Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkKorleis ta med oss mangfaldet i samlingsarbeidet?

Korleis ta med oss mangfaldet i samlingsarbeidet?

Haugalandmuseet har store immaterielle samlingar, men har til no ikkje hatt noko godt system for digitalisering, katalogisering, lagring og tilgjengeleggjering av desse. Korleis kan vi best legge til rette for å få mangfaldet inn i registreringssystema våre?

For å bevare museumssamlingar for framtida og gjere dei tilgjengelege, er det viktig å digitalisere dei. For musea i Noreg er det naturleg å registrere samlingane våre i Primus. Dersom samlingane består av gjenstandar eller foto fungerer dette systemet fint. Men kva om samlinga ikkje består av fysiske objekt, men av immateriell kulturarv, stader med historisk relevans, minne og forteljingar som ikkje finst fysisk i ei museumssamling? Skal dette òg i eit katalogsystem? Og kor eigna er dei eksisterande registreringssystema for registrering av mangfald?

Få fysiske spor

I museumsmeldinga (Meld. St. 23 (2020-2021)) – Musea i samfunnet: Tillit, ting og tid) er det eit ønskje om meir mangfald i musea sine samlingar. Prosjektet «Samlingenes mange stemmer», som Haugalandmuseet deltek i saman med 18 andre museum, understrekar dette som eit viktig fokus. Men det er ikkje nødvendigvis tilrettelagt for å digitalisere og tilgjengeleggjere materialet som er samla inn, dersom dette kjem i andre formar enn som gjenstandar eller fotografi.

I mange tilfelle er minoritetar si historie dårleg dokumentert eller har gått tapt, og den finst ofte lite materiell kultur som er tatt vare på. Dette gjeld til dømes kulturarva til romanifolket, som vi i Haugalandmuseet har jobba mykje med. Det å ta vare på ting for ettertida har ikkje vore høgt prioritet i kulturen deira. Dei fleste vart ikkje ofte fotograferte, så dei har svært få historiske foto. Tinga dei laga og eigde vart ofte bytta bort eller seld. Det viktigaste vi har etter dei er då forteljingane deira, og stadene som kan knytast til historiene og reisene deira. Dei fleste av desse stadene har ikkje fysiske spor etter aktiviteten deira.

Kreative løysningar

Haugalandmuseet har i mange år registrert romanifolket/dei båtreisande sine kulturminne. Etter kvart er dette blitt ei samling som inneheld mange hundre stader som dei båtreisande kom innom langs Vestlands- og Sørlandskysten. For å sikre at denne samlinga vert best mogleg bevart og gjort tilgjengeleg for andre, gjekk vi inn for å registrere desse stadene. I mangel på betre alternativ nytta vi Primus.

For å få dette til å fungere, måtte vi bruke litt kreative løysningar og ignorere kva systemet eigentleg er laga for.

For det første vart stadene lagt inn som «Fotografi». Denne klassifiseringa eigna seg best av dei tilgjengelege alternativa med tanke på kva informasjon som vert etterspurt, då denne er mindre fokusert på materielle eigenskapar enn alternativa.

Klassifiseringa kan òg rettferdiggjerast med at det er teke dokumentasjonsfoto av mange av stadene, og at det då er desse som vert registrert, med tilhøyrande informasjon om stadene. Dette stemmer derimot ikkje like godt for registreringar som ikkje er fotograferte. Desse er òg lagt inn som fotografi, men utan at det faktisk finst bilete som høyrer til registreringa. Dette vart likevel gjort slik i mangel på andre alternativ, og for at registreringane skulle vere mest mogleg konsekvente.

BLIR LITT FEIL: Staden Spissøyhavn måtte registrerast som fotografi. Det gjer at heile registreringa blir litt feil. Foto: Hauglandmuseet

Vi forvaltar meir enn det fysiske

For å vise korleis Primus vart brukt for å registrere desse kulturminna, kan vi sjå på eit døme; Spissøyhamn på Spissøy i Bømlo, ein samlingsplass for båtreisande i Sunnhordland. For «Motivbeskrivelse» var det meir relevant å fortelje at Spissøyhamn var ein samlingsplass for båtreisande enn kva bileta viser. Kartfestingsfunksjonen fungerer greitt, men fekk her ei meir sentral rolle enn tiltenkt i systemet, då posisjonen er noko av det viktigaste i registreringa, heller enn tilleggsinformasjon. Sjølve fotografia, som normalt ville vore hovudfokus, er her ikkje skildra anna enn som dokumentasjonsfoto med fotograf og dato.

Bileta er lagt inn er her for å kunne fortelje historia bak, i staden for at historia er eit supplement til bileta.

Totalt sett gjekk det greitt å registrere Spissøyhamn og liknande stader i Primus. Det var logiske kategoriar for det meste av informasjonen. Likevel gjer grunnprinsippet med å leggje det inn som fotografi at heile registreringa blir litt feil.

Systemet eignar det seg enda dårlegare for registrering av dei kulturminna som ikkje er fotograferte. Det er mogleg å leggje inn «romani» og andre relevante emneord, slik at det er lettare å finne fram til informasjonen, men det finst gjerne måtar Primus kunne vore betre tilrettelagt for registreringar knytt til minoritetar, der unike trekk og særskilde utfordringar knytt til denne kulturarva vert vektlagt. KulturPunkt er nytta i nokre tilfelle, men dette er ein publikumsretta plattform, og eignar seg difor ikkje til digitalisering av heile museumssamlingar. Det hadde vore ein fordel å kunne registrere kulturminne, tradisjonar og historier, enten dei er knytt til ein stad eller eit objekt eller ikkje, i Primus saman med resten av samlingane. Museet forvaltar meir enn det fysiske.

Ingen eigna databasar

Haugalandmuseet har dette året òg jobba med å få eit prioritert utval av romanifolket sine kulturminne inn i databasen Askeladden, som inneheld kart over verna og verneverdige kulturminne, og vert nytta i planarbeid i kommunane og fylkeskommunane. Slik ville vi styrke posisjonen til desse kulturminna og leggje til rette for framtidig vern av stadene. Dette er ikkje primært ein museumsdatabase, men eit system som er laga for registrering av kulturminne i landskapet . Eg møtte utfordringar her òg:

Kategoriane er primært tilrettelagte for fysiske spor i landskapet, eller stader der det tidlegare var noko konkret.

Stadene romanifolket kom til er oftast utan fysiske spor, og kulturminna er ikkje noko konkret, men heller den immaterielle historia til staden. Det er heller ikkje kategoriar som gjer det mogleg å klassifisere stadene spesifikt som kulturminne knytt til romanifolket eller ein nasjonal minoritet. Det måtte difor nyttast kategoriar som tilnærma seier noko om dette, men ofte ikkje er heilt treffande.

KATEGORIANE MANGLAR: Det finnest ikkje kategoriar som gjer det mogleg å klassifisere stadene spesifikt som kulturminne knytt til ein minoritet. Bildet er av Øklandsvågen på Bømlo, der båtreisande i Sunnhordland ofte samla seg. Foto: Hauglandmuseet

Vanskeleg kategorisering

For å illustrere utfordringane her kan vi sjå på Øklandsvågen på Bømlo, ein annan samlingsplass for båtreisande i Sunnhordland. Staden er lagt inn under hovudkategorien «Arkeologisk minne», som i dette tilfellet viser til ei registrering som ikkje består av bygningar eller andre fysiske spor, heller enn til alderen. Alternativet «Bebyggelse-Infrastruktur» kunne òg ha vore aktuelt å bruke, då det er uklart kvar grensa går. Vågen har bygningar og kaianlegg, men det er ikkje klart i kva grad desse vart nytta av båtreisande. Staden er oppgitt som «Ankringsplass», men dette viser til staden heller enn kulturminnet.

Sjølve kulturminnet er så kategorisert som «Utomhuselement» fordi dette er den mest opne skildringa, og dei andre alternativa passar dårleg. Dette opnar for ei liste med nokså ueigna underkategoriar, der ein må velje minst ein. «Liggesletter og møteplasser» er brukt både her og mange andre stader, men elles er det få tilgjengelege kategoriar som passar til formålet. Det kjem opp fleire relevante alternativ knytt til hamner, kaiar og ankringsplassar om ein vel «Kulturminne under vann». Dette er brukt i ein del tilfelle, men det er uklart om dette er rett når fokuset eigentleg er på stadene dei båtreisande kom i land.

Datering av stadene er utfordrande fordi det er datering av bruk som er relevant, heller enn av staden sjølv, i dei fleste tilfelle. Ofte er bruksperiode ukjent, og basert på gjetting/sannsynleg periode. Her er det òg ei utfordring at dateringa eg har lagt inn berre gjeld romanifolket sin bruk av staden, sjølv om stadene òg ofte har andre bruksområde.

Det er vanskeleg å formidle at staden er knytt til ein minoritet. «Romanifolkets kulturminne» er lagt inn i tittelen på kvar registrering, men elles er det ingen måte å merke at stadene er knytt til romanifolket/ein minoritet. «Hendelse, tro, tradisjon» er oftast nytta for å skildre funksjon. Dette verka mest relevant av alternativa, då stadene har med romanifolket sine historier, tradisjonar og levesett å gjere, og er lagt inn på grunn av sin kulturelle relevans. Eit anna alternativ var «Handel», men dette viser berre til ein del aktiviteten deira.

For sosial miljøsamanheng er for det meste «Håndverker, småindustridrivende» nytta, sidan rolla deira som handverkarar var ein viktig del av den reisande identiteten og relevant for kva stader dei reiste til. Her hadde det passa godt å ha kategoriar for romanifolket/minoritetar. Eg la inn kommentarar som forklarte meir om romanifolket sin bruk, men desse er vanskelege å finne fram til for andre som ser på registreringane. Som Primus eignar òg Askeladden seg til formålet på nokre område, men det er element som gjer det vanskeleg å formidle informasjon både om minoritetar og immateriell kulturarv knytt til stadene.

Gje tilbakemelding!

Altså: Sjølv om det er mogleg å digitalisere og tilgjengeleggjere immateriell kulturarv og minoritetar sine kulturminne i dei databasane som finst i dag, er det mykje som ikkje passar heilt, er uklart, eller på andre måtar kompliserer arbeidet.
Det er viktig å leggje til rette for mangfald i musea sine samlingar og dei digitale systema dei vert registrert i.

Dagens system er på mange måtar dårleg eigna. Det er viktig at immateriell kulturarv kan bevarast på gode måtar, og at dette vert verdsett og prioritert. Både Primus og Askeladden har potensiale til å vere gode system for å registrere både mangfaldig og immateriell kulturarv, men slik dei fungerer i dag, er ingen av dei ideelle for denne typen registreringar. Eg oppfordrar alle til å tenke gjennom korleis systema dei nyttar i museums- og kulturminnesamanheng kan leggjast betre til rette for fleire typar registreringar, og gje tilbakemelding til dei som kan gjere noko med det.


Les også:

Om det vanskelege arbeidet med å digitalisera boksamlinga etter Ivar Aasen

Andre kronikker og debattinnlegg

Hold deg oppdatert på et viktig samfunnsfelt – bli fast leser av Museum, også på papir. Kjøp enkeltutgaver her, tegn abonnement her.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Forrige artikkel
Neste artikkel
Annonse
Annonser