Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
MeningerSamtidsdokumentasjon og etikk

Samtidsdokumentasjon og etikk

Kvifor må museumssektoren laga seg ein ny etikk for ytringar om samtida, når me lever i eit samfunn som har to hundre års erfaring med etikk og ytringar? 

Annonser

Eg er ikkje sikker på om nokon meiner bastant at musea må ha ein eigen etikk for samtidsdokumentasjon. Men det virkar slik, mellom anna i Lefkaditou,  Rajah og Skåtun si åtvaring mot hastverk i samtidsdokumentasjonen (museumsnytt.no 8. mai 2020).  Dei oppmodar til heller å bruka tid på å «reflektere rundt våre handlinger og ta del i kontinuerlig læring, (..) å stille spørsmål til det vi ser som museets kjerneoppgaver, og revurdere våre prioriteringer». Lenger nede skriv dei: «Dette er tiden for å aktivere et «medskapingens ethos».

Krise og «vippepunkt»

Ei krise er noko eksisterande som kollapsar og på same tid noko nytt som startar opp. Me kan ana litt om kva gamalt som blir borte etter koronakrisa, men ikkje så mykje om kva nytt som vil veksa seg stort. Det er derfor denne tida er så interessant og så viktig å dokumentera. Hos høg og låg, ung og gamal, maktmenneske og kvardagshelt blir tida opplevd ulikt og erfaringar samla ulikt. Blant idéane dette utløyser, vil nokre gro og andre bli gløymde. Lenge før det har gått hundre år er det meste gløymd. God samtidsdokumentasjon kan gjera det LITT enklare enn før å finna ut korleis det nye blei til.

Det er vanskeleg å forstå korleis kronikkforfattarane kan samanlikne dette med «salvage antropology» og søking etter eit «etnografisk stillbilde». Krisedokumentasjon handlar jo om det motsette – om å sikre eit billedmangfald av endring.

Sårbarhet og ytringsfridom

«Hva er de etiske hensynene ved å drive innsamling i en global krise hvor en inviterer mennesker til å skrive historie nedenfra og fra innsiden?» Spør Lefkaditou,  Rajah og Skåtun, og peikar særskilt på «sårbarhetene som oppstår rundt oss»

Det ville jo vera eit interessant eksperiment å stille det same spørsmålet til Norsk Presseforbund eller Norsk Journalistlag eller Senter for undersøkende journalistikk som nå også har sett i gang si koronainnsamling. Truleg ville svaret blitt eit eksemplar av pressas Vær Varsam-plakat, saman med ei påminning om at også dei sårbare har ytringsfridom, og at det derfor er særleg viktig å sikra at også deira stemmer får sleppe til.

Kvifor kan ikkje muséet svare på same måten?

Medskaping

Det er eit stort pluss ved koronakrisa at ho har utløyst denne debatten. Det er verken verdi-konfliktar eller sprikande verdsbilete som kjem til syne – det er fyrst og fremst usikkerhet. Eg trur det vil hjelpa å gjera omgrepet munnleg historie (oral history) til ein naturleg del av diskursen også i Noreg. Essensen i dette «nye» fagfeltet er samtidsdokumentasjon og medskaping – både i teori og praksis.

svart-hvitt foto av mann sammen med "innfødte"
Er tvilen og debatten om etikk og samtidsdokumentasjon framleis prega av oppgjeret med etnografiens barnesjukdomar? Bronislaw Malinowski på feltarbeid i Ny Guinea 1915. (Malinowski reknast gjerne som grunnleggjaren av feltarbeid-tradisjonane innan etnografi/antropologi). Foto: ukjent. ca. 1918.

Ei samling primærkjeldeforteljingar om eit fenomen er verken meir eller mindre enn det det er – nemleg ei samling primærkjeldeforteljingar om eit fenomen. Det er det som gjer det verdfullt, i dag som delingskultur (og mottrend mot ghettoisering og fragmentering), i morgon som kjeldemateriale for historie og kulturhistorie.

Historielag og venneforeningar er fulle av kompetente og entusiastiske frivillige som meir enn gjerne mangedoblar museets eigne innsamlingsressursar. (For tida kan slike samarbeidsprosjekt også få gratis opplæring gjennom prosjektet «Munnleg historie for alle»).

Maktulikskap

Når det er den gamle portøren som kjem med opptakaren for å samle koronaforteljingar frå sjukehuset – då artar maktulikskapen seg heilt annleis enn i kronikkfattarane sine bekymringar. Det betyr ikkje at maktulikskap er borte som problem. Det artar seg berre veldig annleis.

«Før» var det for eksempel berre institusjonar med makt som hadde opptakarar og utstyr for massepublisering – (for ikkje å snakke om lov til å publisera). I dag har «alle» slikt i lomma.

Media heng i stor grad att i gamle førestillingar om at dei kan gjera butikk på å halda stoff  for seg sjølve, slik for eksempel Senter for undersøkende journalistikk fortel at dei skal med si innsamling av koronaforteljingar.

Musea har ei heilt anna haldning, og ser det stort sett som naturleg å opna magasina sine for alle. Folkemuseet si koronainnsamling har for eksempel som standard innstilling at forteljingar om koronatida blir delte på Minner.no  – med mindre den som fortel bestemmer noko anna. Men mange i museumssektoren har denne tvilen på om dei gjer noko gale viss dei lar folk ytra seg slik.

Eg trur begge leirar hadde hatt stor nytte av å læra av kvarandre.


Tidligare innlegg i denne debatten:

8. april 2020: Krisedokumentasjon – en viktig oppgave for museene. Av Olav Aaraas, Marie Skoie, Linnea Björk og Audun Kjus ved Norsk Folkemuseum

6. mai 2020: Krisedokumentasjon, etikk og nødvendigheten av tid. Av Ageliki Lefkaditou, Thanushiga Rajah og Torhild Skatun ved Norsk Teknisk Museum

7. mai 2020: Rask reaksjon og etisk refleksjon er ikke noen motsetning. Av Audun Kjus ved Norsk Folkemuseum.


Om forfattaren

Bjørn Enes er leiar av Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie.


 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser