I juni vart ein klimatisert semitrailer fylt med audiovisuelt materiale og over to millionar foto frå samlingane til Museene i Akershus (MiA). Traileren reiste frå Strømmen torsdag 25. juni til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Der blir fotografia, filmane og lydopptaka no sortert og digitalisert.
Sjå også artikkelen Massedigitalisering av lav
Foto på reisefot
Samlinga inneheld mellom anna heile arkivet etter Østlandets Blad. Det betyr at nyheitsbiletet gjennom meir enn 100 år no vert digitalisert og etter kvart gjort tilgjengeleg for publikum, skriv MiA på nettsidene sine. I tillegg var arkiva etter Sefrak og Widerø med i traileren, saman med filmsamlinga og lydsamlinga frå privatarkivet.
– Nasjonalbiblioteket er no godt i gang med arkivet til Østlandets blad, fortel prosjektleiar ved MiA Joanna Iranowska til Museumsnytt i byrjinga av september.
– Dei har ordna og klargjort til digitalisering av personarkivet, som utgjer om lag ein tredel av dette arkivet. Og dei er i gang med skanninga, seier ho.
Medan museet ventar på å få materialet tilbake ferdig digitalisert, ein gong i haust, jobbar dei med klargjering av neste transport som skal avgarde i desember.
Utvikle metode
Digitaliseringa er ein pilot for Nasjonalbibliotekets nye oppdrag om å massedigitalisere musea sine foto og audiovisuelle materiale. Oppdraget kom i stand som svar på Riksrevisjonen si flengande kritikk av digitaliseringssituasjonen ved norske museum og arkiv i 2017. Då regjeringa i 2019 avgjorde å legge ned lisenskontoret i Mo i Rana, vart det som kompensasjon oppretta 70 nye stillingar ved Nasjonalbibliotekets digitaliseringsfabrikk same stad.
I piloten skal MiA og Nasjonalbiblioteket utvikle modell og metode for arbeidet, for god oppbevaring av materialet og for tilgjengeliggjering for publikum. Dette skal andre museum kunne dra nytte av når deira samlingar står for tur. Dei vil også undersøke korleis bileta og metadata vert sendt tilbake til musea og korleis dei kan effektivisere denne utvekslinga. For digitaliseringsprosjektet skal etterkvart omfatte alle musea som får støtte frå Kulturdepartementet.
– Kva erfaringar har de gjort så langt?
– Vi har i alle fall merka auka interesse for arkiva våre etter nokre medieoppslag i sommar. Folk har tatt kontakt, seier Iranowska.
– Ellers dukker det opp nokre mindre tekniske problemstillingar av og til, som for eksempel spørsmålet om ein skal registrere metadata i bildefilene eller i separate filer, forklarer ho.
– Korleis endte det? Blei det avklart?
– Vi jobbar fortsatt med å utvikle den mest optimale og effektive løysninga, svarar prosjektleiaren.
Sjå også artikkelen Massedigitalisering av lav
Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3/2020). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- i året).