Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkMuseum finst over alt, også på nett

Museum finst over alt, også på nett

Mona Pahle Bjerke skriv om dei digitale hjelpelause kunstmusea ein kan ta buss til i Oslo og Bergen. NRK evnar som vanleg ikkje å sjå at museum er meir enn kunst og verda er større enn bysentrum.

(Anmeldelsen Norske museer preges av digital hjelpeløshet kan lesast her.)

Det er eit hjelpelaust innblikk i digital museumsverksemd når me veit at det berre gjekk timar frå Noreg stengde til Randsfjordmuseet opna eit koronaarkiv, nokre dagar før mitt eige museum gav nye koronarelevante litterære opplevingar på nett og Anno føreslår fysiske turar med digitale utgangspunkt.

Kulturhistoriske museum som blindflekk

Desse musea har det til felles at dei ikkje er kunsthistoriske museum. Som oftast er «museum» synonymt med kunst når NRK skriv om dei, men som oftast driv museum med mykje anna enn kunst. Kunstformidlinga og kunstkritikken er ein avgjerande del av samfunnsoppdraget til NRK, men kulturkritikken av dei kultur- og naturhistoriske musea glimrar med fråværet.

Me treng kritikk. Sjølv om eg meiner at utvalet til Bjerke kunne gitt eit litt meir positivt totalinntrykk så meiner eg at også me kulturhistoriske museum treng spark bak for å skjerpe oss. Men me er verken vante til spark eller ros. Det er mykje, både med utval, presentasjon og faglege vinklingar, som treng kritikk av det me ved dei kulturhistoriske musea gjer. Men det er sjeldan me får kritikk utanom eit rosande ropeteikn i gjesteboka eller ein kommentar om kafétilbodet i sosiale medium. NRK, og andre medium, går ikkje formidlinga vår i sømene. Me lever i eit slags eige vakuum, med publikum og oss.

Kvar er hovudinngangen?

Bjerke gir kjeft til Munchmuseet fordi dei ikkje gir nok informasjon om det digitale tilbodet ved «hovedinngangen» sin, nettsidene. Det er ikkje sikkert at Munchmuseet og Bjerke er samde om kvar hovudinngangen til kva er. Ofte leiter ein etter institusjonen når ein skal oppsøke det fysisk, men etter det konkrete innhaldet (kunstverket, forfattaren, temaet) når ein skal oppleve noko digitalt. Det gir ulike inngonger.

På nett kan me ikkje ha opne tilbod som ventar på besøk. Me må vere tett på målgruppene. Institusjonen eg leier, Nynorsk kultursentrum, har nok vore for opptekne av å dyrke eigne digitale tenester enn å gjere innhaldet vårt tilgjengeleg der brukarane faktisk er. Munchmuseet og andre fortener skryt for å oppsøke folk aktivt med kulturinnhald på sosiale medium og andre flater. Det er det som er hovudinngangen, hovudgata på nett.

Digital revolusjon

Det har gått fort frå fysisk stenging til digital opning. På mange måtar vil eg seie at det er fortenestefullt av fleire museum å tørre å gjere samlingar og innhald tilgjengeleg med enkle digitale ressursar. Det er òg svært bra at mange museum har store delar av samlingane sine tilgjengelege digitalt. Neste ledd mot betre digital formidling er å kratere gode presentasjonar av delar av det innhaldet. Databasene må vere byrjinga på noko meir.

Bjerke har rett i at det ikkje er nokon digital revolusjon i norske museum. Alle museum, inkludert Nynorsk kultursentrum, må skaffe seg kompetanse på digital formidling, og ressursar til å gjere det. No har fleire av oss nytta tid til å byggje erfaring og kompetanse. Så får me ha von til museumsmeldinga i haust at museumspolitikken ser det digitale som noko sjølvsagt, og ikkje noko «attåt» når me skal byggje museum for framtida.

Foto: Svein Olav Humberset

Per Magnus F. Sandsmark
Museumsvitar og direktør Nynorsk kultursentrum
per@nynorsk.no

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser