I tillegg sit dei på om lag 200 filmar. Filmane er frå mellomkrigstida og framover, på diverse media men mest 16 millimeter. Somme er produsert av museet, andre er frå private arkiv som museet har overtatt.
SPOLEBAND OG KASSETTAR
Lydopptaka er gjort av tilsette ved museet, som har brukt opptakar i sine samtaler med informantar innan museet sitt fagområdet, nemlig skogbruk, jakt og fiske. Opptaka er frå 1960-talet og framover. Ca. ein tredel av desse er på spoleband, resten på kassettar.
Bjørn Bækkelund, som har vore tilsett ved Norsk Skogmuseum sidan 1997, er ein av dei som har gjort mange av lydopptaka.
– Eg bruka lydopptakaren i staden for notatblokk då eg samla informasjon frå kjeldene mine. Det meste er for svært spesielt interesserte, og kan handle om konkrete arbeidssituasjonar og dei sosiale kontekstane rundt dette, forklarer han.
Nasjonalbiblioteket sendte i haust ut eit spørjeskjema til ca. 220 verksemder som kunne tenkjast å sitje på slikt materiale. Bækkelund ved Skogmuseet er ein av dei som sit med skjemaet når Museumsnytt ringer. Han er glad for at materialet nå ser ut til å kunne bli digitalisert og dermed tilgjengeleggjort for moderne avspelingsmedia. Samstundes saknar han informasjon om premissene til Nasjonalbiblioteket.
SENSITIVT MATERIALE
– Opptaka mine er arbeidslivsorienterte, og handlar om korleis skogbruk, jakt og fiske har foregått. Når eg skrudde på opptakaren pleide eg å seie «dette er mi notatblokk, den blir mellom deg og museet». Slik fekk eg informantane til å snakke fritt. Det er ikkje mykje sensitivt materiale der, men det er nok til at eg treng å ha klart for meg premissene for råderett og gjenbruk før eg kan slå meg til ro, seier han.
– Kva slags sensitive sakar kan det vere snakk om?
– Det kan vere så enkelt som at ein av og til omtalar andre litt sleivete, på måtar ein ikkje ville gjort om ein trudde materialet skulle publiserast. På 1960-talet var ikkje internett ei aktuell problemstilling. Samtidig er det ikkje lenger sidan enn at mange av informantane fortsatt er i live, og ikkje minst dei direkte etterkommarane deira. Difor praktiserer vi ved museet eigne diskresjonsavtaler med til dømes forskarar eller andre som vil lytte gjennom dette materialet, forklarer Bækkelund.
Sjå også artikkelen Sårbart audiovisuelt materiale kan bli redda
Sjå også artikkelen Storskaladigitalisering
Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 4/2018). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr 300 pr år)