Dei siste vekene har mange engasjert seg i Nasjonalmuseet si framvising av eit sørgeteppe laga av den israelske kunstnaren Noa Eshkol. Kunstverket peikar mot massakren i Ma’alot i 1974, der palestinske terroristar angreip ein skule og drap 25 israelske gislar, deriblant 22 barn. Gjennom kunstverket legitimerer museet folkemord og okkupasjon, hevdar kritikarane.

Må heve stemmene
Sørgeteppet skapar sinne, men gjer framvisinga Nasjonalmuseet til politisk aktør med eitt bestemt syn, ei politisk haldning? Nei, hevdar Kjersti Løken Stavrum og Knut Olav Åmås i ein kronikk 5. november. Musea bør heller ikkje opptre som politisk aktør, skriv dei to. Eg er til dels einig.
Musea er ikkje politiske aktørar, men dei er ikkje så veldig nøytrale heller.
Når noko står på spel i samfunnet skal musea engasjere seg. Musea må heve stemmene når viktige verdiar står på spel.
Musea er resultat av politisk vilje. I 200 år har dei bidratt til å bygge fellesskap og ruste samfunnet med kritiske tenkande borgarar. Dette har vore avgjerande for utviklinga av nasjonen og samfunnets helse, sa statsminister Jonas Gahr Støre under eit arrangement i Bergen i haust.
I ei tid råka av krig og konflikt opplever mange museumsfolk at arbeidet dei gjer er viktigare enn nokon gong. Det største alvoret opplever likevel dei som ser kulturen og kulturarven bli rive frå dei. Menneske råka av krig forstår meir enn andre betydninga av kulturelt tilhøyr. I fredstid er det fort å gløyme krafta i kulturen. Lar musea seg bevege av menneske som mistar alt?
Må mobilisere
Historisk trer musea fram når viktige verdiar står på spel. Det bør musea gjere også no. Det skulle i grunnen berre mangle. Musea må mobilisere når sivilisasjon og samfunn synest er truga. Kva skal vi elles kjempe for? Beskyttelse av kultur og demokratiske tradisjonar gjer ikkje musea til politiske aktørar. Det gjer dei til ansvarlege moderatorar om saker som verdssamfunnet har slutta seg opp om, konvensjonen om vern og beskyttelse av immateriell kulturarv, til dømes.
Krig er øydeleggande. Usemje er ikkje det.
Skal vi overleve i eit samfunn med krefter som bryt ned, treng vi stabiliserande faktorar som anerkjenner usemja, og som løftar kritikken og den frie samtalen. Faktisk ytringsfriheit, særleg for dei som jobbar med kultur og kunnskap, krever trygge institusjonelle rammer. Musea skal vere ei slik ramme – som gir rom for alle stemmer, også dei vi ikkje likar.
Utfordrar den viktigaste køyreregelen
Skal musea greie dette, må dei vere frie og autonome. Derfor er prinsippet om armlengds avstand viktig. Institusjonell fridom er ikkje ein venleg gest frå statsråden, men ei plikt som spring ut av § 100 i Grunnlova og som seier at staten skal sikre ein infrastruktur egna til å fremje ytringsfriheit. Når Tage Pettersen (H) stiller spørsmål til statsråd Jaffery om grensene for kva musea kan meine, utfordrar han den viktigaste køyreregelen i forholdet mellom musea og styresmaktene. Det er alvorleg.
Museet skal vere eit ikkje-samstemt kor av mange stemmer, men ikkje berre dei som tilhøyrer kunstnarane og dei andre ytringsivrige som vil inn. Museets kor må også femne dei som jobbar på museet, som har ulike erfaringar, andre syn og meiningar. Museet sjølv må snakke med meir enn berre ei stemme.
Direktøren si røyst er ikkje den einaste vi vil høyre.
Derfor sluttar eg meg til Universitets- og høgskulerådet si uttale frå juni i år, der dei minner om ytringsretten til tilsette, den akademiske fridomen og at universiteta og høgskulene – i staden for å flagge eigne politiske standpunkt – må legge til rette for dialog og eit breiast mogleg mangfald av synspunkt. Det same må ein kunne seie om musea.
Treng kloke arenaer
Derfor har Norges museumsforbund oppmoda musea til engasjement omkring konsekvensane av krig, og vi har oppmoda musea til å gjere seg til kloke arenaer for dei vanskelege samtalane. Ingen forventar at musea skal løyse krisa i Midtausten, men musea blir kjølege og kalde dersom dei aldri reflekterer rundt konsekvensane av krig.
Musea er ikkje skapte som politiske aktørar, like lite som skulene eller biblioteka er det. Gjennom arbeidet støyter musea likevel – og kvar dag – på ei rekke politiske problemstillingar, anten dette handlar om organisering, kunstnarpolitikk eller ressurstilgang. Derfor er ikkje musea berre arena for politisk ytring, slik denne ytringa kjem til uttrykk gjennom verka på ein vegg. Dei er deltakarar i viktige samtalar. Det er slik musea funkar best, som laboratorium for samspel og samskaping, ein stad der kunstnarar, handverkarar, nabolag – saman med musea – løftar dei viktige spørsmåla.
Musea er som lokalavisene. Dei skal vere limet og lupa til det samfunna dei er del av. Til dei sakene som spring. Slik blir direktøren redaktøren. Kven ynskjer ei lokalavis utan ein klok og retningsgivande redaktør? Eit museum utan redaksjonell styring reduserer seg sjølv til investeringsselskap, åleine. Eller underhaldning. Men museum er ikkje investering eller underhaldning. Det er ein kompleks organisme som skal forstå og fortolke verda. Som skal bidra til utviklinga av eit godt og mangfaldig samfunn der alle kan kjenne seg heime.
Derfor er samfunnsoppdraget ikkje berre mangfaldig. Det er nærmast umogleg. Det gjer museet til brytematta der motsettingane rår. Det skal vi vere glade for. Når rommet for ytring synest truga i andre delar av verda, må vi hegne om den demokratiske infrastrukturen her heime. Museet må opne rommet for alt det som skapar usemje, uro og tvil. Musea må heve stemmene når viktige verdiar står på spel.
Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.


