Garden har ei rik historie, mellom anna vaks krigshelten Peter Wessel Tordenskiold (1690-1720) opp her saman med dei mange syskena sine.
Ringve vart eit musikkmuseum allereie i 1952, takka vere ei eldsjel frå Russland, Victoria Bachke (1896–1963). Frå å vere eit lukka paradis for dei rike, vart alle musikkinteresserte sjenerøst invitert inn.
Men kven var denne driftige dama, som etablerte eitt av dei mest unike musea i landet?
Musikaren frå Moskva
Victoria Bachke (1896–1963) vaks opp i ein musikkinteressert heim i Moskva. I 1914 la ho ut på ei europeisk danningsreise, på same tid som første verdskrig braut ut. Tre år seinare vart det revolusjon i heimlandet, og familien hennar vart spreidd utover Europa. Sjølv hamna ho i Trondheim, der ho i 1920 gifte seg med den musikkinteresserte eigaren av Ringve gård, Christian Bachke. Han hadde tidleg testamentert garden til ei offentleg stifting. Saman bestemte dei seg for å opprette eit musikkmuseum. Det var i hovudsak Victoria Bachke som stod for det heile. Gjennom ei årrekkje samla ho inn historiske instrument frå heile Europa. Utrøytteleg, og med hjelp av eit imponerande nettverk, sikra ho mange skattar for ettertida.
Victoria Bachke vart den første direktøren for Ringve, og viste seg som ein nytenkjande museumsutviklar. Heilt frå starten har instrumenta vortne viste fram gjennom bruk. Bachke gjekk sjølv frå instrument til instrument og spela stykke for dei besøkande så lenge ho levde.
I dag har museet den største samlinga av musikkinstrument i landet. Den originale bygningsmassen vert nytta til å fortelje musikkhistorie.
Endåtil grisehuset, som for nokre år vart bygd om til konsertsal. Framleis vert tradisjonen med å tilby levande musikk som del av utstillingsopplevinga vidareført i høg stil. Her får dei besøkande ei tett tilknyting til lyden. I tillegg til ordinære konsertar, vert det mellom anna spela meir enn åtti småkonsertar kvar sommarferie. Museet hyrar inn unge musikkstudentar, som såleis får godt høve til å øve opp konsertuthaldinga, for her er det to konsertar kvar dag på sommaren. Desse møta med musikkutøvarar i omgjevnader som dette, mellom sjeldne, historiske instrument, gir museet eit heilt eige preg. Det kan høyrest paradoksalt, men dette er eit levande museum. Dette er ein folkeleg, sanseleg og kroppsleg måte å formidle på, som mange museum gjerne kan hente inspirasjon frå.

Attende til gullalderen
Av dei faste utstillingane, husar Hovudbygningen den aller mest unike. Dette er den sørlege delen av garden, og kan berre besøkast med guide. Men for ei omvising! Du vert ført rundt i vakre interiør frå 1880-tallet av ein musikarar, som fortel om garden og dei som har budd her, og spelar på fleire av dei utstilte instrumenta.
Hausten 2015 vart delar av Hovudbygningen totalskadd i brann, og var stengt for renovering i tre år. Det er imponerande korleis museet har snudd dette katastrofale til noko positivt. Dei nytta høvet til å studere dei mange laga av måling og tapet, og bestemte seg for å tilbakeføre heile bygget til måten det såg ut på 1880-talet. Det er ein fryd å gå gjennom dei nyrestaurerte fargerike og rikt dekorerte romma, fylte med palmar og andre grøne planter, slik moten på den tida kravde. 1880-talet er også musikkens gullalder, då norsk musikk nådde internasjonal anerkjenning, ikkje berre med Edvard Grieg (1843-1910) og Ole Bull (1810-1880). Mange andre komponistar kom i skuggen til dei to ruvande skapnadene. Desse løynde perlene vert vi betre kjende med under omvisingane.

Lydspor
Den nye faste samlinga av den rikhaldige instrumentsamlinga opna i fjorsommar. Ei eiga melding av denne kan du lese her.
Eg vil likevel framheve ein del av utstillinga som Jynge ikkje nemner i meldinga si, som tek føre seg ulike former for musikalsk kommunikasjon med dyr. Nokre av instrument skal spelast av dyra sjølve. I Austen er det lange tradisjonar for å feste små fløyter i fjørne på duer, såleis at luft bles gjennom medan dei flyg, og skaper vakre tonar.
Her er også ein praktfull serinette, innlånt frå Sogn Folkemuseum. Namnet kjem av serin, det franske ordet for kanarifugl. Dette var også ei lirekasse franskmennene utvikla på 1700-talet for å lære tamfuglar nye melodiar. Instruksen sa at serinetten måtte sveivast fleire gonger om dagen, skulle fuglane ta melodiane opp i songen sin. Dette er eit så herleg dekadent prosjekt. Om det faktisk fungerte, er ei heilt anna sak.
Det er fint å bli mint om den store fascinasjonen ein gjennom hundreåra har hatt for det musikalske samspelet med dyr. Dette er ei interesse som har gått i gløymeboka i takt med at vi breier oss over kloten med stadig meir støyande verksemder. Dette temaet vert vi betre kjende med i den skiftande utstillinga til Jana Winderen, som skal stå til februar 2024.
Kunstutstilling på Ringve
«Lost Voices. Listening under the surface» er eit musikalsk møte mellom dyr og menneske. Jana Winderen arbeider i kryssingsfeltet mellom musikkomposisjon, samtidskunst og forsking. Gjennom lydinstallasjonen sin løftar ho fram løynde, maritime lydar. Skodar vi ned i den djupe fjorden, så ser sjøen så taus ut. Dette er ei verd utilgjengeleg for dei aller fleste. No har Winderen opna henne opp, og byr oss inn.
Den oslobaserte kunstnaren stiller ut verda over med dei komplekse lydinnstallasjonane sine. Winderen har arbeidd med lydkunst sidan 1992, og frå 2005 har ho fokusert på opptak under vatn. Utstillinga er plassert i tilbygget Kjeldsbergsalen frå 2013, med den gylne metalltekte fasaden som skil seg så sterkt ut frå resten av dei staselege gardsbygningane på Ringve. Underleg nok fungerer dette tilskotet godt til heilskapen.

Velkomen ned i djupet
Den storstilte musikkinstallasjonen kjem godt til sin rett her. «Lost Voices» er ei utstilling utan eit einaste bilde. Bilda i artikkelen er dokumentasjonsbilde eg har fått av kunstnaren for å visualisere den komplekse prosessen hennar fram mot ferdig verk. Å sjå desse bilda i utstillingsrommet ville berre vore forstyrrande. Her inne er det berre lyttesansen som tel. Salen er eit mørkt, introvert rom utan vindauge, kapsla inne i seg sjølv. Her er svarte sakkosekkar å legge seg og lytte på, omkransa av store høgtalarar som er monterte på golv, veggar og tak.
Winderen har laga denne komposisjonen saman med den britiske lydartisten og ingeniøren Tony Myatt. Lydsporet er komponert saman av undersjøiske opptak som Winderen har samla inn gjennom ei årrekke frå elver og farvatn verda over. Ho har endåtil vore med vitskaplege ekspedisjonar til arktiske strok for å granske havlyd der.
Museet investerte tungt i denne temporære utstillinga, kjøpte inn alle 26 høgtalarane som måtte til for å realisere prosjektet. Og for ein lyd! Det er særs sjeldan å høyre så god lydkvalitet på kunstutstillingar. Eg likar godt kombinasjonen mellom lydar som er fanga opp gjennom feltarbeid – den reine innspelinga av det som rører seg under havflata – og det ho tilfører verket gjennom seleksjon av lydspor, og måten ho komponerer elementa saman til ei heilskapleg lydoppleving. Winderen står alltid sjølv for alle dei tekniske delane av prosessen. Ho arbeider med eit Ambisonics B-format oppsett, som er mykje nytta i VR-oppsett og 360 video. Den siste delen av komponeringa skjer i rommet, såleis at lydspora vert tilpassa akustikken i nett dette arealet.

Ein maritim komposisjon
Resultatet er ein rik og stoffleg kvalitet, det kjennest ut som om vi vert omfamna av lyden. Lydbildet er så nyansert at fleire lydar er så vidt vi anar meir enn høyrer, andre kjenner vi som bassvibrasjonar gjennom golvet.
Tonane fløymer inn frå alle sider, ein maritim komposisjon med lag på lag av nyansar. Dette er ein uvant måte å lytte på. Innimellom kjem attkjennelege lydar, som når vi høyrer brusinga frå mektige bølgjer rulle mot oss, kjennest lyden så realistisk ut at vi instinktivt lettar på føtene, andre gongar høyrer vi kvalar synge om kapp med brummande lydar frå store skip.
Men dei fleste lydane er like underlege som dei er framande: Er det grynt vi høyrer, og kva med pipinga og knitringa? Winderen sjølv er hemmelegheitsfull, ho vil ikkje sortere og forklare dei ulike lydelementa. Og det er fint, for lyden set fantasien vår i sving, og dannar bilde i hovuda våre, som truleg er svært forskjellige ut frå kva referansebakgrunn du har.
Det alle lyttarar likevel har til felles, er den sterke opplevinga av å vere djupt under vatn, som gjestar i eit framandt univers.
Ikkje berre har ho oppsøkt stader vi truleg aldri kjem til å kome til. I tillegg får vi del i ein biofoni som er langt rikare enn det menneskeøyra kan fange. Biofoni er eit omgrep som vert nytta om lydar frå dyre- og planteliv. Medan menneske, då særleg dei unge, høyrer opp til 20 000 hertz, kan til dømes delfinen høyre 200 000 hertz, medan kvalar kan høyre frekvensar lågare enn dei 20 hertz menneska kan oppfatte. Kunstnaren har justert ein del av lydane såleis at vi får del i det som elles er utafor vår rekkevidde. Såleis minner Winderen oss om at vi er del av eit enormt økosystem, som vi berre sansar eit lite fragment av.

Propelldur
Og vi skal ikkje lytte lenge før vi tek til å skilje dei mange og forstyrrande menneskeskapte lydane i komposisjonen. Her er dur frå propellar, dunking frå ekkolodd, og ikkje minst stammar mykje av lyden frå aktivitetar på land. Winderen har sjølv fortalt at då ho sanka lydar i Trondheimsfjorden til utstillinga i desember 2022, fekk ho med det omfattande arbeidet med vegen mellom Værnes og Trondheim, trass i at dette arbeidet føregjekk fleire kilometer unna.
Det er først i dei siste åra denne forma for ureining har fått merksemd. Lyden ber særs godt i vatn, og beveger seg fire gonger raskare i vatn enn i luft. Alt som lever under vasskorpa er avhengig av lyttesansen sin. Fleire artar legg til dømes samtalane sine kløktig nok til frekvensar som gjer at dei går under radaren til rovdyra. Dette avanserte samspelet er i dag truga: Menneskeskapt ståk overdøyver i aukande grad dei naturlege, biologiske lydane. Såleis kjem vi inn i ein vond sirkel, med stadig færre dyr og plantar, som får stadig større vanskar med å finne kvarandre.
Med hendene i fanget
Det er noko heilt anna å erkjenne dette gjennom verket «Lost Voices», og å lese om det i forskingsrapportar og medieoppslag. Her sansar vi det gjennom kroppen. I starten når vi lyttar gler vi oss over den fantastiske lydkvaliteten, morar oss over å lytte til heilt framande lydar, venleiken i komposisjonane hennar. Då slappar vi av, let verket virke på oss. Det er viktig å ta seg tid her inne, ikkje la seg freiste til å løfte opp mobilen, berre la musikken rulle over deg. Det er ei heilt eiga kunstform: Den introverte lydinstallasjonen som krev at du set det ned, legg hendene i fanget, let att auga og lyttar aktivt.
Så vil du etter kvart skilje ut det som ikkje høyrer heime her, som forstyrrar. Winderen viser med «Lost Voices» kor mektig ein kunstoppleving kan vere, korleis han har erkjenningsinnhald, og kan formidle noko som er vanskeleg å seie med ord. Forskingsbasert kunst kan ofte opplevast som illustrativ. Men dette er ikkje tilfelle her.
Det er interessant å sjå kunstutstillinga i lys av at det er stilt ut på musikkmuseum, som nett har lydopplevinga som si viktigaste formidlingsoppgåve. «Lost Voices» er ein god måte å forvalte samtidig musikkhistorie på, endåtil med eit blikk mot framtida.

Støtte til utstillingskritikk
Tidsskriftet Museum har også i 2023 fått støtte til utstillingskritikk fra Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer én til tre anmeldelser i måneden. Se alle anmeldelser her.
Våre anmeldere kommer fra kunst-, museumsfeltet og/eller media.
Eva Furseth er formidlingsansvarlig og konservator NMF ved Justismuseet og fast kunstmeldar i Dag og Tid. Furseth har skrive fleire bøker og artiklar om norsk og færøysk kunst. Tidlegare har ho vore kunstmeldar i Bergens Tidende, og vore tilsett ved Museet for samtidskunst og Trondheim Kunstmuseum. Ho er oppteken av å synleggjere det rike mangfaldet i utstillingsverksemda i det langstrakte landet vårt.