Inn døra, gjennom ein gang og ei stove finn ein skrivebordet til Roald Amundsen. Omgitt av art deco-inspirert tapet på veggane, og artefakter frå ekspedisjonar kan ein opne skrivebordsskuffa for å stille nysgjerrigheita. Frå altandørane høyrer ein svak fuglekvitter og eit knirk her og der frå det gamle huset. Dette kan ein oppleve når ein vil, sjølv om det er langt til Svartskog og den verkelege heimen til Amundsen.

Ope for alle

I desember opna nemleg den virtuelle versjonen av Roald Amundsens heim. Etter å ha teke over ein halv million bilete av den tidligare heimen til oppdagaren, kan ein no besøke det heimefrå. Via VR-briller kan ein rusle rundt i huset og kikke seg rundt. I ei verd som er så verkelegheitstru at ein nesten kjenner det som om ein er der.

Portrett
JONAS NORDBY, førstekonservator og konstituert avdelingsleiar ved Roald Amundsens heim ved Follo museum. Foto: Ulf Palm, MiA

– Fotogrammetri er ein kjent metode, men me har brukt enormt mange bilete for å få det til å bli så realistisk som mogleg. Detaljnivået i vårt prosjekt er unikt, seier konstituert avdelingsdirektør ved museet, Jonas Nordby.

I det virtuelle huset får ein nokre goder ein ikkje får om ein besøker huset fysisk. Ein finn videosnuttar, tekst og bilete som gir meirinformasjon om ei rekke av tinga til Amundsen.

– Her kan ein snoke kvar ein vil. Ein kan ta opp mange av gjenstandane, og ein kan besøke huset når ein vil, frå kvar ein vil, seier Nordby. VR-versjonen av museet har fleire føremål. I tillegg til å gje kven som helst moglegheit til å sjå korleis Roald Amundsen budde, er det også eit dokumentasjonsprosjekt.

– No har me ein enormt detaljert 3D-dokumentasjon av huset som er verdifull for å sjå utviklinga, og i møte med dei trugsla huset møter av forfall til dømes, seier Nordby.

Museet har rett og slett teke ein backup av seg sjølv.

Bilde av kamera som fotograferer gjenstand
FOTOGRAFERING: Glitch studios har teke om lag ein halv million bilete av heimen til Roald Amundsen for å skape ein mest mogleg verkelegheitstru virtuell modell.
Foto: Glitch studios

Kan utkonkurrere museumsbygga

Virtuelle museumsopplevingar er ikkje heilt nytt, men det er nytt at kvaliteten har blitt så bra at opplevinga får ein verdi som kan konkurrere med å faktisk besøke plassen. Ved nasjonalmuseet i Finland kan ein gå inn i eit av Robert Wilhelm Ekman sine måleri, ta del i motivet frå opninga av den finske riksdagen og snakke med tsar Alexander II. Då Smithsonian hadde ei utstilling av skulpturar frå den segnomsuste amerikanske festivalen Burning Man, laga dei ei VR-oppleving av verka i ørkenen der festivalen tek plass. No er utstillinga over, men VR-opplevinga er framleis tilgjengeleg.

Å besøke Roald Amundsen-heimen virtuelt er gratis gjennom heimesida eller spelplattforma Steam. Og om modellen er så god som dei som står bak den seier, vil det bli vits i å besøke museet framover i det heile?

– Me kan ta imot om lag 2 000 menneske i løpet av ein sesong, så eg tvilar på dette vil utkonkurrere det. No kan langt fleire oppleve museet, seier Nordby.

Mona Lisa utan turistar

Blant teknologiekspertane, er det likevel dei som meiner virtuelle versjonar av musea kan utkonkurrere dei fysiske bygga. Den britiske teknologimogulen og museumsmannen Adrian Hon meiner VR vil øydelegge musea, fordi det er betre enn den verkelege opplevinga. Om ein har besøkt Louvre og håpt å få eit glimt av Mona Lisa, veit ein kva han snakkar om. Vil ein sjå dei mest berømte kunstverka, natur- eller kulturminna i verda, må ein sjå det gjennom eit filter av selfie-pinnar, bakhovuda til eit utval turistar og skotsikkert glas. Med VR-versjonen Louvre presenterte av Mona Lisa i 2019, kunne ein studere det på nært hold i høg kvalitet, frå alle vinklar.

«Alt du kan gjere på eit museum, som ikkje inkluderer lukt eller å ta på ting, kan du gjere betre i VR», skriv Hon. Samstundes kritiserer han mange museum for å stille ut objekt utan kontekst eller lett tilgjengelig informasjon. Som bruksgjenstandar i dårleg forfatning, montert på ein vegg med sparsommeleg informasjon på ein lapp ein stad i nærleiken. Kunne det ikkje vore betre med ein digital versjon? Eit sverd ein kan fekte med, ein kjole ein kan prøve på, eller eit rom ein kan gå inn i. Med moglegheita til å digitalisere det meste av museumsobjekta vil det framover også verte ein situasjon der store teknologigigantar kan skape ein slags Netflix for museum, og at musea sjølve kan bli ståande med lua i handa og ikkje nå fram til publikum i det virtuelle universet.

Portrett
ANNE-BRITT GRAN, professor ved BI. 
Foto: Hanna von Bergen

– Eg er einig i at det kan bli ein trussel på lang sikt, både opplevinga og teknologikjempene si rolle, seier professor ved institutt for kommunikasjon og kultur ved BI, Anne-Britt Gran.

Ho har ikkje tru på at digitale løysingar vil erstatte fysisk museumsbesøk for dei som er vane med å gå på museum på gamlemåten, men at det kan skje blant yngre generasjonar.

– Difor er det avgjerande at bruk av nye digitale verktøy er ein del av ein overordna publikumsstrategi som tek vare på og fremjer det fysiske kjernebesøket. Så lenge offentlege middel går til fysiske museum og drifta av desse, vil fysisk publikumsoppslutning vere kulturpolitisk essensielt, seier Gran.

– Museumsbygg berre verkemiddel

Men det er akkurat den holdninga ein må snu på hovudet, meiner Torgeir Waterhouse.

Han er rådgjevar for teknologibruk i selskapet Otte og teknologiekspert, og meiner me ser heilt feil på dei moglegheitene teknologien gir.

Portrett
TORGEIR WATERHOUSE, teknologisynsar. 
Foto: IKT Norge

– I staden for å problematisere at folk ikkje kjem på museum, snu på det: Korleis kan denne teknologien gjere det mogleg å formidle kunnskapen ein sit på til heile verda? Han meiner eit fysisk museum er det ultimate eksempelet på kunstig avgrensing: Det kostar pengar å komme inn, enda meir pengar og tid å komme seg dit museet er, og det er avgrensa kor mange som kan komme inn.

– Ein gløymer at museumsbygget berre er verkemiddelet for å formidle det som er inni, seier Waterhouse. For det er tross alt relativt sett veldig få som kjem seg til Smithsonian, Louvre eller Roald Amundsens heim, sjølv om dei kan ha interesse av det musea formidlar.

Pengesekken avgjer

Waterhouse meiner finansieringsmodellane og føringar frå dei som sit på pengesekken er det som bestemmer korleis musea innrettar seg. Så lenge ein får løyvingar ut ifrå til dømes besøkstal, vil det vere dei fysiske musea som får mest merksemd.

– Om ein fekk løyvingar ut ifrå kor mange digitale brukarar ein hadde, ville alle musea vore digitalisert på ein blunk, seier han.

Waterhouse samanliknar musea med filmindustrien, der mange kjempar for kinosalane, og kanskje gløymer litt at det er fleire enn nokon gong som ser film, berre ikkje akkurat der.

– Finansieringsmodellen, sjølvbilete og statusen er knytt til det ein har frå før, det fysiske. Folk med eigeninteresser i å beholde det som det var, kan då hindre meg i å få moglegheita til å oppleve museet, seier han.

Annleis, ikkje betre

Men medan ein nok ofte tenker at det er betre å oppleve eit museum fysisk, å sjå dei faktiske gjenstandane i gamle salar og monter, meiner Waterhouse at også den holdninga vert avleggs.

– Den digitale opplevinga blir annleis, men er ikkje ei erstatning.

Han nemner eksempel som at ein kan vise fram virtuelle Munch-verk utan å tenke på dei millionane det kostar å låne det frå andre museum, eller at ein kan komme nærare på gode modellar av ting som ikkje toler å verte stilt ut i det heile. Andre rollar musea har, som å forvalte og å forske på samlingane, vil fortsette, men at dei jo ikkje treng henge saman med formidlinga.

Og ved Roald Amundsen-heimen peikar dei på at det har vore mykje lettare å få offentlege etatar og stiftingar til å putte pengar på ei VR-oppleving enn på vedlikehald av ein kjellar det fins mugg i.

Mål før verkemiddel

For dei aller fleste musea er VR og andre digitale verkemiddel likevel framleis det, digitale verkemiddel. Det kan fort vere lett å kaste seg på trendar for å lokke til seg pengeutdelande byråkratar sin velvilje, men det er viktig å holde tunga beint i munnen.

– Ein må spørje seg kva ein vil med teknologien før ein vel teknologi, seier leiar ved Kunstlab ved Kulturtanken, Kim Baumann Larsen.

Kunstlab har vore involvert i å utvikle prototypar for fleire VR-prosjekt for musea, mellom anna Grini fangeleir og Munch-huset. Dei bistår med rådgjeving til Roald Amundsens heim for å utvikle VR-opplevinga til ein produksjon for Den kulturelle skulesekken. Larsen har trua på den modellen dei ha valt ved Roald Amundsens heim.

To svært like bilder av Amundsens kontor
REALISTISK: Det er vanskeleg å sjå forskjell på foto (t.v.) og fotogrammetri (t.h.) etter iherdig innsats under arbeidet med å skape ein VR-versjon av kontoret til Roald Amundsen.
Foto: Glitch studios

– Dei har satsa på kvalitet i modellen, og difor vil den vare lenger og ein kan bruke den til å utvikle andre opplevingar. Men det er klart musea må nok finne ein måte å tjene pengar på desse digitale opplevingane. Elles blir det vanskeligare å lokke pengar frå det offentlege, om ein til dømes får færre fysiske besøk.

Ved Roald Amundsens heim har dei planar om å prøve ut moglegheiter til å tjene pengar på ei virtuell oppleving. Til dømes gjennom live guiding i VR-modellen.

– Me kan jo sjå for oss å ha pop upopplevingar også. Er ein for eksempel på cruise i Antarktis kan ein jo ha interesse av å oppleve heimen hans i VR, seier Nordby.

Historisk foto av Roald Amundsen ved kontorpulten sin
PÅ KONTORET: Roald Amundsen på kontoret sitt ein gong før han forlot det for godt i 1928, eit kontor ein kan opppleve både fysisk og virtuelt no til dags.

Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- pr år.