Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
ReportasjeMission: (Im)possible

Mission: (Im)possible

Når Tom Cruise skal slåst på togtak i Romsdalen, tek Jernbanemuseet oppdraget. Då må til og med Kongen vente på tur. 

Annonser

Det er nok ein del som har fått med seg at deler av Mission: Impossible 7 blei spelt inn på vestlandet i løpet av hausten. Med fleire hundre personar i filmcrew og actinonscenar med Trollveggen som bakteppe, vart det nokre medieoppslag. Det skapte ballade at filmcrewet fekk komme til landet midt under ein pandemi, og Hurtigruten sine hotellskip (eller var det akkurat det dei ikkje var) med besetning frå Filippinene har ikkje gjort det betre. Men Kulturministeren var kjapt ute med selfiearmen då han møtte Cruise, som sjølvsagt er ein noregsven.

Og ein av hovudårsakane til det heile? Norsk Jernbanemuseum.

– Kulturministeren har skrytt av at innspelinga gir 200 millionar kroner i inntekt i Noreg, og dei var her jo mykje på grunn av toget vårt, så det kjennes som me har ei breiare samfunnsnytte enn vanleg, seier direktør ved Norsk jernbanemuseum, Eirik Kristoffersen.

Trollveggen i Italia

– Raumabanen er ei unik togstrekning i unike omgjevnader, og kåra til ei av verdas vakraste togreiser. Me kan tilby å stenge av strekningar i lengre periodar, og har eit veldig fleksibelt og erfarent personale. Filmselskapet såg på locations over heile verda, men dette var det berre me som kunne levere, fortset Kristoffersen.

Tog gjennom Romsdalsens natur
ORIENTEKSPRESSEN I ROMSDALEN: Det er neppe alt dette som vert med i filmen, men det må både fraktevogner og raude lokomotiv til for å få det til å sjå ut som orientekspressen er på veg gjennom det dramatiske landskapet i Romsdalen. Foto: Even Ørjaseter/Åndalsnes avis.

For når Tom Cruise sin rollefigur Ethan Hunt skal slåst, gjer han det ordentlig. Av dei bileta ein har sett, går det denne gongen føre seg mellom anna på taket av eit norsk tog i fart forbi dei spisse tindane i Romsdalen. Berre at toget er sminka til å vere den mørkeblå orientekspressen i staden for det raude norske, og bilskilt på settet tyder på at Trollveggen i filmen kanskje ligg i Italia.

Omfattande jobb

Sidan i fjor haust har 7 tilsette ved Jernbanemuseet jobba med å planlegge sin jobb under filminnspelinga. Dei skulle ha ansvaret for toget som Ethan Hunt tydelegvis skal reise med, om enn på ein noko utradisjonell måte. Det innebar både foliering av vognene, så dei såg ut som Orientekspressen, og å køyre toget medan Cruise og Esai Morales slåst på taket. Om lag 3 heile årsverk har gått til.

– Me har ikkje heilt oversikta over kor mykje ressursar som har gått med enda, men det krev mykje tid og mannskap når det er tog involvert, seier Kristoffersen.

Undervegs utarta oppdraget frå filmselskapet, og Jernbanemuseet vart meir involvert enn fyrst planlagt. Mellom anna har dei bidratt som konsulent under bygginga av eit modellokomotiv. Og jobben vil kaste av seg for museet.

Portrett av Eirik Kristoffersen
DIREKTØR ved Norsk Jernbanemuseum, Eirik Kristoffersen, er nøgd med at museet bidrar til verdiskaping gjennom filminnspelinga. Foto: Ronald Holmstrøm/Jernbanedirektoratet

– Me har budsjettert med ei mangedobling av den vanlege eigeninnteninga vår, men sidan oppdraget blei større enn planlagt, er det vanskeleg å talfeste enda, seier Kristoffersen. Han kan likevel avsløre at det er snakk om fleire millionar kroner.

Cruise framfor kongen

Jernbanemuseet har hatt eit tidkrevjande oppdrag. Til og med kongen er nedprioritert på grunn av filminnspelinga.

– Me skulle eigentleg overta ansvaret for kongevogna tidlegare i år, men det måtte vente litt, fortel museumsdirektøren.

Han erkjenner at filminnspelinga har gått ut over andre arbeidsoppgåver, og at kongevogna ikkje er den einaste som har vorte utsett.

– Me har ikkje meir kapasitet enn me treng, så mykje av jobben til togdriftgjengen er utsett.

Pandemifilm

Når det heile skal gjennomførast midt i ein pandemi, vert det definitivt ikkje mindre komplisert å spele inn storfilm. Innspelinga skulle eigentleg gjennomførast i mai, men blei utsett til etter sommaren. Og fokuset på smittevern og sikkerheit prega arbeidet på settet.

– Korona var den største utfordringa. Etter innspelinga er det nesten uvant å sjå folk utan munnbind, seier Ronny Martinsen.

Som lokførar ved Jernbanemuseet var han ein av dei som brukte fire veker på vestlandet saman med Tom Cruise og gjengen. Gjennom innspelinga omgjekk han Cruise og dei andre Hollywood-stjernene dagleg, men er ordknapp når me ber om forteljingar frå settet.

– Det var mykje venting og lange dagar. Men det er klart, det var jo spennande å vere med på, og langt frå den vanlege kvardagen, seier Martinsen.

Portrett av Ronny Martinsen
LOKFØRAR ved jernbanemuseet, Ronny Martinsen har vore med gjennom heile filmprosjektet, og samanliknar innspelingsperioden med å vere i militæret: Hardt arbeid og lange dagar som ein seinare ser tilbake på som ei stor oppleving. Foto: Ronald Holmstrøm/Jernbanedirektoratet

Likevel, det er ikkje den einaste filminnspelinga jernbanemuseet har bidratt til.

– Me var involvert i Kongens nei, og har vore litt med på nokre andre, seier Martinsen.

Museumsdirektøren håpar på fleire filminnspelingar i framtida, og håpar Mission: Impossible kan opne dørar.

– Me har fått masse kontaktar i filmbransjen, på verkstader og i forvaltninga, seier direktøren.

No skal togvognene bli raude igjen, før dei skal ut i trafikk på ny i si vanlige, raude drakt. Om det dukkar opp minner frå filminnspelinga på museet på Hamar, er framleis usikkert.

– Me vil gjerne lage noko, og har mykje biletmateriale. Men dei fysiske bevisa frå innspelinga er få. Folien som var på toga, er det ikkje me som eig, men me får sjå kva me finn på, seier Kristoffersen.

Tog med damplok gjennom Romsdalen
FJERNKONSULENT: Jernbanemuseet var konsulent via videosamtalar då filmstudioet bygde lokomotivet som skulle vere med i filmen. Det er ein kopi, og blei bygd i England og frakta til Noreg. Damplokomotivet er mest til pynt, lokomotivjobben blir gjort andre plassar. Foto: Even Ørjaseter/Åndalsnes avis

Norsk Jernbanemuseum:

❱❱ Opna i 1896 og ligg i Hamar
❱❱ Har det nasjonale ansvaret for formidling av norsk jernbanehistorie
❱❱ Eigd og finansiert av jernbanedirektoratet, og er einaste museum som fungerer som eigen etat
❱❱ Fekk tildelt 36,5 millionar kroner i 2019
❱❱ Same år hadde museet 23 870 besøk

Mission Impossible 7 i Noreg

❱❱ Filmserien, med Tom Cruise i hovudrollen og som produsent, er blant dei mest innbringande i verda
❱❱ Deler av den neste filmen blei spelt inn i Åndalsnes og Hellesylt i haust
❱❱ Togscenane er frå Raumabanen, som går mellom Åndalsnes og Dombås. Banen er mellom anna kjent for vakker utsikt og historiske bruer.
❱❱ Under heile filminnspelinga gjekk det buss for tog på strekninga.
❱❱ I førre film var sluttscena filma på Preikestolen (men i filmen låg den i Himalaya)


Gløymt av Raja

Norsk Jernbanemuseums venneforening kjenner seg gløymt av kulturministeren etter besøket på filmsettet.

Abid Raja fekk mykje merksemd rundt besøket sitt på filmsettet på vestlandet. Men til tross for at han både var med på togtur og tok bilete utanfor togvogna til Jernbanemuseet, gløymte han tilsynelatande å nemne museet i intervjua han gjorde.

«Selv om Norsk Jernbanemuseum er et etatsmuseum underlagt Samferdselsdepartementet, skulle vi ønske at kulturministeren ved et slikt besøk også viste interesse for museets rolle og kanskje benyttet anledningen til å anerkjenne Norsk jernbanemuseums bidrag i kommunikasjonen med media i etterkant.»

Slik lyder deler av brevet veneforeninga sendte Kulturdepartementet etter at kulturminister Abid Raja hadde besøkt filmsettet og teke selfie saman med Tom Cruise. Veneforeninga peikar på at jobben museet gjer er eit utmerkt eksempel på å følge oppfordringa frå Raja si regjering om høgare eigeninntening for norske museum, og at dei bidrar til verdiskaping i Noreg.

I eit svar frå Kulturdepartementet skriv ein fagrådgjevar at kulturministeren diverre ikkje har tid til eit besøk på Jernbanemuseet i overskodeleg framtid, utan at det gjekk fram kvar dei hadde fått invitasjonen frå.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 4-2020). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- pr år.

 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser