Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KritikkKjærkome pusterom

Kjærkome pusterom

I travle kvardagar og midt i ei travel utstilling inviterer Norsk Teknisk Museum til eit etterlengta pusterom og opnar for ettertanke – om ein tar seg nok tid.

Annonser

Hugsar du sist gong du høyrde lyden av blyant mot papir? Korleis kjennest det ut å vere utanfor det digitale fellesskapet? Kan digitale medium skape større nærleik? Dette er nokre av spørsmåla som blir stilt i den nye utstillinga ved Norsk Teknisk Museum, «Privatlivets grenser – nye samvær, nye skillelinjer».

Utanfor løypa?

«Privatlivets grenser» inngår i den faste utstillinga «I/O» ved Teknisk Museum som blei omtalt i Museum i desember for eit år sidan. Utstillinga viser informasjons- og kommunikasjonsteknologi gjennom tele- og datahistorie. Ein beveger seg frå telefonen sin barndom til det digitale samfunnet, som museet sjølv forklarer. Den aktuelle installasjonen er plassert i ei eiga sone i utstillinga, sett av til kunstnarar og forskarar der ulike og skiftande arbeid vil bli presentert. Dette skal sikre ein samtidsaktualitet i utstillinga dei komande åra. Frå 28. september 2023 til mars 2024 er det «Privatlivets grenser» som nyttar denne sona.

I utgangspunktet var det noko utfordrande å forstå kva for ein del av utstillinga som var «Privatlivets grenser». Ved inngangen til «I/O» blir ein bedt om å logge seg på utstillingas KI (kunstig intelligens) ved hjelp av ein identifikator, ein skal svare på ulike spørsmål, som igjen fører til at du får foreslått di eiga løype gjennom utstillinga basert på svara du gav. Dette fører til at ikkje alle får ei løype som inkluderer «Privatlivets grenser». Ein kan sjølvsagt velje ei anna løype enn den ein får anbefalt, slik utstillingsmeldaren i den nemnde omtalen gjorde. Likevel er det ikkje sikkert ein møter «Privatlivets grenser» på sin veg.

Foto: Dorthe Volden Skara, Shanna Andreyevna Solheim, Siri Kamilla Stray og Karina Solheim.

Eit eige rom

«Privatlivets grenser» er eit lite og avgrensa område om lag midt i utstillinga. Her har ein spent raud lateks opp langs stålstenger slik at det minner om ei celle, eller eit organ, som kuratorane sjølv skildrar det som. Organet har raude og blå ‘tentaklar’ som bind det saman med resten av utstillinga. Det er ikkje tvil om at installasjonen vekker merksemd i hovudutstillinga – blant kalde glasmontrar skil det raude organet seg ut. Her blir ein ønskt velkomen inn og invitert til å setje seg på nokre slags benkar trekt i ull. Organet ein då kryp inn i, blir opplevd som varmt i kontrast til glas, metall og dei tekniske innretningane som pregar hovudutstillinga.

Avgrensa frå resten av utstillinga sit ein beskytta av dette raude, varme slags organet. Her kan du plukke ei handhalden øyreklokke ned frå veggen og lytte til eit lydspor medan du ser bilde og videosnuttar i ‘taket’ på organet. Den same videoen blir også vist på ein stor teglsteinsvegg bak installasjonen.

Lyden av viktige spørsmål

Lydklippa handlar om forholdet vårt til den digitale kvardagen som omgir oss. Det eine lydklippet drøftar forholdet me har til handskrift vs. teksting, korleis me gjennom handskrifta synleggjer kva humør me er i, om me har hastverk, medan dette ikkje kjem til syne gjennom teksting på mobil.

Tenk over kva det betyr at nokon lagar ei teikning til deg.

Då har dei sett av tid til berre deg, i motsetning til helsingar ein får via sosiale medium, med alle distraksjonane ein veit avsendaren har møtt på vegen. Lydklippet stiller spørsmål ved kva verdiar som går tapt når ein ikkje lenger i så stor grad bruker handskrift. I det neste lydklippet møter me ein mann som har flytta ut i distriktet, men som har behalde jobben sin i ein storby. Her får me høyre korleis livet langt unna jobb, kollegaer og vener likevel kan føre til nærleik ved hjelp av digitale verktøy.

I eit anna lydklipp blir me presentert for korleis reindriftssamar tar i bruk dronar og GPS for å digitalt gjete reinflokken. Tenk over moglegheitene nye digitale teknologiar gir oss. Kor forenkla livet til ein reindriftssame kan bli når ho tar i bruk hjelpemiddel som dronar og GPS for å gjete reinen, men det tar då også bort tid frå dyra og naturen? Er det berre positivt? I det fjerde lydklippet får me høyre om digitalt utanforskap, korleis innvandrarungdom opplever å ikkje vere ein del av fellesskapet på sosiale medium.

Alle desse lydklippa stiller viktige spørsmål som legg opp til refleksjon og diskusjon. Fungerer utstillinga «Privatlivets grenser» som ein reiskap for refleksjon, ettertanke og diskusjon?

Gi av tida di

Som publikum blir du bedt om å nytte eigne erfaringar som digital brukar, men den krev noko meir innsats frå deg. Den krev merksemda og tida di, og me er usikre på om dei som besøker utstillinga, faktisk set seg ned og lyttar til bodskapet. Korleis opplever me nye sosiale skiljelinjer, polarisering, einsemd, og kva betyr kroppsleg nærleik for kommunikasjon?

Det er nokre av dei store spørsmåla utstillinga reiser. Spørsmåla oppfordrar meir til eigenrefleksjon og fungerer kanskje ikkje så godt som ein diskusjonsarena – slik museet oppgir å sikte mot. Utstillinga krev eigeninnsats frå publikum, likevel opplever me at den fungerer som eit reiskap for refleksjon og ettertanke. Etter konfrontasjonane med spørsmåla stilt i utstillinga sit me igjen med ein lengt til tida før dei siste store teknologiske endringane i samfunnet. Ein av forfattarane av denne teksten har rett og slett funne fram gråblyanten igjen.

Me opplever at «Privatlivets grenser» i seg sjølv fungerer fint, men at det er synd at ikkje alle som besøker «I/O», nødvendigvis får oppleve den, grunna dei fastlagde løypene. Gjennom observasjonar me gjer på det tidspunktet me besøker utstillinga, ser me at andre besøkande betraktar teltet utanfrå, kryp inn, lyttar ei lita stund før dei går vidare. Fåtalet av besøkande set av tid til å setje seg ned og faktisk lytte. «Privatlivets grenser» er også vanskeleg tilgjengeleg for dei med funksjonsnedsetjing, ettersom ein nærast må krype inn i teltet. Dette fører til at ikkje alle får moglegheita til å oppleve den.

Dei viktige spørsmåla som blir reist i utstillinga, skulle ein gjerne blitt enda tydelegare konfrontert med. Om du likevel har høve til å setje deg litt til rette og gi av tida di til å oppleve installasjonen slik den er meint, blant anna med den handhaldne øyreklokka, aukar moglegheita for ei kontemplativ privat stund.


• Utstillinga spring ut av eit forskingsprosjekt ved Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking, Norsk Teknisk Museum og Akademi for scenekunst ved Høgskolen i Østfold.
• Forskinga er utført av Marianne E. Lien, Cecilia G. Salinas og Tom Bratrud ved Sosialantropologisk institutt og Tuva Beyer Broch ved Norsk institutt for naturforsking.
• Utstillingsdesign ved Lisa Birkenbach, Irina Komissarova og Solveig Dagsdottir frå Akademi for Scenekunst ved Høyskolen i Østfold.
• Forskingsprosjektet og utstillinga er finansiert av Norges Forskningsråd under programmet SAMKUL.
• Stad: Teknisk museum, Kjelsåsveien 143, Oslo.
• Utstillingsperiode: 28. september 2023 til mars 2024


Samarbeid med UiO

Denne anmeldelsen er et resultat av et samarbeid med Masterprogram i museologi og kulturarvstudier ved Universitetet i Oslo (UiO). Som en del av det første året av masterstudiet skal studentene lære om utstillingskritikk. Og det er vel lite man lærer så mye av som å faktisk gjøre det selv? Dermed ble studentene delt i fem grupper, som anmeldte hver sin utstilling.
Tusen takk til:
* Brita Brenna, ansvarlig for emnet der studentene får studiepoeng for å skrive anmeldelser og professor ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS)
* Torild Gjesvik, ansvarlig for masterprogrammet og førstelektor i kulturhistorie og museologi ved IKOS
* Førsteårsstudentene ved Museologi og kulturarvstudier ved UiO

NÅ OGSÅ ANMELDERE: Her er en del av studentene som har anmeldt for Museum. Bak fra venstre: Madelene Arhaug Wilhelmsen, Shanna Andreyevna Solheim, Siri Kamilla Stray, Alexander Tendeland, Dorthe Volden Skara, Sandra Gaino, Sara Alette Nygaard, Frida Roland og Victoria Wiksen. Foran fra venstre: Brontë Campbell, Elise Vonen, Karina Solheim, Anna Hauge Vindedal og Malene Auestad Daland. Foto: Janne Werner Olsrud

Støtte til kritikk

Tidsskriftet Museum har også i 2023 fått støtte til utstillingskritikk fra Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer én til tre anmeldelser i måneden. Se alle anmeldelser her.


Hold deg oppdatert på et viktig samfunnsfelt – bli fast leser av Museum, også på papir. Kjøp enkeltutgaver her, tegn abonnement her.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser