Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkGi musea eit realt løft

Gi musea eit realt løft

Verdien av kulturarven kan ikkje målast kroner og øre, men forvalting av kulturminne kostar. Det veit musea som skal sikre framtida for 5000 historiske bygningar. I dag snakkar alle om å styrke den kulturelle beredskapen, men musea går sveltefôra på 20. året. No er det på tide med eit realt løft.

Annonser

Annonser

Mange er stolte av kulturarven, men haldningane til bygningsvern og museumsdrift er likevel svake i store delar av landet. Det ser vi kvar dag med stadige rivingssøknadar til kommunane og manglande vilje til å auke museumstilskotta. – Det blir rive mykje, seier fagfolka på kulturarvsavdelinga i Innlandet fylkeskommune. Same omkvedet høyrer vi frå museumsfolk, organisasjonar og enkeltpersonar rundt om i heile landet.

Rotnar på rot

Ole Aastad Bråten, leiar i Norges museumsforbund. Foto: Anne Marte Før

I hardt pressa utbyggingsområde er det nybygg og frisk kapital som freistar lokalpolitikarane aller mest. Beredskapsplanar for kulturminne manglar. I Sel ynskjer ordføraren å kutte det årlege tilskottet til museumsdrift. Kulturarven har dårlege kår i mange kommunar.

Men nettopp derfor er musea til, for å minne oss alle om verdien av kulturarven, og sikre denne for ettertida. Det er vi pålagde til gjennom tildelingane frå Kulturdepartementet og avtalar elles med eigarane og samarbeidspartane.

Men tilstanden for bygningsarven på musea er ikkje god og ved fleire museum rotnar samlingane på rot. Ikkje fordi musea ynskjer det, men fordi samfunnet ikkje tek innover seg at forvalting av kulturarv kostar.

Må skalere ned

Ei kartlegging initiert av Kulturdepartementet i 2019 viste at det ville koste 3,5 milliardar kroner å sette dei 5000 museumshusa i Noreg i høveleg stand. Men etter Kulturdepartementet si undersøking har det skjedd lite. I røynda ingenting. Pengane uteblir og tilstanden blir gradvis verre.

Med Museumsreforma (Stortingsmelding nr. 22. 1999–2000) rundt år 2000 gav Staten musea i oppdrag å profesjonalisere drifta. Musea utførte oppdraget, men oppdragsgjevaren følgde ikkje opp med pengar. Med eskalerande klimautfordringar, svak tilgang på kompetente handverkarar, manglande studietilbod i spesialiserte handverksfag, avviklinga av gåveforsterkingsordninga og tilgangen til statleg støtte til freda hus og landskap, og ikkje minst, manglande kompensasjon for den årlege løns- og prisveksten gjer at musea må skalere ned drifta og aktiviteten.

Tomme ord

Alle snakkar no om viktigheita av ein kulturell beredskap og verdien av å sikre vår eigen kulturarv. For museumsfolk er dette tomme ord. Musea og kulturarven må sjå langt etter status, skilling og merksemd. Det er ei styrd utvikling. Det er til å gråte av.

– Musea må prioritere, var einaste kommentaren frå Kulturdirektoratet under Arendalsveka for to veker sidan. Det er enkelt å seie, særleg for han som ikkje ser etterslepet med eige auge. Mange museum gjer likevel mykje og utarbeidar langsiktige strategiar for handteringa av vedlikehaldet. Fleire museum samarbeider med forskingsmiljøa, arkitektutdanningane og byggebransjen om alt frå restaurering til klimatilpassing og sirkulærøkonomi, og gjennom kurs og studiesamlingar for studentar og etablerte handverkar løyser mange museum noko av etterslepet. Andre får støtte frå Kulturminnefondet, stiftingar og legat til utvikling av verkstadar og læringsmiljø for ungdom og framtidige handverkar. Dette er bra, men småpengar i det store istandssettingssluket.

For brorparten av musea skjer derfor det motsette, og dei vedtek planar for avhending, destruksjon og sal. Det skjer på oppmoding frå myndigheitene, men fører til evig tap av unike objekt og historisk kjeldemateriale. Ein letnar bekymringa for store, varige driftskostnadar, men forringar museet som arena for oppleving og refleksjon, som laboratorium for forsking og utvikling. Meininga var ikkje å avvikle musea, men utvikle dei.

Musea sin tur

– Det kjem ikkje meir frå staten, har statsrådane sagt i tur og orden sidan 2010. Sidan Kulturløftet i 2004, då regjeringa lova å bruke 1 % av statsbudsjettet på kultur, har ambisjonane svunne raskare enn isen på breane. Ikkje berre har regjeringane gått vekk frå det ambisiøse 1 %-løftet. Ein har ikkje eingong greidd å følgje opp den årlege løns- og prisveksten. Ikkje ein gong. Og medan kostnadane aukar og den offentlege grunnfinansieringa minkar, må musea førebu seg på smalhans og stengte dører. Utan gode nok tilbod frå staten vil ikkje musea greie å drive seriøs forsking, godt bygningsvern, eller vere ein aktiv medspelar i samfunnsutviklinga.

Derfor er det no musea sin tur. I møte med politikarar og i budsjettinnspel minner vi om alvoret – om gapet mellom dei ikkje-veksande offentlege tilskotta og den aukande løns- og prisveksten. Vi minner om bortfallet av gåveforsterkingsordninga og dei 350 millionar kronene som ordninga tilførte musea. Og vi minner om etterslepet i bygningsvernet. Skal musea fylle rolla som demokratiet sin berebjelke og forvaltar av fellesskapen sin kulturarv, må kompensasjonen frå staten føre til satsing, ikkje avvikling. Skal vi ta på alvor snakket om å styrke den kulturelle beredskapen treng vi fleire handverkarar, ikkje færre.


Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser