Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkFrå bok til gjenstand

Frå bok til gjenstand

Kva verdi har ei bok på Digitalt Museum? Å bruke Digitalt Museum i dag til forsking, undervising og private føremål er ei krevjande øving i ulogisk orienteringsarbeid.

I Nynorsk kultursentrum, Aasentunet i Ørsta, er vi no i sluttfasen med å registrere den private boksamlinga til Ivar Aasen. Arbeidet har gitt oss verdifull kunnskap om kva boksamlinga inneheld, og korleis Ivar Aasen jobba med bøkene sine.

Spørsmålet forfattaren stiller seg no, er: Kva verdi har ei bok på Digitalt Museum?

At samlingane på Digitalt Museum ligg opne for alle som vil sjå, studere og forske på dei, er ein bra ting. Men om Digitalt Museum «skal tene samfunnet og utviklinga og vere ope for publikum», så trur eg likevel dei har ein lang veg å gå.

STORT ARBEID: Artikkelforfattaren Siri Beate Gjerde (t.h) er bibliotekar ved Aasentunet. Saman med kollega konservator Stine S. Hovdenakk har ho bladd gjennom 1 000 bøker frå perm til perm, i arbeidet med å digitalisera samlinga til Ivar Aasen og gjere ho tilgjengeleg på Digitalt Museum. Foto: Nynorsk kultursentrum

Det praktiske arbeidet med kulturhistoriske verdiar

Boksamlinga til Ivar Aasen, i tillegg til private gjenstandar, har stått på utstilling sidan hans død i 1896. Eigedelane blei frakta med båt frå Kristiania til Sunnmøre og blei først plassert på loftet heime på garden Aasen i Ørsta. Frå loftet blei samlinga plassert i eit eldre lafta hus, før den på 40-talet gjekk vidare til eit steinhus. Til slutt kom heile samlinga i år 2000 i trygge omgjevnader i nytt museum. Samlinga inneheld 225 private gjenstandar og rundt fire tusen gjenstandar av papir. Papir er levande, det utvidar og trekk seg saman igjen avhengig av temperatur og fukt. Bøker som blir utsette for dette lenge nok, blir øydelagde.

Det er langt mellom kurs i konservering og handtering av papir. Kompetanse finst i Nasjonalbiblioteket og hos enkelte fylkeskonservatorar, men det gjeld gjerne konkrete oppgåver. Som bibliotekar har eg kjennskap til papirkvalitet, og min kollega i registreringsarbeidet, konservator Stine S. Hovdenakk, har arkivfagleg kompetanse. Det landa til slutt på kva vi kunne lære oss sjølv. Eit veldig godt hjelpemiddel blei Oppbevaring og håndtering av bøker av Nina Hesselberg-Wang (Hesselberg-Wang, 1996) Øydela vi nokon av bøkene? Når ein skal bla i ei skjør bok side for side, så er det ikkje til å unngå. Det er også eit viktig føremål med nettopp Primus og Digitalt Museum: Vi registrerer gjenstandar og gjer dei tilgjengelege for å unngå å bruke dei opp. At det blei nokre knekte bokryggar, er det minste av to onder.

Dei som har jobba med samlinga før oss, meinte at det ikkje var all verda å hente. Det er i seg sjølv verdifullt å dokumentere ein slik påstand, men slik vi ser det, er det ikkje nok.

For samlinga vitnar om at Ivar Aasen jobba seg gjennom nesten alle bøkene sine, side for side.

Det han la vekt på, merkte han med kryss, understrekingar, rettingar og enkelte kommentarar. I tillegg la han igjen fragment med arbeidsnotat og pressa blomar.

I OVERKANT LANGT: Lappisk Grammatica av K. Leem, (1748) illustrerer utfordringa i Primus der emnet «betegnelse» berre har plass til 50 teikn. Foto: Nordnorsk kultursentrum

Problema med Primus som arbeidsverktøy

Kva informasjon er viktig å få med i ein gjenstandspost? For å finne svar på det kan det vere ei god øving å sjå for seg kven brukarane av Digitalt Museum kan vere. Kven vil sjå det Ivar Aasen samla på? Alt frå skuleelevar til pensjonistar, historikarar, tilsette i akademia og museumsverda, dei som leitar etter særskilde verk, eller kanskje ein slektning av ein boktrykkar på 1800-talet.

Eg og min kollega har konsekvent nytta PrimusWeb, og grunnen til det er enkel. Erfaringa frå PrimusWin er så minimal at når du skal starte på nytt og lære deg verktøyet på eiga hand, er Web-versjonen enklare å lære.

Éi utfordring er feltet for «betegnelse», som ikkje har plass til meir enn 50 teikn. Kva gjer ein då om tittelen er:

«En Lappisk Grammatica Efter den Dialect, som bruges af Field-Lapperne udi Porsanger-Fiorden Samt Et Register over de udi samme Grammatica anførte observationers Indhold; hvorhos er føyet et Blad af den berømmelige historie Skriveres hr. Baron Ludvig Holbergs Kirke-historie oversat i det lappiske Tungemaal med en Analysi over hvert Ord, forfattet af Knud Leem forhen Millionaire udi Porsanger-Fiorden i Vest-Finnmarken, nu uværdig Siæle-sørgere for Augvaldsnæs Menighed i Christiansands-Stift udi Norge»

Det er sjølvsagt eit unntak med ein så lang tittel, men heller ikkje heilt uvanleg frå tida boka er skriven. Løysinga blir å korte ned og legge informasjonen i andre felt, som ikkje er ei god løysing. Ein kan skrive «Bok» i feltet, men det er lite publikumsvenleg å sjå på ei side med 1800 postar der alle har overskrifta «Bok».

Frå ordna museal boksamling til kaotisk tilgjengelegheit

“Et museum er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum; som samler inn, bevarer/konserverer, forsker i, formidler og stiller ut materielle og immaterielle vitnesbyrd om mennesker og deres omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.”
ICOMs statutter, artikkel 3, paragraf 1 (ICOM, 2023)

Boksamlinga til Aasen ligg som ei eiga samlingsmappe på Digitalt Museum. Gjenstandane i mappa ligg hulter til bulter utan at ein kan påverke det. Som bibliotekar har eg problem med denne løysinga.

Tenk at du går inn i eit bibliotek og er ute etter eit særskilt tema som til dømes «språk», men bøkene er blanda med andre tema?

Eg ønskjer meg eit hierarkisk system der ein kan lage undermapper i ei mappe. Då kan eg til dømes dele inn bøkene etter tema, språk, forfattar, årstal. Fagkompetansen møter med dette seg sjølv litt i døra når ein ikkje får formidle på ein god måte.

Meld. St. 23 (2020–2021), Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid, 4 Musea i samfunnet fram mot 2050 (Stortinget, 2023):«Med digital informasjonsteknologi kan museumssamlingane som kunnskapskjelder likevel nå ut til langt fleire … Dette vil kunna ha mange positive effektar … gjennom forsking og bidrag frå frivillige, og dels fordi det vil gjera det enklare for utanforståande å bruka museumssamlingar til undervisning og private føremål.»

Kven er Digitalt Museum til for?

Som brukar av Digitalt Museum, både som registrator og som nysgjerrig gjest, spør eg meg ofte om kven nettstaden er til for. Digitalt Museum er så stort at ein har kome langt bort frå målet før ein veit ordet av det. Eg er ingen nettspesialist, men eg tenkjer at mange nettstadar kan sjå til gode nettbutikkar. Ei liste nedst på sida med «dei siste objekta du såg på» eller eit symbol «merk som favoritt» er intuitivt for fleire enn det mappesystemet som finst i dag.

I byrjinga av artikkelen stilte eg spørsmålet «kva verdi har ei bok på Digitalt Museum?». Vi har i alle fall følgt opp kravet frå Kulturdepartementet om å registrere, dokumentere og sikre heile samlinga etter Ivar Aasen. Om ein ser vekk frå det som eg meiner er mangel på system og tilrettelegging, er boksamlinga meir tilgjengeleg no enn den har vore på lenge.

Håpet mitt er likevel at dei tekniske løysingane kan møte fagkompetansen på musea og dei mange ulike brukarane sine på ein betre måte i framtida.

Å bruke Digitalt Museum i dag til forsking, undervising og private føremål er ei krevjande øving i ulogisk orienteringsarbeid.

ALMANAKK FRÅ 1838: Ivar Aasen skreiv dagbok heile livet, han brukte almanakkar som kladdegrunnlag. Foto: Nynorsk kultursentrum

Denne kronikker står på trykk i Museum nr 4 23, der det overordna temaet er «nye forsøk». Fleire av artiklane er digitaliserte, og kan lesast på nettsidene våre. Les også andre kronikker og debattartikler. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Forrige artikkel
Neste artikkel
Annonse
Annonser