Eg skulle foredra om påstanden “Livshistorier er kulturarv”, under kulturdagane i Fana nyleg. Eg var i tvil om disposisjonen – bortsett frå at eg ville starte med det enkle ordtaket “Den veit best kor skoen trykkjer, som har han på.”
Så ringte gamle Ludvig Myrland. “Eg kjem!” sa han. Etter praten tenkte eg: Ludvig Myrland er eit strålande bevis på påstanden.
Eg traff han i 2016. Organisasjonen Memoar og Bergen Sjøfartsmuseum samla inn munnleg sjøfartshistorie gjennom djupintervju i muséet.

«Blåveispiken»
“Eg fekk tilnamnet ‘Blåveispiken’” fortalde han. 15 år gamal hadde han fått ein papirlapp med namn på ein by og ein båt i England. Han visste ikkje at båten og reiarlaget hadde så dårleg rykte, at berre svartelista sjøfolk tok hyre der. “Pakk, rett og slett!” sa han. Messeguten blei den lågaste i hierarkiet. Alle banka han. Heilt til han lærte seg å slå igjen. Det vart eit verdfullt sjøfartsintervju, om forhold som mange vegrar seg mot å fortelje om.
“Var far din og sjømann?” Spurde eg. Nei – han var invalid. Mora dreiv butikk på Nordnes. Då det femte barnet kom, måtte ho leige ein mann til å drive butikken. Han underslo – og så stakk han til sjøs. Namsmannen stengde butikken og sette familien på gata. Politiet fann dei ute i regnet, og let dei overnatte i husvillearresten. Men då kom Forsorgsvesenet og krevde at politiet skulle kaste dei ut att, for dei meinte at mannen i huset var frå Fana, ikkje Bergen.
Brått vart det meir eit sosialhistorisk intervju.
Såg ein fange bli slått i hel
Ein journalist fekk høyre om familien som blei sett på gata av Forsorgsvesenet, og slo det opp. Heile byen vart opprørt – og Forsorgen snudde. Dei fekk ei leiligheit i Svaneviken på Minde. Året etter fekk dei ein tysk militærleir som nabo, seinare ein russerfangeleir. Seks år gamal sto han i stovevindauget og såg ein russerfange bli slått i hel utanfor. Intervjuet vart eit krigshistorisk kjeldemateriale.
“Eg tenkte på den hendinga då eg fekk landlov i Leningrad.” Sa han. Det var i 1953, då Stalin døydde. Det var ei spent tid. Han kunne fortelje både om steminga i byen og om nervøsiteten hos politiet. Slik vart det kaldkrigshistorie.
Intervjuserien på Sjøfartsmuseet viste ein ting veldig tydeleg: Ein sjømann er ikkje berre ein sjømann! Typisk gjekk Ludvig Myrland i land då han fekk familie sist på femtitalet. Han hadde mange ulike slag arbeid i industri og transport. I 25 år var han lastebilsjåfør. Forteljinga hans ga eit mangfaldig innblikk i korleis nærings- og samfunnsutviklinga gjennom seksti- sytti- og åttital såg ut frå eit førarhus.
Ei levande kjelde til så mangt
Så tok han til å skrive. Fyrst ei slektshistorisk bok. Så ein roman – og så den boka han er mest kjend for: “Krig og fred i Svaneviken”. Slik er han også ei kjelde til historia om litteraturens underskog – som lever og blømer, usynleg frå litterære parnass.
Mitt poeng med alt dette er: Denne livshistoria er ei levande kjelde til kunnskap om sjøfartshistorie, sosialhistorie, pressehistorie, krigs- og kaldkrigshistorie, industri- handels- og transporthistorie og litteraturhistorie. Minst. For å halde kontakten med ordtaket: Den som kjenner skoen trykke, kjenner også veldig mange andre ting!
Reduksjonisme er ei trend
Vi treng ein diskusjon om dette. I vår tid rår menneskja over meir samla kunnskap enn nokon gong i historia. Så mykje at ingen kan ha oversyn over alt – det gjer det naudsynt å spisse, å spesialisere seg. Reduksjonisme er ein trend, i alle vitskapar og all offentleg samtale: Eit fenomen om gongen. Studerar du sjøfart, er andre ting irrelevante.
Men utan motvekter, kan reduksjonismen ha mørke baksider: Fagidioti, trangsyn, ekkokammer, kunnskapsløyse om og fordomar mot andre.
Eg opplever livshistorier som ei motvekt. Då eg fyrste gong høyrde Ludvig Myrland fortelje, bobla det opp bilete frå mi eiga historie. For liva vi lever, er vevde saman med tusen trådar av felles minne, erfaringar og kunnskapar.
Kulturarv er ikkje berre båten han var fyrstereis på, eller husvillearresten han blei kasta ut frå, eller restane etter fangeleiren i Svaneviken. Kulturarv er også Ludvig Myrlands livshistorie. Livshistorier er den immaterielle dimensjonen av kulturarven. Det trengst eit krafttak for å oppgradere den!
Bjørn Enes er frilansjournalist og styreleiar i Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie.
Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.



