Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KritikkHallo, kan du høyre meg?

Hallo, kan du høyre meg?

Trass i at dei siste var i drift heilt fram til 2016, kan til dømes ikkje ungane mine hugse å ha sett nokon bruke ein telefonkiosk. Det er lett å gløyme kor viktig det er å ta vare på den nære historia.

Sverresborg Trøndelag folkemuseum er bygd rundt ruinane av den eldste steinborga i landet, reist av kong Sverre på slutten av 1180-talet. No har museet fått sitt hittil mest moderne tilskot: Desse høge, litt vel tronge telefonboksane som var ein så viktig del av oppveksten min, utan at eg nokon gong tenkte heilt over det. Som idrettsungdom reiste eg mykje, passa alltid på å ha kronestykke i lomma, så var det å lokalisere kiosken, stille seg i kø. Teljarskritta var dyre, så det var best å vente til etter klokka 17, då slukte ikkje automaten kronestykka like fort.

Det var nok meir tulleringing før. Kjeda vi oss, kunne det vere plass til ganske mange i ein slik boks. Tett i tett, knisande og fnisande, ringte vi både hit og dit. Endå til slottet drista vi oss til å ringe, endåtil fleire gonger. For vi var så herleg anonyme – dei i den andre enden hadde ingen måte å finne ut kven vi var. Derimot – det vi som var i boksen sa, var lett å få med seg for alle som stod utanfor, så ein måtte jo følgje med om det kom nokon vaksne.

Det er ganske mange av oss som har minne frå telefonkioskar. I alle fall dei av oss som er vaksne. Trass i at dei siste var i drift heilt fram til 2016, kan til dømes ikkje ungane mine hugse å ha sett nokon bruke ein telefonkiosk. Det er lett å gløyme kor viktig det er å ta vare på den nære historia.

Trondheimskioskar

Sverresborg har inkorporert to telefonkioskar i det historiske miljøet i friluftsanlegget, begge av den gamaldagse typen med myntinnkast. Dette er to av dei om lag 200 telefonkioskane som var operative i Trondheim, og var i si tid plasserte i Innherredsveien og i Klostergata. No er dei innlemma i museumsanlegget på ein særs god måte, det er likesom dei alltid har stått der. Den eine står ved inngangen til byavdelinga, medan den andre er plassert ved sidan av eit samfunnshus i den landlege delen. Begge ligg litt for seg sjølve, slik dei typisk gjorde, så det den som skulle ringe skulle få litt fred. Telefonkioskane er pussa opp, det er nesten så det er underleg å sjå så reine og blanke kioskar, heilt fri frå innrissa telefonnummer, hjarter med namn i, ukvemsord og ditto teikningar.

Til utstillinga er det laga ein eigen telefonkatalog, som er lagt i kvar kiosk. Dessverre er dei dårleg monterte, og allereie kraftig rivne opp. Og det er ikkje på grunn av vandalisme. Årsaka er at dei er festa på toppen av dei tre haldarane for telefonkatalogane som var vanlege å ha i telefonkioskar – kvar katalog omfatta eitt eller to fylke, og kom på eit tidspunkt også Gule sider. Kvar av dei tre haldarane kan vippast opp, såleis at ein kan bla i ein og ein av katalogane. I og med Sverresborg har montert fast dei nye katalogane i to av desse haldarane, har vippemekanismen fått bokverket til å rivne.

Sladrekjerringa

Ingen av dei to kioskane er operative. Derimot kan du dreie forskjellige nummer på talskiva –heldigvis for den sunnmørske meldaren treng ein slett ikkje å putte på pengar – så får du overhøyre samtalar, ikkje berre på norsk, men i tillegg på engelsk, tysk, fransk og spansk. Ikkje verst!

Her kan du lytte til typiske kiosk-samtalar, ei historie frå kvart tiår. Alle dei norske er framført på trønderdialektar. Med dette grepet vert telefonkioskane eit fint stykke trønders kulturhistorie.

Her er mellom anna ein naudsamtale, ein gutunge har sprunge ut i trafikken og blitt påkøyrt, heldigvis veit ho på legekontoret sånn omtrent kvar dei kan få tak i doktoren, som er på visittrunde. Denne samtalen minner om kor viktig telefonkiosken kunne vere.

Nokre av opplesingane verkar litt stive, medan andre har slått seg heilt laus, og resultatet er heilt herleg. Særleg er nokre damestemmer kostelege. Eg anbefaler særleg at du slår nummer 2 på bytelefonen, då kjem du til Husmora som slår av en prat (1965). Her høyrer du ei god gammaldags sladrekjerring som synes at ein nabo har vore litt vel mange gonger på kiosken dei siste dagane – skal tru om han har fått seg elskarinne?

EI TIDSREISE: Her kan du lytte til typiske kiosk-samtalar, ei historie frå kvart tiår. Foto: Frank Furseth

Funkisstil

Det er naturleg å sjå telefonkioskane i relieff til telefoniutstillinga som vert vist i same bygg som postkontoret på Sverresborg. Det er underleg å tenke på at allereie på 1880-taler vart telefonar offentleg tilgjengeleg i fleire norske byar. Her vert vi kjent med Trondjem Telefonanlæg, som vart oppretta i 1881 som første private telefonselskap i Trondheim. Dette var berre eitt år etter at dei første sentralane i Noreg opna i Oslo og Drammen.

Desse første sentralane var manuelle, og det sat telefonistar som kopla innringaren til rett mottakar gjennom eit sinnrikt system. Vi får også sjå dei arealkrevjande instrumenta som skulle til for at ein slik sentral skulle fungere. Herifrå er det eit stort hopp til telefonkiosken, med store blokkbokstavane i sans seriff, den klare raude fargen, glaset og metallet. Den er så moderne i utforminga at det er vel verd å dvele ved det faktum at den snart er hundre år gamal.

I 1932 vart det utlyst ein konkurranse for utforminga av telefonkiosk. Den bergenske arkitekten Georg Fredrik Fasting vann med sin «Riks» over 93 andre forslag. Den første kiosken vart plassert i Oslo, men det var først ei stund etter krigen dei vart setne opp over heile landet. På syttitalet var det om lag 6000 stykke. Telefonkiosken er framleis like fin å sjå på, ein robust konstruksjon som samstundes er luftig og lett å halde ved like. Dett er funksjonalisme på sitt beste.

Kampen om summetonen

Med mobiltelefonane stupte bruken av telefonautomatar utover nittitalet. Telenor bestemte seg derfor for å fjerne alle myntapparat som var under ei minstegrense for inntening. I 1997 var turen komen til Bjørke, som den gongen var del av Ørsta kommune, men i dag del av Volda. Då Telenor ville kvitte seg med telefonkiosken her, var det ikkje utan kamp. Bygdefolket samla seg om brev i protest mot det dei opplevde som eit overgrep og eit symbol på utarminga av distrikta.

I tillegg stansa dei fjerninga reint fysisk. Her var det ikkje snakk om nokon puslete lenkegjeng.. Store landbruksreiskap og fire to tonns steinar vart frakta ned til kiosken, og det heile bolta så grundig fast at Telenor måtte gje tapt. Protestaksjonen nådde media langt utover landegrensene.

Det enda med at kiosken fekk stå. Saman med 99 andre rundt om i landet vart den verna av Riksantikvaren. Telefonkiosken er et kulturminne, både på grunn av den særeigne utforminga og kva den har tydd for folk gjennom så lang tid.

På veg tilbake?

Du finn dei verna telefonkioskane på kartet: https://telenorkulturarv.no/telefonkioskene. I 2016 mista også desse telefonkioskane summetonen. Fleire har etterbruk som bokstasjonar, samstundes som det er underkommunisert at mobildekninga mange stader i landet er dårleg. Til dømes slit Bjørke den dag i dag med ujamn mobildekning. Kva skal ein då gjere ein er i grisgrendte og fjellrike strøk når krisa er der, og det hastar? Og kva om det skjer noko med mobilnettet, det vere seg orkan eller terror? Med tanke på det auka trugselnivået, kan det vere ein tanke å setje opp naudtelefonar, gjerne i form av telefonkioskar.

Det som i alle fall er sikkert, er at interessa for telefonkiosken framleis er overraskande levande. Enno er mange glade i desse stilsikre knallraude boksane. Og søker du etter #telefonkiosk og #telefonboks på Instagram, får du langt over 10 000 treff.

NOSTALGI: Frå utstillinga «Trondjem Telefonanlæg» i byustillinga på Sverresborg. Sentralborddamer ved telefonsentralen i Trondheim i 1945. Foto: Frank Furseth

Støtte til utstillingskritikk

Tidsskriftet Museum har også i 2024 fått støtte til utstillingskritikk fra Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer én til tre anmeldelser i måneden. Se alle anmeldelser her.

Våre anmeldere kommer fra kunst-, museumsfeltet og/eller media.

Eva Furseth er formidlingsansvarlig og konservator NMF ved Justismuseet og fast kunstmeldar i Dag og Tid. Furseth har skrive fleire bøker og artiklar om norsk og færøysk kunst. Tidlegare har ho vore kunstmeldar i Bergens Tidende, og vore tilsett ved Museet for samtidskunst og Trondheim Kunstmuseum. Ho er oppteken av å synleggjere det rike mangfaldet i utstillingsverksemda i det langstrakte landet vårt. 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser