Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
ReportasjeFrå flukt til bygda

Frå flukt til bygda

På Randsfjordmuseene blir historiene til unge innvandrarar til utstillinga MEG. Vegen frå forslag til prosjekt til utstilling har vore lærerik for mange.

Mitt viktigaste poeng er overskrifta: Min kropp er i eitt land, sjela mi er i eit anna, seier Gharam Ikhdair.

Kroppen hennar er i Noreg. Sjela er i Syria. Gjennom månadsvis med skriving, omsetjing og redigering har Ikhdair fått historia si ned på papiret. Om heimland, familie og flukt.

Og ein fredag i april, eit klasserom på Hadeland Videregående Skole på Gran, sit ti elevar, ein lærar, ein museumsdirektør, ein utstillingsdesignar og ein prosjektleiar saman på workshop. Dei ti elevane høyrer til introduksjonsklassen på skulen, og kjem frå Syria, Afghanistan, Thailand, Ukraina, Somalia og Eritrea. Dei tre museumsfolka er frå Noreg. Saman skal dei lage den neste utstillinga på Randsfjordmuseene.

– Kan eg ha med eit bilete frå eg var liten, i tillegg til portrettet vi tok no?
Ideen får mange begeistra. Utstillinga det er snakk om, MEG, tek utgangspunkt i sjølvskrivne tekstar, under paraplyen «historia mi», av elevane i introduksjonsklassen.

Skolen tok kontakt

– Bakgrunnen for dette prosjektet var at skolen tok kontakt og fortalte at dei sit på mange historier dei ynskte å dele med eit større publikum. Både fordi dei var viktige for elevane å dele, men og fordi det var historier som er viktige for bygda å høyre, seier prosjektleiar ved museet, Maja Musum.

ERFAREN SKRIBENT: Helai Noorzai fortel at ho har skrive for å takle vanskelege ting sidan ho var lita. Ho skriv både engasjert om viktige samfunnspørsmål og meir personlege dikt. Foto: Maria Pile Svåsand
ERFAREN SKRIBENT: Helai Noorzai fortel at ho har skrive for å takle vanskelege ting sidan ho var lita. Ho skriv både engasjert om viktige samfunnspørsmål og meir personlege dikt. Foto: Maria Pile Svåsand

I klasserommet to månader før utstillinga vert det jobba hardt for å komme litt nærare ein plan for korleis historiene skal formidlast. Dagen før var det fotoshoot, der medielinja på skulen sto for fotogra- feringa. No skal det skal diskuterast korleis historiene best mogleg skal formidlast. Etter at Helai Noorzai har lese på dari frå sin tekst er gruppa ikkje i tvil: Det må lyd til i tillegg til tekst og bilete.

En svak, skjelvende hengepil er ikke den jeg er,
som lett ville skjelve av frykt,
uansett hvilken storm du vil sende min vei.

Og etter at lærar Ole Gulbrand Rudsengen har lese den omsette versjonen av diktet hennar er det få tørre augo i rommet.

Bidrag til debatten

Musum meiner utstillinga kan vere med på å opne augo til folk.

– Siv Jensen sa under FRP sitt landsstyremøte for ei tid sidan at vi ikkje må lukke augo for konsekvensar av innvandringa. Etter å ha lese desse historiene er det freistande å spørje: konsekvensar, for kven? Denne utstillinga viser innvand- ringa sine konsekvensar sett frå ståstaden til born og ungdom som ikkje har teke nokre avgjersler, men der konsekvensane i eit ungt liv er enorme, seier ho.

Ungdomane har fått skrive kva dei vil frå si eiga historie. Og tekstane som skal stillast ut femner frå ei heil livshistorie, til historier om å flykte til Noreg til opplevingar på skule eller i kloster i heimlanda.
– Eg har skrive sorga rett frå hjartet mitt, seier Noorzai.
Ho har skrive sidan ho var lita, dette prosjektet har gitt ho ein stad å vise fram noko av det.

Helai les dikt ho har skrive som ein del av sin tekst, ho er oppteken av kvinnefrigjering i Afghanistan. Teksten skreiv ho fyrst på dari, før ho omsette den til engelsk og så til norsk. Undervegs har ho måtte endre på den, som tenåringsjente frå Afghanistan er det ikkje alle tema ein vågar å skrive om i det offentlege. Men dette skal ho stå for.
– Å kunne vise det på museum er perfekt. Eg kan nå ut til folk, dei kan lese det og kanskje sette seg inn i situasjonen vi opplever på veg til, og i, Noreg.

DESIGNAR UTSTILLING: Kiebron Ghrimay Michael og utstillingsdesigner Anna Prestsæter diskuterer korleis framstillinga av Michael si historie skal sjå ut på Randsfjordmuseene. Foto: Maria Pile Svåsand
DESIGNAR UTSTILLING: Kiebron Ghrimay Michael og utstillingsdesigner Anna Prestsæter diskuterer korleis framstillinga av Michael si historie skal sjå ut på Randsfjordmuseene. Foto: Maria Pile Svåsand

3 mill til inkludering

Prosjektet er eitt av fleire som no får støtte frå Norges museumsforbund, etter at ei gåve på tre millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB skal gå til prosjektet «Inkluderande museum. Kulturkunnskap og -arbeid som katalysator for god inkludering». Prosjektleiar i museumsforbundet, Camilla Ruud, seier at det har vore viktig å støtte prosjekt som er nyskapande og metodeutviklande.

— Vi tenker det er viktig at inkluderings- og involveringstiltak tek utgangspunkt i dei behova og styrkene målgruppa har, og fremjar dialog og kulturutveksling. Prosjektet på Hadeland svarar godt til dei kriteria, og er samstundes godt forankra i samarbeidet med skolen.
Museumsforbundet fekk inn 30 søknader om prosjektstøtte, og litt over halvparten har fått tilslag. Det er alt frå gatekunstprosjekt til omsetjing til språkopplæring til bakekurs som no kan realiserast på museum i heile Noreg.

Felles læring

Musum fortel at det har vore eit spennande samarbeid å utvikle utstillinga.
– Vi har tidlegare jobba mykje med ungdom, men det er vel ikkje ei hemmelegheit at unge innvandrarar er ei gruppe som ikkje er overrepresentert på våre folkemuseum. Det har vi nok til felles med mange andre museum, seier ho.

Og nokre utfordringar har det vore.
– Vi har møtt på heilt nye utfordringar undervegs og måtte hanskast med andre problemstillingar i prosessen med å jobbe fram ei utstilling. Det går på alt frå språk og sannferdige omsetjingar, diskusjonar om redigering og grensa mellom museet som kurator og elevane som forfattarar, elevar som har blitt borte frå klassen undervegs, og at det ikkje er berre berre, å få videregåendeelevar til å godkjenne bilete av seg sjølv, fortel Musum.

For elevane har det heller ikkje berre vore enkelt å setje seg ned for å skrive ut vanskelege opplevingar og minner frå eit land dei ikkje kan reise tilbake til, men som likevel er heime.

Vanskeleg å skrive

For Kiebron Ghrimay Michael, vart oppgåva det var å skrive historia si, ein stor prosess. Han står med 13 tettskrivne sider framføre seg. Det byrjar med den fyrste forelskinga som 6-åring, og tek han til han nyleg fylte 18 år og flytta for seg sjølv på Hadeland.
– Det tok lang tid, eg klarte berre skrive ein time om gangen fordi det gjorde så vondt, fortel han.

Også for han er det viktig å få fortelje historia si til folk. Han kjenner på at folk trur dei kjenner han, utan at dei veit noko om kva han har gått gjennom.
– No skal dei få sjå, no kan eg få fortelje med mine ord, og det skal ut til alle, seier han.

TIGRINJA: Då Kiebron Ghrimay Michael fyrst starta å skrive, var det vanskeleg å slutte. Dei handskrivne sidene fortel heile historia hans, og det har vore ein lang prosess å omsetje frå språket som ikkje fins i dei digitale skriveprogramma. Foto: Maria Pile Svåsand
TIGRINJA: Då Kiebron Ghrimay Michael fyrst starta å skrive, var det vanskeleg å slutte. Dei handskrivne sidene fortel heile historia hans, og det har vore ein lang prosess å omsetje frå språket som ikkje fins i dei digitale skriveprogramma. Foto: Maria Pile Svåsand

Men å omsette 13 sider handskriven tigrinja, har vist seg å vere ei utfordring. Gjennom eit samarbeid med læraren, klassekameratane og ein annan ven frå Eritrea, har omsetjingsprosessen verkeleg blitt ein inkluderingsprosess. Gjennom å forstå nyansane i begge språka, av vanskane med å finne ein felles grunn, og å setje seg ned og omsetje ein tekst på ein måte som klarar å formidle heile meininga ein vil få fram.

– Det handlar om kva perspektiv vi les samfunnet vårt ut ifrå. På denne måten blir MEG, når den vert open for publikum, eit ledd i Randsfjordmuseet sin kamp for nyansane. I eit polarisert debattklima prega av menneske som kategoriar, er nettopp desse forteljingane viktigare å løfte fram for eit breitt publikum enn nokon gong, seier Musum.

Utstillinga opnar 21. juni.

 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser