Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
AktueltKulturarv på tvers gjennom EØS

Kulturarv på tvers gjennom EØS

Gdansk. Ein polsk kulturby, med historisk tette band til Noreg. Hansatida har satt sine spor, på bygningar og i kulturen i den polske byen som ligg heilt inntil Østersjøen. Her har kulturutveksling vore del av kvardagen i hundrevis av år.

Øyvind Aase Fluge er seniorrådgjevar hjå Riksantivaren. Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren

Sjølv om byen vart hardt råka av andre verdskrigen, så er historia om eit av Europas største handelssenter tydeleg. Den kan sest både i eldre og nyare arkitektur og i rekonstruksjonar.

Det er difor kanskje ikkje så rart at valet fall på Gdansk som arrangør for den avsluttande konferansen for den seinaste perioden for det norsk-polske samarbeidet om kultur og kulturarv, som er finansiert gjennom EØS-midlane. Ei avslutning i ein by som er rik på historie, og som har lange tradisjonar med internasjonale relasjonar.

Krana i Gdansk. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Inspirerande

– I Polen møter dei norske deltakarane andre som driv med det same som ein sjølv, seier Vegard Berggård. Han er seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren og arbeider med EØS-samarbeidet. Det går blant anna ut på å setje norske og polske prosjektpartnarar i kontakt med kvarande.

– Sjølv om mykje er ulikt i dei to landa har vi i det store og det heile dei same utfordringane, og felles interesse og lidenskap for kulturarven bind folk saman.

– Det er verdifullt for norske prosjektpartnarar å sjå korleis ein møter utfordringar knytt til kulturarv i ein kontekst som ligg utanfor Noreg, seier Berggård.

EØS-midlane er Noreg, Island og Liechtensteins bidrag til å redusere sosiale og økonomiske ulikheiter i Europa. Dei skal også styrke kontakten og samarbeidet mellom Norge og dei 15 landa i sentral- og Sør-Europa som tek imot midlar. Dei brukast til å finansiere prosjekt innanfor blant anna miljø, klima, helse, forsking og kulturarv. Riksantikvaren er, saman med Kulturdirektoratet, partnar for EØS-midlane og har eit spesielt ansvar for å informere norsk kulturarvsektor om moglegheitene som finst i EØS-midlane og rettleie norske aktørar som deltek i kulturarvprosjekt.

Blant tinga EØS-midlane har bidratt til, trekk Berggård fram restaureringa av den store krana i Gdansk. Den er eit kjent landemerke, både for turistar og folk som bur i Gdansk. Eit ynda fotomotiv, tilsvarande Bryggen i Bergen. Her er norske prosjektpartnarar Lindesnes Fyrmuseum og Museum Vest. I tillegg til at fasaden blir restaurert, lagar ein også nye utstillingar i bygget og jobbar med formidling.

Kontinuerleg restaureringsarbeid

I skrivande stund står Polen framfor eit parlamentsval, som naturleg nok engasjerer dei aller fleste innbyggarane. Samstundes går forhandlingane om ny fordeling av EØS-midlar, mellom donorlanda Noreg, Island og Liechtenstein, og EU. Det er krig i Ukraina, og dei fleste land i Europa kjenner på ringverknadane av nedgangstider i økonomien.

Under avslutningskonferansen for denne prosjektperioden snakka den polske statssekretæren i kulturdepartementet om kor mykje EØS-midlane har tydd for den polske kulturarven. Tydelegast blir dette først når konferansedeltakarane blir tekne med til slottet Malbork, ein dryg time sør-øst for Gdansk. Malbork slott er verdas største middelalderslott målt i landareal, og blei bygd av Den tyske orden i 1280-åra. Ordenens stormeister hadde sete i slottet frå 1309 til 1457, og Marienburg, som byen då vart kalla, var hovudstad i ordenens rike.

Slottet har også ei lang historie som kulturminne, ettersom det vart freda av Prøyssiske myndigheiter i 1804. Det har vore omtrent kontinuerleg restaureringsarbeid sidan den gongen, men mykje blei øydelagt i kampar under andre verdskrigen.

Agnieszka Kowalska, underdirektør for forsking og konservering ved Malbork slottsmuseum, tek deltakarene med rundt på det store slottet. Ho fortel at dei har arbeida med to store prosjekt som har fått tilskot frå EØS-midlane. Mellom anna har dei konservert refektoriumet i palasset og konservert og restaurert Mariakyrkja i slottet.

I dei storslagne romma ser ein spor både etter den rike preussisk-tyske kulturen i området. Men, kulehôl etter andre verdskrigen sit også att i veggane. Restaureringsarbeida syner øydeleggingane som krigen førte med seg med tydelege skiljer mellom ny og gammal konstruksjon, spesielt i dekoren, der øydelagde, originale statuer er hengt opp igjen på plassen sin, symmetrisk oppstilt i samspel med dei komplette statuane.

RESTAURERT MED EØS: Agnieszka Kowalska, underdirektør for forsking og konservering ved Malbork slottsmuseum, syner fra,refektoriumet som er restaurert gjennom EØS-midlande. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Stor effekt

Malborg slott har no to prosjektpartnarar frå Noreg; Bodø kommune og Nordland museum i Bodø.

– Vi har blant anna utveksla erfaringar om det å arbeide med kulturarv i eit klima i endring, og har hatt stor nytte av å lære frå kvarandre, seier Kowalska.

EØS-midla har finansiert restaurering av Malbork slott gjennom tre prosjekt sidan 2006. I dei to første prosjekta vart Mariakyrkja og andre deler av sjølve slottet restaurert. No restaurerast bygningar i den ytre borggarden. Arbeidet skal vere fullført i april 2024.

Dei tre prosjektpartnerne har organisert ein fagkonferanse om klima og utviklar eit studieopplegg for studentar og eit formidlingsprogram for besøkjande.

Dei seinaste åra har Polen motteke 60 millionar kroner gjennom EØS-midlane, som ligg til Riksantikvaren sitt felt. Det er gjennomført over 18 prosjekt der norske partnarar er involvert. No går dei fleste prosjekta mot slutten. Både for Noreg og Polen er kulturarven ein verdifull resurs. I Gdansk utgjer museum, hansabygg og kanalar små bitar av historia som skapar identitet og tilhøyre for dei som bur her.

Kulturarven er viktig for lokal og regional utvikling, men kulturarvprosjekt, som for eksempel istandsetting av kulturminne, kan også skape arbeidsplassar og bidra til auka turisme og gode vilkår for næringslivet. Den skaper også sosiale møteplassar. Effekten er spesielt stor på landsbygda, som ofte er prega av fråflytting og arbeidsledigheit. Eit fellestrekk som gjeld for dei fleste land i Europa. Fleire av landa som mottek EØS-midlar har også store minoritetsgrupper med ein verdifull og stolt kulturarv, som det er viktig å ta vare på.

Les meir om museene i Gdansk og Polen i artikkelen Frykter for demokratiet.

Stemningsfullt i Malbork slott. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Hold deg oppdatert på et viktig samfunnsfelt – bli fast leser av Museum, også på papir. Kjøp enkeltutgaver her, tegn abonnement her.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser