVA ER NYTT?

Nyheten no handlar om sjølvbeteningsløysinga, og at ein gjennom den kan opne for institusjonar utanfor arkivverket. Museum, andre bevaringsinstitusjonar, lag og foreninger kan no tilgjengeleggjere digitalisert materiale i den same portalen.

– Publikum er som oftast ikkje interessert i om arkivet dei er ute etter er offentleg eller privat, om det er omfatta av forvaltningslova eller kven det er som bevarar det, seier Oddby.

Det endelige målet er dermed å lage ei nasjonal fellesløysing for alt digitalisert arkivmateriale, frå alle instiusjonar og i alle format.

– Framover vil vi også fokusere på å lage éin inngangsport for brukarane, slik at dei slepp å veksle mellom Arkivportalen og Digitalarkivet, seier Oddby, men han har foreløpig ikkje svar på korleis ei slik løysing vil sjå ut eller verke saman.

– ARKIV ER ARKIV

Karianne Schmidt Vindenes er avdelingsdirektør for Vestfoldarkivet og samlingsforvaltninga hjå Vestfoldmuseene. Ho ser fram til å ta i bruk løysinga, og er også primært opptatt av brukarperspektivet.

– Arkiv er arkiv, og kva forvaltningsledd dei tilhøyrer eller om dei er private, er ikkje så viktig for brukaren. Det som er tilfelle er at digitalarkivet er godt etablert med mange brukarar, og har lenge vore kjent i ein del miljø. Vi er glade for at vi endeleg får hekte oss på, seier Vindenes.

Riksrevisjonsrapporten «Undersøkelse av digitaliseringa av kulturarven» frå 2017 (Dokument 3:4 2016-2017) synte at både museum og arkiv slit med å få publisert og tilgjengeliggjort materialet sitt sjølv om det er digitalisert, og at publikum har tilgang på berre om lag halvparten av det digitaliserte materialet frå desse institusjonane. Dette inkluderar også musea sitt arkivmateriale.

BRUKARANE I SENTRUM

Vindenes meiner at tilgangen til digitalarkivet vil kunne hjelpe:

– Det er mykje lettare å sette av ressurser når ein veit at det kjem inn ei god løysing. No får vi ein enkel måte å publisere det vi allerede har, i eit system som er testa og med metodikk og programvare som ligg tilgjengeleg.

Ved Telemark Museum sit ein på 1 600 hyllemeter privatarkiv. Samlingsansvarleg Ellen Rodvang ser også fram til å ta i bruk portalen, særleg på brukarane sine vegner.

– Eg meiner det er riktig å jobbe for å få til digitale fellesløysingar, og dette er stort skritt i riktig retning. Men for oss begrenser det seg kor mykje vi får tatt det i bruk i første omgang. Vi kjem definitivt til å ta det i bruk, men vil byrje i det små.

FAKTA // DIGITALARKIVET

❱❱ Drivast av Arkivverket
❱❱ Største kildenettstad i Noreg med nesten 6 millioner årlige besøk.
❱❱ Skal bli nasjonal fellesløysing.
❱❱ Opna for alle bevaringsinstitusjonar som oppbevarar arkiv i september.
❱❱ Skal opne for alle digitale format.
❱❱ Oslo byarkiv og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek har vore samarbeidspartnarar i prosjektet.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt nr. 3/2019. Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- i året)

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser