Då landets fylkeskommunar vart redusert frå 18 til 11 i januar i år skulle dei bli styrkte forvaltningsledd med eit stort ansvar for mellom anna norsk kulturliv.
Men i skuggen av ein pandemi er det mykje som kan gå under radaren. Og det vart verkeleg ikkje mykje bråk då den relativt nyslåtte kultur- og likestillingsministeren Abid Q. Raja annonserte at kulturdelen av regionreforma vart avlyst.
Raja hadde lytta til folket:
«På grunnlag av god og grundig dialog det siste året har regjeringen besluttet at vi ikke går videre med forslaget om å overføre et større ansvar på kulturområdet til fylkeskommunene som ledd i regionreformen», sa han i ei pressemelding 5. mai.
Reforma ingen ville ha
Det var ikkje berre Covid 19 som gjorde at det ikkje vart gjort ein stor sak av dette. Det var kulturreforma «ingen» ville ha, og tilsynelatande fekk sektoren det som dei ville:
«Svært letta», «fornuftig reformskroting» og «eg er så letta at eg ikkje har ord», var blant overskriftene i avisene 5. mai. Til og med mange fylkeskommunar hadde vorte skeptiske etterkvart som det vart klart at det ville følgje lite pengar med. Norges museumsforbund og andre interesseorganisasjonar har heile tida vore kritiske til reforma. Svært mange museum har òg vore skeptiske. Og no slepp dei å frykte «utidig innblanding» og problem med styringskåte fylkeskommunar med for mykje makt. Dei slepp å frykte underfinansiering på grunn av manglande prioritering i fylkesbudsjetta. Dei kan fortsatt stole på ein kontinuitet som staten ved KUD på eit vis skal representere.
Ønska tydelegare rolle
Men for nokre av regionane var dette skuffande:

– Det er klart vi vart skuffa, seier Karen Espelund. Ho har på intervjutidspunktet nettopp fått jobben som ny administrerande direktør for Museene i Sør-Trøndelag (MiST), men er enn så lenge fortsatt i stillinga si som kulturdirektør i Trøndelag fylkeskommune.
– Vi har vore ein tydeleg fylkeskommune på dette området. Trøndelag slo seg jo saman på eiga initiativ, mellom anna for å kunne by oss fram for større oppgåver. Kulturpolitikken var eitt av områda der vi ønska ein tydelegare rolle og sterkare politikk, seier Espelund.
Ville fått betre samordning
I Vestland fylkeskommune har ein også kjent seg klare for dei nye oppgåvene.
– For oss var det sjølvsagt skuffande at regionreforma på kulturfeltet vart skrota, seier David J. Aasen Sandved, seksjonssjef i seksjon for kulturarv.
– At museumssektoren framleis skal vere eit statleg hovudansvar gjer at vi kjem litt haltande ut av ei elles vellukka reform.
Sandved meiner fylkeskommunane sin tradisjon for å sjå museumssektoren og kulturminnesektoren samla ville vore eit fortrinn viss dei fikk overta ansvaret for musea.
– Til dømes ville det styrka samanhengen mellom forvaltinga av materiell og immateriell kulturarv. Den sterkt sektoriserte staten klarer dette sjeldnast, meiner Sandved. Han viser óg til kulturmiljømeldinga «Nye mål i kulturmiljøpolitikken Engasjement, bærekraft og mangfold» (Meld. St. 16) som Klima- og miljødepartementet la fram i april.
– Meldinga peiker på sektorovergripande arbeid og behov for meir tverdepartementalt samarbeid og koordinering. Slik det er i dag klarar ikkje dei ulike departementa å samarbeide godt nok, meiner Sandved.
Sjansen som glapp

Sandved er også uroleg for finansieringa av musea i sin region, no som staten framleis skal ha hovudansvaret for musea. Han viser til at musea i tidlegare Hordaland over mange år har hatt ein betydeleg lågare andel statleg finansiering enn musea i dei fleste andre fylke.
– Som hovudansvarleg må staten sjølv erkjenne at denne skeivfordelinga må rettast opp, og den erkjenninga kjem nok aldri, seier Sandved.
I 2017 sto KUD for under 40 prosent av den offentlege finansieringa av musea i Hordaland. Gjennomsnittet på landsbasis låg på 67 prosent. I samband med den tredelte finansieringa som vart innført med museumsreforma omkring årtusenskiftet, har det vore meininga at regionane til saman skal bidra med omkring 40 prosent, og staten med omkring 60. I Hordaland og i Rogaland har dette tilhøvet vore snudd på hovudet, og i Vestland så har dei sett regionreforma som ein moglegheit til å få endra på dette.
– Så regionreforma kan ha vore sjansen som glapp, og no er regionalforvaltinga satt til å spele andre fiolin, seier Sandved.
Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3/2020). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)