Henta frå Museumsnytt nr. 1-1951, s. 3-14.
Foredrag på NML’s årsmøte 1951
– La det straks vera sagt at musea aldri bør gjera opptaket til å flytta hus. Museet må aldri overta det før alle andre bergingsmåtar er prøvde. Dessutan er flyttinga ein dyr og omstendeleg måte å berga kulturverdiar på, og museet vil først røkja etter om bygningen er så verdifull at han fortener alt arbeid og all påkostnad som skal til, før dei flyttar han. Det er vurderingar som må gjerast i kvart einskild tilfelle.
Huset må første målast nøye opp, likeeins må det fotograferast grundig ute og inne, slik at teikningar og fotografi gjev eit påliteleg bilete av korleis huset var før vi reiv det, korleis det sto i lendet og i høve til andre hus.
Korleis dette vert gjort, skal eg ikkje gå så nøye inn på, mne vil gjerne nemna nokre detaljar med arbeidet. Ei oppmåling til bruk for riving og flytting er ikkje fullstendig før det er nivellert. Til dette kan ein Wredes nivellerspegel greia seg som oftast. Men om ein skal flytta eit heilt tun eller eit hus, som er lenger enn 20-30 meter, bør ein nytta meir noggranne instrument.
Med instrumentet skaffar ein seg ein tenkt horisontalplan lagt gjennom heile huset. Ein merker av kvar dette planet skjer alle hyrner og opningar, brannmur-, vindaugs- og dørlister. Så måler ein alle avstandar nedetter og oppetter på dette planet. (I praksis vil ein ofte måtte nytte to eller fleire tenkte plan, då ein vert nøydd til å skifte standpunkt for instrumentet). Har ein nivellert, då har ein til dømes skaffa seg god greie på kor mykje himlingar og golv hallar i alle retningar. TIlsvarande målereglar treng ein til å finna kor mykje veggen er «ut av lodd», kor mykje vinklane i roma avvik på den rette. Slikt skal eg freista gje døme på etter kvart.
Når ein skal riva eit tømmerhus, gjeld det at kvar stokk, ås, sperre, tro, bord o.s.b. er merkte etter eit system som gjer det lett å finna kvar del att. Er det fleire hus som høyrer saman, får kvart hus først sitt merke. I det einskilde huset får så kvar vegg sitt merke, og i veggen får kvar stokk sitt merke eller nummer.
Det er det same kva slags merke vi nyttar, berre dei er lette å skriva eller hogga, og lette å skilje frå kvarandre. – Til husmerke har Norsk Folkemuseum nytta bokstavane A, F, M, N og andre som skil seg ut frå romartala. Til veggmerke har museet nytta einskilde teikn, vanleg kalla «ruter» og «stikk» (jfr. fig. 1).
Kvar stokk vert nummererte med romartal. Den nedste stokken får nr. 1. Om denne stokken er opprotna og ikkje finnst att meir, er det likefullt greiast å rekna denne som nr. 1, elles kan ein koma i surr når ein skal lafta i hop tilstøytande vegger. Den underste stokken får då nr. II eller III etter som kor mange som er komne bort.
Hogget må setjast slik at det ikkje skjemmer, og ikkje vert synleg når huset skal setjast opp att. Det er greit å nytta eit kvasst hoggjarn og setja merket på nakken til stokken etter kvart som ein riv.

Ein kan vera trygg for at det ikkje vert gale om ein på førehand har skrivi merka med krit på sida på stokken, og ført same merka på teikninga.
Det har vori nytta merkespikrar i staden for hogg, det er spikrar med merke i hovudet som ein slår inn i kvar stokk.
Takåsar, taktro, golvbord, glas, dører o.a. lyt mekjast og alle merka skal etter kvart førast på teikninga eller i ein rivningsprotokoll. Er det meir snekkararbeid, som panel, listverk o.a., krev dette serleg omtanke som vi skal sjå i eit anna døme. I dette dømet har vi for oss eit tømmerhus med einfeld grunnplan. Slike er så enkle å flytta at dei fleste kjenner seg før til det. Men likevel kan det leggjast ulike synsmåtar til grunn ved arbeidsgangen, og vi skal sjå litt på desse.

Vi skal først koma attende til nivelleringa, og sjå korleis ein nivelleringstabell tar seg ut på det einfelde tømmerhuset vårt.
Denne tabellen har vist seg nyttig på fleire måtar: For det første er han god å ha når ein skal reinteikne oppmålinga: ein kan vera trygg på at kvart måfar vert teikna på rett plass i veggen.
For det andre er han god å ha når ein skal setja huset opp att. Då er det serleg den nedste delen som kjem til nytte. På den staden huset skal reisast att, set ein opp salingsbord som vanlig når ein byggjer hus. Ein strekkjer opp ståltrådar langs ytterveggene, og trådane ligg samstundes i eit vilkårleg valt horisontalt plan. Så avgjer ein kor høgt huset skal liggja i høve til dette planet. Målingane ved rivinga bør reknast om til dette planet, eller «salingshøgda» som det heiter, og så set ein av avstandane frå denne og ned til overkanten av novsteinar og grunnmurar ved alle hyrna og andre viktige punkt.

Når murar og steinar ligg rett etter målingane, og ein legg syllstokkane oppå dette, vil resten i grunnen fylgja av seg sjølv: Huset vil koma opp att like beint eller like skeivt som det sto på si gamle tomt.
Men no kan det henda at ein eller fleire av dei nedste stokkane har rotna opp. Desse vert vølte på museet. Kor høge dei var vil ein kunne lese av nivelleringstabellen, og når vi jamfører med denne eit stykke oppover, har vi ein viss kontroll med at huset kjem opp att så skeivt det skal.
Ein skal ikkje ri prinsippa så sterkt at det går ut over kulturverdiar heller.
Verre er det om huset har sigi og står skakt på grunn av at stokkane har rotna. Då kan vi ikkje alltid vite kor grove desse var. Skal vi no setja huset opp att like skeivt som det sto?
Retningslina vår må stort sett vera den at vi skal overlata huset til ettertida slik som vi har fått det frå våre forfedrar. Skal huset ha sitt fulle verde for seinare granskarar, er dei ikkje tente med at vi drar i frå noko eller diktar til nokon ting. Ein konsekvens av dette må vera at vi skal setja opp huset att plent like skakt og skeivt som vi overtok det. Her meiner eg likevel at vi må ha lov til å la ei viss teknisk vurdering få sleppa til. Den gamle skeivleiken kan gjera at nøvene lenger oppe i huset vert klemde slik at det er fare for at laftehovuda kan springa av. Vi må då ha lov til å retta opp huset så mykje at vi hindrar dette. Ein skal ikkje ri prinsippa så sterkt at det går ut over kulturverdiar heller.
Skeivleikar i horisontalplanet skriv seg derimot sjeldan frå dårleg vedlikehald eller forfall, og slike avvik frå det regelrette må vi ta med oss når vi skal setja huset opp att. Til dette har det vori vanleg å måla diagonale (eller «råskakken» som gamle tømrarar kalla det). Kjenner vi lengda på desse, har vi ein god kontroll, men eg har ofte sett at det åleine ikkje er påliteleg nok. Meir hjelpen vert ein når ein siktar utvendes frå nov til nov, og måler avvika frå siktelinja. Endå pålitelegare er å gjera som landmålarane: setja opp ei grunnline gjennom eller utanfor huset og måla avstanden frå lina og vinkelrett inn til dei viktigaste punkta på veggen.

Når ein skal vøle defekte delar, må ein så langt råd er la dei få den utforminga ein kan rekna seg til dei har hatt frå først av. Om taktro eller sperre er rotna opp, må ein ta med prøve på det gamle og laga dei nye likeeins. Men vi bør likevel nytta nye, friske, tørre materialar til dette, slik at ettertida kan sjå kva vi har gjort med huset. Det får dei ikkje sjå om vi nyttar gammalt tømmer til reparasjonen. – Veggstokkar tar ein bort rotne stykke av og feller inn nye delar, og må heile stokken skiftast ut, velgjer ein stokkar som i form og storleik høver mot dei gamle, og med stø i nivelleringstabellen kan ein rekna seg til kor høgt nøvene skal liggja i høve til salingshøgda. Norsk Folkemuseum brukar å setja opp husa på utlaft, d.v.s. ei mellombels tuft – medan huset vert vølt og før stokkane vert lagt i impregneringskalk. Dersom huset ikkje treng serleg vøling, kan det setjast på si nye tuft med det same.
Kor mykje som skal reparerast og kor mykje vi kan la vera, har det vore delte meiningar om, og framgangsmåtane har vori ulike. Meir flokut kan det verta når desse problema krysser restaurerings-problem, og dei kan vera serleg flokute om huset har vori ombygt ein eller fleire gonger. Eg trur vi får best tak på dette i panelte hus, og skal difor først sjå korleis vi flytter eit slikt.
Oppmåling med nivellering må til her som elles, og eg har dessutan streka opp kvar horisontalplana skjer veggen, streka det opp på kvart einaste bord ute og inne i alle rom rundt heile huset. Kvart bord må nummererast, og det er eit seigt og omstendeleg arbeid. Til dette nytta rein fargekrit som høver med fargen og tilstanden til treverket. Må ein hogga inn merka, gjer ein det sjølvsagt slik at det ikkje vert synleg: golvbord får merka på undersida, veggbord på baksida, o.s.b.

Kva system ein vil nummerere etter, kan retta seg etter tilhøva. Utandørs gjev ein helst kvar vegg sin bokstav eller merke, og nummererer borda samfeldt frå eine hyrna til det andre, alltid frå venstre til høgre. Innadørs kan ein først gje kvart rom sitt nummer, kvar vegg ein bokstav, N, A, S og V etter himmel-leidene, og så nummerere kvart bord att.
«9 V 12» på biletet (fig. 5) vil altså seia at vi er i rom nr. 9 på vest-veggen, og at det er bord nr. 12 frå venstre vi har for oss. Merk horisontal-lina.
Alt listverk: fotlister, taklister, glas- og dørlister må nummerereast tilsvarande. Når så kvar einaste trebit har fått si påskrift, kan rivinga ta til.
Det er greit å ha ein protokoll for handa, der ein skriv opp kva som høyrer til kvar fasade og til kvart rom.
Ein tar til dømes med eit hyrna, fører opp kor mange bord det er til første vindauga kvar i nummerrekkja vi finn borda over og under vindauga, kor mange bord til neste vindauga, derifrå til andre hyrna, vidare til første dør, derifrå til brannmuren, osb. osb., alt saman retteleg keidsamt arbeid for den som ikkje er serleg glad i bokføring; men det er overlagt nyttig når vi kjem så langt at vi skal til med det meir morosame: å reise huset att.

I panelte hus er det meir om å gjera enn elles at det vert grudigt fotografert inne. Det er bra å få bilete av kvar vegg, og ein må vera viss om at alle detaljar vert med. For at det skal verta lettare å kjenna seg att på bileta seinare, kan ein flytta rundt ein lapp med rom-nummeret på etter kvart som ein fotograferer (jfr. Fig. 7)

Når ein riv, tar ein først vare på steinar, heller og slikt som ligg utanfor huset og som skal vera med. Dette merker ein med mønje eller liknande på undersida. Dernest tar ein ut alle vindaugsråmer, for dryger ein med det, kan det lett gå sund under rivinga. Så kjem turen til panelet. Etter kvart som ein riv, buntar ein borda saman i høvelege lyft, og legg påskriftene slik at det ikkje blir vaska bort under transport og lagring. Bord som høyrer saman i huset, må koma i same bunten, så det blir lett å ta att seinare. Skulle ein vera så uheldig at eit bord går sundt, må ein ta vare på kvar avsprotten flis med det same og festa henne til bordet, eller til bunten vedkomande bord ligg i. Til buntinga nytter ein sterk hyssing eller helst ståltråd. Er ein utsett for at tråden kan setja merke i borda, må ein leggja inn tynne lekter eller liknande på slike stader. – Derfom borda har verdfull måling, t.d. rosemåling, eller målinga har lett for å gå av, då heiter det at ein skal leggja husvatt mellom borda. Slikt er vanskeleg å få, men eit slags billeg cellulosevatt til bygnings-bruk bør gjera tenesta. Om målinga ikkje tåler vatn, må borda pakkast inn med vasstett papir dersom det skal lastast om på vegen, og elles om veret er utrygt. Same framgangsmåten må til om det er tlmmerstokkar som har dårleg måling. Det beste bør vera å unngå omlasting og få sendt slike utolige ting beinveges til museet i overdekt vogn.
Kvar bunt bør få ein merkelapp, det gjer det end ålettare å finna ting att når ein skal setja huset opp att.
Etter at huset har fått av seg all bordkledninga, må ein ta for seg den tømra kjerna plent på same måten som i første dømet. Merket for nivelleringsplanet fører ein etter kvart over frå panelet og inn på tømmeret ved alle opningar og hyrner.
Av piper, brannmurar, pussa tak og likannde må ein ta av eit flak frå kvar til prøve. Profilerte gips- og pussarbeid som ein ikkje kan få med seg, må ein og ta prøve av; men slike ting, anten det er brannmurar, trekte tak eller gesimsar, freistar ein å få med så heilt som råd. Det er ein noko meir omstendeleg prosess som eg vil springa forbu her. Teglstein og taktegl plar ein til vanleg ikkje nummerere.
Etter at alt dette er kome ned, kan vi ta til å riva takverket, og så ta veggene nedover til grunnen. Om grunnmuren skal vera med eller ikkje, er vel mei reit økoomisk enn eit kulturhistorisk spørsmål.
Ofte er det ein låg – eller ingen – mur under gamle hus, men på museet skal levetida lengjast, og då bør huset opp frå bakken, og då vil muren likevel ta seg annarleis ut. Var det mur under huset, bør ein i det minste ta med prøver av steinen.
Når så alt vi vil ha er kome bort frå tufta, må grunnen granskast, om det skulle finnast noko der av interesse for historia til huset.
Vi har til no berre tala om tømmerhus, ukledde eller bordkledde. Sjeldnare får vi til oppgåve å flytte bindingsverkshus eller reisverkshus. Prinsippet med oppmåling, nivellering, merking, sending osb. skulle vera så mykje tilsvarande at eg seier ikkje mykje serskilt om det. Vi slepp som regel så mykje lettare frå det enn til dømes danskane med sine bindingsverkshus.
Der vi greier oss med å måle avstandar til eit horisontalt plan, må dei også nytta mange vertikale plan for å få med det uregelrette i veggene. Eit lafta hus kjem opp så skeivt det skal av seg sjølv berre salingshhøgda vår er rett.
Danskane må også snora opp vertikale plan å retta seg etter. Skulle vi få til oppgåve å flytte eit bindingsverkshus, bør vi altså over Skagerak og rådføre oss.
Vanskelegare endå vert det når ein skal flytte murhus. Her har eg diverre inga eiga røynsle, og det vert berre nokre teoretiske synsmåtar eg kan koma med.
Som kjent er einingane i murhus mykje mindre enn i trehus: ein murstein er gjerne mindre enn ein tømmerstokk eller eit panelbord. Om ein skal setja opp eit murhus att plent slik det var, må det difor verta eit mykje større arbeid enn med trehus. Men jamvel om vi merker kvar einaste stein i hus, og kan vera viss på at dei alle kjem på plass att i same rekkjefylkge som før, så vert det like fullt eit endå større arbeid å passa på at den innbyrdes avstanden – eller m.a.o. tjukna på fugene – vert som før. Til dessar har difor alle musé – så vidt eg veit – måtta resignere på dette punktet, og dei har berre sett opp att kopiar av dei gamle murhusa, og ikkje noko meir.
No får det vera nok om rivningsarbeid, og så kjem vi til arbeidet med å byggja huset opp att. Eg har alt nemnt litt om framgangsmåten med einfelde tømmerhhus. Det melder seg ikkje noko nemneverdige nye problem med dei andre heller, medmindre huset vart ombygt, brugda eller serleg forfalle før vi reiv det. Men då kan det leggjast mange ulike synsmåtar til grunn for atterreisinga. Å få med alle sider av desse, held eg for svært vanskeleg, og vil difor berre ta for meg dei to ytter-standpunkta. Det eine kan ein seia heng saman med det gamle restaureringsprinsippet at huset skulle førast attende til si opphavelege form. All seinare omgjering skulle bort, og der ein detalj som beitski eller svalstolpe var fornya, der laga dei ein endå nyare, slik dei trudde den gamle hadde vori.
Framgangsmåten tiltalar dei romantikarar som tykkjer det eldste er det mest verdfulle, men elles er det fleire innvendingar mot han: For det første kan vi sjeldan vera heilt visse på korleis huset frå først dåg ut, og mang ei slik tilbakeføring har vori meir eller mindre fri fantasi. For det andre kan vi verta nøydde til å skala bort kulturelt verdfulle og vakre ting om seinare tilvekstar skal bort. For det tridje kan dei ha brigda den opphavelege forma til huset då dei bygde om eller til, brigda det så mykje at det vert uråd å få fram att den opphavlege forma. Om dei t.d. har øksa av tømmeret då dei bordkledde huset, då er det ikkje godt å få fram at upanelte, rundtømra vegger.
Det andre ytterstandpunktet er at museet set opp att huset i alle delar plent slik det var der det sto utan å dra frå eller leggja til den minste ting. Om dette kan det og seiast godt og vondt. Først litt godt: Dersom huset er bra vedlikehalde, endå om det står der skeivt og skakt, vil alt det uregelrette ha sin store sjarm som det er synd å restaurere bort. Dessutan er, som nemnt, det vitskaplege verde for seinare granskarar større di mindre inngrep vi gjer med huset.
Men på den andre sida bør ein heller ikkje spara så mykje på inngrepa at vi tar forfallet med oss inn på museet. Defektar som lekkasjar og rotedom som tvillaust vil dra andre ulukker etter seg, bør ein ikkje setja opp att ubrigda. Her kan eg tvert i mot t.d. tenkja meg å nytta moderne tekkjefang som papp og plater under eit torvtak, når berre det vert gjort usynleg og teknisk forsvarleg. Det verner huset og sparar vedlikehaldet.
Ei anna innvending mot det andre «ytterstandpunktet» kan ein gjera om ein smaklaus eigar eller vandal har gjort om huset i åra like før museet overtok det. Det kan ikkje vera meining i å ta med slike tvilsame kulturverdiar.

Ei tridje innvending gjeld murhusa. Vanskane med å flytta dei ubrigda er som nemnt så store at ikkje noko norsk musé har freista seg på det endå. Men ein bør ikkje gje seg for det. Det kan vera så mange ting i eit murhus det kan lukkast å ta vare på; så om dei er rike og verdfulle nok, kan ein likevel forvara å flytta eit murhus. Snekkararbeid som trapper, golv, takverk, dører, vindauga, listverk og liknande vil ein få sjå att som det var, likeeins gipsarbeid i gesimasar, trekte tak, brannmusrar, smiarbeid og m.a. vil vi og få ubrigda. Romverknaden vil ein og få att som han var når ein har heilt noggrane oppmålingar å gå etter. Det vil ein få jamvel om ein set opp ein kopi av eit murhus i betong, berre flatehandsaminga vert ubrigda.
Når det no er sagt så mykje stygt om desse to «ytterstandpunkta», då skulle ein tru det fanst eit bra mellomstandpunkt. Men: nei! Det einaste prinsippet ein kan hylle, det er å ikkje hylle noko prinsipp.
Vi må i kvart einksild tilfelle tenkja etter kva vi vil visa med huset, og så vega opp mot kvarandre så godt som råd dei føremonar og ettermonar ein rekonstruksjon eller ei ubrigda atterresing fører med seg, og så setja opp huset etter det. Ein ting bør vi likevel akta på, det er at vi ikkje må hogge i gamle friske delar.
Men: nei! Det einaste prinsippet ein kan hylle, det er å ikkje hylle noko prinsipp.
Om t.d. ei beitski er for lang, så tømmeret ikkje får siga, om ein ås er for høg, så taktroet ligg ujamt, så må vi ikkje retta slike småsynder dei gamle har gjort, for det er alle sider ved det gamle handverket som skal fram.
Når vi så endeleg har fått huset opp att, rosverdigt eller risverdigt gjort, då kan vi mest seia som ein engströmfigur, han hadde berga liket av ein seljeger og hadde dessutan fått med huva, børsa, pelsen og matspannet: «Så dä va då egentligen bara själva livet, som gick förlorat». Men om vi no tykkjer vi har berga bygningskroppen, bør vi også freista med å få med oss litt av «själva livet», visa korleis folk har streva og levt i huset. Då først bør publikum få sleppa inn. Men då krevst det eit stort arbeid med alt laust og fast inventar, reiskap og 1000 andre ting. Dette kan kanskje verta eit emne på neste årsmøtet.
Om forfatteren:

Arne Berg (1917–2012)
Arkitekt 1941
Ansatt på Norsk Folkemuseum 1949–1984:
Konservator 1949, førstekonservator 1950
Arbeidsområde: Bygningshistorie
Arne Berg harr bl.a. skrevet
«Norske gardstun» (1968)
«Norske tømmerhus frå mellomalderen» (1989-1998)
Meir informasjon på Norsk Folkemuseums sider
Museumsnytt 70 år
«Om gale skal vera og hus må flyttast» av Arne Berg er den aller første artikkelen i Museumsnytt nokonsinne.
Fagbladet fyller 70 år i 2021, noko vi feirer mellom anna med å publisere gull frå arkivet. Vi treng din hjelp til å finne ein del av gullet: Om du er kjent med artiklar som har vore publisert i Museumsnytt tidlegare som du ønsker å lese opp att, er det fint om du tek kontakt med redaksjonen.
Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1-1951). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- pr år.