Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KritikkKunst på sokkelesten

Kunst på sokkelesten

Eit galleribesøk i den øvre polarsirkelen: Midt i sentrum av Longyearbyen er galleri Nordover etablert, omkransa av høge fjell med rassikringar og spor etter den omfattande gruveverksemda som har prega det vesle samfunnet gjennom meir enn hundre år.

Annonser

Frå kol til kunst

Dette er ei stor omstilling. Tidlegare heldt galleriet til i gamle, trekkfulle lokale i Nybyen, ein busetnad nokre kilometer sør for Longyearbyen. Det nye galleriet er bygd i forlenging av Coop’en. Dette høyrest kanskje underleg ut, men matbutikken har den mest elegante fasaden eg har sett på eit slikt bygg, stilsikkert utforma i tre og glas. Nybygget imøtekjem alle museale krav til takhøgd, lyssetjing og klima, så vel som eit profesjonelt magasin.

Det er freistande å sjå på dette flunkande nye og påkosta kunstgalleriet i ein større kontekst.

Kva er målet? Satsar Svalbardsamfunnet på noko nytt – meir på kunst og kultur for å vise det norske tilstadeveret?

Svalbard er i dag eit heilt anna samfunn enn i gruvetida, som snart er forbi, det tradisjonelle samfunnet er i seg sjølv i ferd med å hamne på museum. Turismen veks fram som ny hovudnæring, saman med utdanning og forsking. Samstundes har Svalbard ein heilt spesiell posisjon. Det er ikkje berreberre å bu ein stad, og samstundes vere eit politisk verkemiddel. I dag er det mange auge på Svalbard utanfrå.

Verdas nordlegaste galleri

Med det same vi kjem inn døra til galleri Nordover, møter vi eit særmerkt fenomen; lange rader med hyller der du set frå deg skorne. Frå gamalt av var det tradisjon for å ta av seg på føtene, så ein ikkje drog med seg det svarte kolstøvet over alt.

Derfrå går turen på sokkelesten, opp trappa, og inn i den hyggelege kaféen med ein museumsbutikk som sel kunst og kunsthandverk frå heile polarområdet. Til venstre for kaffemaskinen finn vi døra inn til ein flunkande ny kinosal med plass til 32 personar. Kinoen skal både brukast av galleriet og ungdomsklubben.

Landet på den andre sida

Sjølve galleriet er delt i to avdelingar. Den eine for skiftande utstillingar, og den andre for ei permanent utstilling av Tvetersamlinga. Opprinneleg vart dette galleriet oppretta på 1990-talet på basis av ei kunstgåve frå den norske kunstnaren Kåre Tveter (1922-2012). Han gav ei større samling av eigne arbeid til Longyearbyen.

Tveter er kjend for Svalbard-bileta sine. Han kom for hit første gang på åttitalet, og vart straks fanga av det mektige, audslege landskapet med høge fjell og djupe dalar, bada i eit særeige lys. Han kom jamleg attende til Svalbard, som han kalla Landet på den andre sida. Tveter reiste rundt og saug inn naturopplevingar. Han laga aldri skisser på staden, men tok med seg minna, og for heim til atelieret for å måle etter inntrykka som hadde nedteikna seg i hukommelsen.

Kåre Tveter, «Månenatt over breene», 1992. Olje på lerret. Foto: Eva Furseth

Galleriet leverer ein solid presentasjon av Kåre Tveter, sjølv om ein kan stille spørsmål om ikkje fotoet som møter oss først i utstillinga er eit vel stort frieri til publikum. Her ser vi eit digert foto av kunstnaren som ligg på isen, omkransa av natur. Korkje fotoet eller dei noko svulstige sitata til kunstnaren som er monterte på veggane tilfører verka noko særleg.

Måleria er abstraherte – på nært hald ser vi lette, raske og kalligrafiske teikn på einsfarga, store plater i duse fargar, men går vi litt unna – vert vi fanga av ei naturstemning. Med nokre raske strøk har han skildra høge, mektige fjell. Her ser vi landskapet om kvelden, der fjella avteiknar seg som silhuettar mot himmelen, i gyllen sol, fuktige dagar, snøstorm og klårvêr. Han likar best å skildre naturen kledd i vinterdrakt.

Eg har sett mange mektige verk av kunstnaren tidlegare, men det var noko heilt spesielt å sjå verka i Nordover.

Det gir ein ekstra dimensjon til måleria å sjå dei omgitt av den naturen som kunstnaren har lagt vinn på å formidle.

Utstillinga har hovudvekt på måleria, og ei eiga avdeling med akvarellar og litografi, der belysninga er fint avdempa for å verne det sårbare papiret. Her er også ei bronsebyste av kunstnaren frå 2010. Bildehoggaren Kirsten Kokkin har på treffsikkert vis modellert fram den karakteristiske utsjånaden til Kåre Tveter på sine eldre dagar.

KUNSTNAREN SJØL: I inngangspartiet av utstillinga vert vi møtt av to store foto av kunstnaren. Foto: Eva Furseth

Ei utsikt til å dø for

Tvetersamlinga er stilt ut i rom utan vindauge, for å skjerme verka for skadeleg stråling. Avdelinga for skiftande kunst har ein vegg med panoramavindauge med ei fabelaktig utsikt. Det er eit godt og fleksibelt lokale som kan delast opp med lettvegger, såleis at veggplassen aukar, og ein får fleire mindre rom.

Utstillinga som fekk æra å vere først ute i denne attraktive visingsstaden, er utstillinga Dilemma. Ho markerer starten på eit omfattande samarbeid med Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø. Det er inngått avtale om at museet skal produsere fleire utstillingar og arrangement i året.

«Dilemma» syner eit utval av dei mange verka som Nordnorsk Kunstmuseum kjøpte for ekstraløyvingar frå Kulturdepartementet under pandemien. Kuratoren har velt ut tolv store verk av tolv kunstnarar til utstillinga. Dette er særs gode verk. Dei spenner frå skulptur, installasjon og fotografi til teikning og måleri.

Frå utstillinga «Dilemma». Foto: Tom Warner

Det er einast teikningane til Olav Christopher Jenssen som har direkte tilknyting til staden. I 2016 inviterte Nordnorsk Kunstmuseum Jenssen til eit opphald i Longyearbyen. Her er nokre av resultata; lette, raske skisser som minner om kor sårbar den sparsame vegetasjonen på Svalbard er.

Olav Christopher Jenssen er representert med Journaltegninger Longyearbyen/Svalbard 28. mars – 17. april (2016). Foto: Tom Warner

Verka er stilt saman på ein god måte. Særleg elegant er plasseringa av den vesle skulpturen til Åsne Kummeneje Mellem. «Tjuetre forsøk, kombinert» er berre ei handflate høg. Den nette figuren er bunden av teger eller røter, med hjelp av teknikkar som har vore nytta gjennom fleire generasjonar til å forme lette og solide korger og andre bruksgjenstandar med. Verket er plassert ved vindauget, og det er spennande å sjå verket i samspel med det særmerkte landskapet utanfor.

Gjennom kunsten sin ønskjer Åsne Kummeneje Mellem å blåse liv i gløymde teknikkar innan tradisjonelt kvensk handverk, käsityö (uttalast kæsiˈtuø), som tegebinding. I dette verket snor smidige og slanke røter seg saman til ein gordisk knute. Det krevst sterke, nette fingrar til å tvinna så tett og smått som her. Nedst i skulpturen har kunstnaren tvinne treverket saman i ein spiral, ei form som er karakteristisk for eldre bruksgjenstandar av teger. Her er eldre teknikk nytta på ein ny måte. Resultatet er en ein abstrakt skulptur, så lett og luftig. Dei dansande rørslene gjer forma spennande å granske frå alle vinklar.

Åsne Kummeneje Mellem, «Tjuetre forsøk, kombinert», 2019-20. Foto: Tom Warner

Medan Åsne Kummeneje Mellem har fordjupa seg i kvenske handverksskikkar, arbeider samiske Gunvor Guttorm frå Karasjok med dujodi. «Egenskaper og identiteter II» (2011) fyller ein heil vegg med hyller og glasflasker. Ho har nytta strikka omslag til kvar av dei seksten flaskene, alle i kvar sin friske, klåre farge. Forskjellige strikketeknikkar gir ulike mønster, rytmar og tekstur.

Flaskene er krona med korkar som er utskorne av ulike tresortar, alle sirleg dekorerte med mønster og ulik overflatebehandling. Berre korkane i seg sjølv, er verd eit nærstudium. Dette er eit verk ein retteleg kan fordjupe seg i, og stadig oppdage nye detaljar. Gunvor Guttorm er dujodi-utøvar, eit omgrep for tradisjonelt samisk handverk og kunsthandverk. Her kombinerer ho på ein elegant måte det ein innan dujodi kallar hardsløyd i dei utskorne korkane, og mjuksløyd i dei strikka omslaga.

Gunvor Guttorm, «Egenskaper og identiteter II», 2011, detalj. Installasjon. Foto: Tom Warner

Bilde 14: Jet Pascua er frå Manila i Filippinene, og bur i Noreg. Med røffe rørsler har han hakka ut eit digert portrett av Andres Bonifacio, den framste leiaren av den filippinske revolusjonen mot det spanske kolonistyret. Ein kamp Bonifacio måtte bøte med livet for, berre 33 år gamal.

Verket som skil seg mest ut i utstillinga er signert Marianne Bjørnmyr, og består av to fotografi av ein globus. Inspirasjonen til verket frå eit russisk eksperiment på 1990-talet. Eit romskip vart sendt til romstasjonen Mir med eit metallisk segl som skulle fange lys frå sola, og reflektere det ned på jorda. Dei lukkast med å lyse opp eit felt med ein diameter på 5 kilometer, som bevega seg frå det sørlege Frankrike til Russland med ei fart på 8 kilometer i timen. Forsøka vart avslutta utan noko vidare resultat. Russarane vart likevel pionerar for noko som i dag vert forska på verda over. Draumen om å kontrollere dagslyset for produksjon av solenergi er meir etterspurt enn nokon gong.

Litt konstruerte merkelappar

Karakteristisk for utstillingar som er kuraterte ut frå ei kunstsamling, er at det overbyggande temaet som kuratorane konstruerer for å skape samanheng, gjerne vert litt haltande. Særleg når ein har eit avgrensa utval å velgje imellom. Ut frå nettsida til Nordover kan vi lese at intensjonen for «Dilemma» er: Kunstnerne representert i utstillingen, samiske, kvenske og norske, problematiserer på ulike måter hvilke utfordringer menneskene står overfor i vår tid, særlig når det kommer til klima- og miljøspørsmål.

SKIL SEG UT: Verket som skil seg mest ut i utstillinga er signert Marianne Bjørnmyr, og består av to fotografi av ein globus. Inspirasjonen til verket frå eit russisk eksperiment på 1990-talet. Eit romskip vart sendt til romstasjonen Mir med eit metallisk segl som skulle fange lys frå sola, og reflektere det ned på jorda. Dei lukkast med å lyse opp eit felt med ein diameter på 5 kilometer, som bevega seg frå det sørlege Frankrike til Russland med ei fart på 8 kilometer i timen. Forsøka vart avslutta utan noko vidare resultat. Russarane vart likevel pionerar for noko som i dag vert forska på verda over. Draumen om å kontrollere dagslyset for produksjon av solenergi er meir etterspurt enn nokon gong. Foto: Eva Furseth

Slike merkelappar kan verke konstruerte. Desse tolv kunstverka er forskjellige, dei er rikhaldige på meining, og fortener å få leve meir sine eigne liv i utstillinga. Kan hende det hadde vore tilstrekkeleg med eit oppslag om at verka er henta frå dei nyinnkjøpte verka til samlinga til Nordnorsk Kunstmuseum.

UTAN SKYLD: Marit Ellisiv Landsend viser installasjonen «De uskyldige» (2018), vinterkledde ryper av steingods. Søte og morosame, samstundes som dei minner om kor sårbare dei er i eit klima som stadig vert varmare, sidan det er mørketida som får dei til å skifte drakt, ikkje temperaturen. Foto: Eva Furseth

Under koronaepidemien fekk museet til liks med andre kunstinstitusjonar ekstra pengar frå Kulturdepartementet øyremerka for stimulering av kunstnarleg aktivitet. Fire av millionane vart brukt til å kjøpe inn kunst av 31 kunstnarar, det største innkjøpet museet nokon sinne har hatt av nordnorsk og samisk kunst, og såleis reflektere mangfald og komplettere samlinga. Trass i at desse nyinnkjøpa har vore vist i utstillinga Stimuli 5 vinteren 2021-22 ved Nordnorsk kunstmuseum, hadde det ikkje vore nokon dårleg ide å sjå verka i lys av at dei er nye innkjøp, også i utstillinga ved Nordover.

Blomstrande kulturliv

Nordover skal sørge for å tilby lokalsamfunnet og besøkande eit dynamisk miljø med utstilling, jamlege kunstopplevingar og arrangement.

Såleis glir galleriet fint inn i det uvanleg myldrande kulturlivet her.

Kvar haust vert Dark Season Blues arrangert, kjend som verdas nordlegaste bluesfestival. Medan eg besøkte Svalbard, førebudde store og små seg til den årlege Solfestveka, frå 3. mars av er det ei veke med arrangement for å feire at sola er attende.

Her er også eit utoverretta bibliotek. Andre kunstgalleri, ikkje minst er kunst- og forfattarhuset Artica interessant å sjå nærare på. Stiftinga Artica Svalbard vart grunnlagt i 2016, og har etablert eit gjestekunstnarprogram der norske og internasjonale kunstnarar kan arbeide 3-9 månader. Her er både kontorlokale og ein stor verkstad med mellom anna utstyr for arbeid med ulike grafiske teknikkar. Mellom 10 og 13 kunstnarar besøker Artica årleg. Alle kulturaktivitetane i Longyearbyen har trådar inn i kvarandre. Planen er at gjestekunstnarane etter kvart skal stille ut ved Nordover.

På same vis er den populære ungdomsklubben lagt vegg i vegg med galleri Nordover. Dette er eit unikt konsept som sikrar at ungdommane kan få eit nært forhold til det som skjer i galleriet.

Ungdommane først!

Det var også ungdommane som slapp først inn, då galleriet opna i november. På opningsdagen var det kunstprat med kuratoren og formidlingsansvarleg frå Nordnorsk Kunstmuseum, før ungdommen samla seg i ungdomsklubben for workshopen «Et kunstsenter for ungdom». Formidlingsansvarleg frå Nordnorsk Kunstmuseum legg stort vinn på å gjere seg kjend med ungdommane og kva forventningar dei har til kunst, og kva kan dette kan brukast til.

I arbeidet med utforminga av programmet ved Nordover er ungdommane tett på. Ungdomskoordinator på Svalbard, Katrine Boel Gregussen, fortel at det er tett program for ungdommen på Svalbard – det skjer noko heile tida. Ungdommane er over gjennomsnittet aktive på mange hald, det er ein stor kulturskule og mange musikkarrangement, i tillegg til fysiske aktivitetar. Alle arrangement for unge må såleis plottast inn i kalenderen med omhug, så det ikkje krasjar med noko anna.

Longyearbyen er eit annleis samfunn, det er godt samhald, og det er lett å bli kjent med folk. Mange bur her med barn, til ei kvar tid bur om lag 400 barn og unge mellom 0-20 år her. Det er stor mobilitet, nokre er her nokre månader, andre i mellom tre til fem år.

Eit lovande galleri

Svalbard er ein eventyrleg destinasjon i seg sjølv.

Og det var overraskande interessant å sjå kunst i dette unike miljøet.

Vi er så langt nord som ein kan kome, og det er vel verd å følgje med på om dei får til å aktualisere tema som er relevant for staden, for polarområda, gjennom kunstformidling, og såleis vere med på utviklinga av ny identitet for Svalbard.

Utsikta frå galleri Nordover. Foto: Eva Furseth

Modellen

Det er Longyearbyen lokalstyre som eig galleri Nordover. Den demokratiske institusjonen er svært ung. Det var først i 2002 innbyggarane i Longyearbyen fekk velje kven eit lokalstyre, ei utvikling vekk frå den tidlegare «company town-modellen». Sjølv om Longyearbyen ikkje er ei kommune, er styringsmodellen og valordninga lik den som gjeld for norske kommunar. Modellen er likevel spesielt tilpassa for Svalbard.


Støtte til utstillingskritikk

Tidsskriftet Museum har også i 2023 fått støtte til utstillingskritikk fra Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer én til tre anmeldelser i måneden. Se alle anmeldelser her.

Våre anmeldere kommer fra kunst-, museumsfeltet og/eller media.

Eva Furseth er formidlingsansvarlig og konservator NMF ved Justismuseet og fast kunstmeldar i Dag og Tid. Furseth har skrive fleire bøker og artiklar om norsk og færøysk kunst. Tidlegare har ho vore kunstmeldar i Bergens Tidende, og vore tilsett ved Museet for samtidskunst og Trondheim Kunstmuseum. Ho er oppteken av å synleggjere det rike mangfaldet i utstillingsverksemda i det langstrakte landet vårt. 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser