UNESCO ønsker i anbefalingane om etikk rundt KI frå 2021 at KI skal bidra til betre opplevingar av kulturarv, gjennom nye moglegheiter til blant anna bevaring, forvalting og tilgang. Dei ber medlemsstatar oppmuntre ABM-institusjonar til å bruke KI til å berike katalogane og løfte fram samlingane.

På ICOM-konferansen i haust lanserte ICOM og UNESCO eit initiativ for etiske, inkluderande og berekraftige KI-teknologiar i museum. NEMO, the Network of European Museum Organisations, publiserte i fjor anbefalingar for utforming av retningslinjer for bruk av KI i museum: det må investerast i infrastruktur, personell og opplæring, det må etablerast innovasjonsnettverk og kompetansesenter for KI, og musea sjølv må vere sentrale i utvikling av etisk praksis. Men korleis ligg vi an i Noreg?
Treng programvare og brukargrensesnitt
Eg trur vi kan slå fast at dei fleste små og mellomstore museum ikkje har god nok infrastruktur, nok personell og nok opplæring. Bruk av KI ser ut til ofte å vere avhengig av spesiell interesse hos enkelttilsette. I små museum gjer ein tilsett gjerne alt frå administrasjon, via forskings- og utviklingsarbeid og utstillingsproduksjon, til undervisning, i tillegg til samlingsforvaltning – der dei fleste også har store restansar. Det kan gje lite tid og overskot til å lære å bruke og trene KI.
Vi kan openbert ha stor nytte av KI i samlingsforvaltinga, til for eksempel hjelp til motiv- eller innhaldsbeskrivingar og emneord på foto, og forslag til transkribering og samandrag av tale i film- og lydopptak. Til det treng vi programvare og brukargrensesnitt som er lagt til rette for vår bruk, med for eksempel bildeanalyse, tekstgjenkjenning og semantisk analyse. Hittil kan tilgang på programvare vere eit hinder for å ta i bruk KI, og tilgangen kan vere avhengig av museet sin økonomi.
Treng nettverk
NEMO si andre anbefaling er innovasjonsnettverk og kompetansesenter. Vi har eksempel på at det går føre seg testing av KI i samlingsforvalting. Enkelte museum prøver seg fram med å kombinere ulike dataverktøy med KI til handtering av metadata for raskare katalogisering og publisering av større mengder foto. Men ingen ser enno ut til å klare det utan Excel. Noko etablert nettverk ser ikkje ut til å finnast, men når det gjeld kompetansesenter er det ei styrke at vi har Nasjonalbiblioteket og KulturIT.
Nasjonalbiblioteket utviklar KI, trena på sitt eige, norskspråklege korpus. Min institusjon har prøvd å ta i bruk transkriberings-KI-en deira på lydfiler, men støytte på problem med personvern og datatryggleik, så den måtte vi køyre frå DOS på ein off-grid-PC. Openbert ikkje brukarvenleg i dei fleste sin kvardag.
Treng samarbeid
Nasjonalbiblioteket sitt oppdrag har de siste åra endra seg til å skulle tene også musea, og har begynt å samarbeide med KulturIT om fillagring. I prosjektet Kulturarvdigitaliseringa produserer Nasjonalbiblioteket enorme mengder lydfiler, filmfiler og etter kvart også bildefiler for musea som inngår avtale om det. Dette krev mykje etterarbeid med katalogisering, for eksempel med nemnde ting som motiv-beskrivingar, emneord og transkribering. KI ser ut som eit nødvendig verktøy for å komme dit at materialet blir publisert og tilgjengeleg for publikum, som jo er eit mål med Kulturarvdigitaliseringa.
Kan Nasjonalbiblioteket og KulturIT sitt samarbeid bli forlenga og utvida til å gjelde samarbeid om utvikling av slik KI? KulturIT er i startgropa på utvikling av KI integrert i for eksempel museumsdatabasen Primus. Dei har informert om at dei vil utvikle interne KI-tenester som gir betre datatryggleik for museene. Modellane dei vil utvikle, vil vere mindre (og mindre kraftige), og kan gi litt mindre nøyaktige svar. Til gjengjeld vil de vere trena på KulturIT og musea sine data – og vil bli meir spesialisert og krevje mindre kraft.
Må sjølv ta ansvar for etikken
Et viktig aspekt med å ta i bruk kunstig intelligens, er at musea sjølv må ta ansvar for utvikling av ein etisk forsvarleg praksis. Med den tredje og siste anbefalinga ønsker NEMO å løfte fram diskusjonen om bruk av KI i musea og sikre at sektoren sjølv deltek i integrering av KI. Samfunnet har stor tillit til museum som organisasjon, og vi må bruke denne tilliten til å gje riktig informasjon og motverke feilinformasjon i bruk av KI.
Verktøya kan verke «nøytrale», men det ligg utvalde verdiar i botnen av dei. Det er kanskje ikkje innlysande at verdival betyr noko for samlingsforvaltinga? Eit uskyldig eksempel er at ChatGPT kan bli litt svulstig, og det kan være tidkrevjande å få den til å lage meir nøkterne tekstar utan følelsar og adjektiv. Vi skal også passe oss for forflating av språket i katalogane, og at for eksempel dialektord og lokale namn på ting ikkje forsvinn (ref. UNESCO).
Viktige ting på spel
Det er viktige ting på spel her, som angår musea sin samfunnsrolle og tilliten samfunnet har til musea. Skal vi bruke KI til katalogisering, må vi sørge for at grunnleggande prinsipp om mangfald og inkludering blir implementert. UNESCO held fram menneskerettar og menneskeverd som viktige punkt i utvikling og bruk av teknologien, og ikkje minst at KI alltid skal ha «påsyn» av menneske.
Eit anna viktig aspekt er datatryggleik rundt personvern, opphavsrett og sensitive data. Musea behandlar og lagrar mykje (sensitive) personopplysingar. For produsentar av åndsverk som fotografiske verk/bilde, film- og lydopptak må vi sørge for at rettane blir vareteke. Som KulturIT har peikt på, passar eksterne modellar av KI til oppgåver der datatryggleik ikkje er viktig. De kan yte betre og har «uendeleg» med ressursar.
På tide å løfte fram diskusjonen
Men dette dreg med seg etiske spørsmål rundt klima, miljø og berekraft – verdiar mange museum set høgt – sidan dei store KI-modellane er dyre i drift og ressurskrevjande med høge CO2-utslepp. Interne, små modellar som KulturIT snakkar om å utvikle, kan bruke mindre kraft, tilpassast betre til musea sine oppgåver og behov, og betre vareta tryggleik rundt personopplysingar.
Det kan også bli ei etisk problemstilling viss det blir store ulikheiter i kva museum som har økonomi til å ta i bruk KI, eller i kven som klarer å prioritere å ta i bruk KI på en god/riktig måte. Kan det skape «klasseskilje»? Vi museum treng å ta i bruk KI, og å ha ei bevisst haldning til bruken. Viss ikkje, kan det få konsekvensar for kunnskapsutviklinga i musea, og det har heilt klart konsekvensar for kor tilgjengelege samlingane våre er/blir for publikum. Det er kanskje tida no for å satse meir på infrastruktur og personell, og få i gang eit nasjonalt kompetansenettverk og løfte fram diskusjonen om musea sin rolle i bruk av KI?
Kronikken er bygd på eit innlegg heldt ved Forskerforbundet ved Museer og Kulturminnevern (FMK) sitt fagseminar 2025.
Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.

