Eg var med på lasset då kjærasten min deltok på ICOM-konferanse i Jerevan på seinhausten. Den armenske museumsfamilien tok imot med stor iver – ikkje berre ho som skulle snakka om museumsetikk, men òg blindpassasjeren. ICOM Armenia-leiar Hayk Mkrtchyan synte seg som eit naturleg intervjuobjekt. Det kjem eg tilbake til.
Vemodige Ararat
Først eit sårt augeblikk saman med Martin, ein 30-årig økonom som på fritida guidar turistar rundt med den svarte bilen sin. Me har vore ein tur nord mot den georgiske grensa og besøkt ettertrakta kulturminne i herleg natur. Det er låg sol då me køyrer mot hovudstaden igjen. Ned frå ein knusktørr fjellpassasje breier Ararat-dalen seg ut framfor oss. Jerevan ligg som ei maurtue midt i steppelandskapet, og bak kviler snøkledde Ararat – der legenda sette Noas ark på fast grunn. Martin skrur på mollstemt folkemusikk med duduk-fløyte og peikar på Ararat.
– Denne musikken og det fjellet. Eg blir alltid melankolsk. Trur alle her blir det. Det er som det ligg i genane.
Ararat er sterkt knytt til armensk identitet. Martin fortel at Armenia var første landet som gjorde kristendommen til statsreligion, i år 301. Dette har me alt høyrt fleire gonger før. Til og med drosjesjåføren som køyrde oss inn til byen frå flyplassen, og som knapt kunne engelsk, greidde med stort strev å formidla denne bodskapen. Den nasjonale religionshistoria forsterkar Ararat si betydning som heilagt landemerke og nasjonalsymbol. Men Martin og landsmennene si store sorg er at fjellet ikkje ligg i Armenia lenger. Kort distanse frå Jerevan møter ein grensa til Tyrkia, og den grensa er ettertrykkeleg stengd.
Internasjonale Armenia
Stengde grenser og eit langt liv bak jarnteppet, det er tunge avsnitt i armensk historie. Lenin-statuen på Republikkplassen blei raskt fjerna etter at landet vart fri frå Sovjetunionen i 1990. Framleis, og kanskje akselererande, jagar Armenia etter samband med omverda, og særleg Europa.

Hayk Mkrtchyan sit klar på italienske Café de Angelo. Han jobbar i Cultural Department Foundation Armenia, under Departementet for utdanning, vitskap, kultur og sport. Han har vore styreleiar i ICOM Armenia sidan 2021. Det svevar sløv jazz i bakgrunnen. Hayk er rett på sak. Han ynskjer å fortelja verda kva som rører seg i det armenske museumsmiljøet.
– Musea her i landet er stort sett statlege. Drifta er så godt som fullfinansiert av staten, og dei som jobbar i musea, er tilsette i staten og får løna si derfrå. Men det betyr ikkje at det offentlege styrer innhaldet i musea.
Hayk, som tok MBA-en sin ved University of Sheffield i Storbritannia, er oppteken av at musea i Armenia er frampå, og at dei ynskjer å vera aktive og gagnlege deltakarar i det internasjonale museumsfellesskapet. Han fortel at ICOM Armenia i dag har 210 individuelle og åtte institusjonelle medlemer, med Yerevan State University som det sist ankomne. Dei armenske musea er svært internasjonalt orienterte, og det utanlandske samarbeidet er i svært stor grad resultat av ICOM sin strategi. Over 300 internasjonale museumsekspertar har kome til landet etter at ICOM Armenia blei oppretta i 2008.

Musea i Jerevan
Ganske uventa framstår Armenia desse dagane som eit museumsknutepunkt. Ved frukostane på hotellet dukkar kjente ICOM-travarar opp, frå Italia, Spania, Nederland, England. Det er ikkje lenge sidan førre ICOM-konferanse i byen. Hayk og kollegaene i styret jobbar hardt og godt.
Og musea er verde å merka seg. Jerevan har eit knippe knallsterke. The History Museum of Armenia er rekna som landet sitt nasjonalmuseum, etablert i 1919. Det ligg i same prominente bygg som The National Gallery og The Museum of Literature and Art of Armenia. Alle desse musea har framifrå samlingar, innan arkeologi, biletkunst, etnografi og skriftleg historie, og dei samarbeider tett med museum verda over.
Armenia er rekna for å vera eit av dei eldste landa i verda, truleg med busetnad heilt frå sivilisasjonens byrjing. Så eg prioriterte det historiske museet, som òg var vertskap for ICOM-konferansen i samband med 105-årsjubileet sitt.
Gjennomgangen av Armenia si historie er svært skikkeleg gjord. Alt sirklar rundt interessante gjenstandar, fint presenterte, stundom med openlys ærefrykt. Eit høgdepunkt er den internasjonale utstillinga «Mother Goddess: From Anahit to Mary», som for første gong i Armenia viser fram det vidkjente bronsehovudet og handa til gudinna Anahit, utlånt frå British Museum.

Manuskriptmuseet Matendaran
Inspirerande, og imponerande, er også Matenadaran. Manuskriptmuseet har eit arkiv på rundt 20 000 objekt, og gjennom skiftande utstillingar får me nærkontakt med gamle trykte bøker, eksklusive miniatyrar, skjøre manuskript som er redda under dramatisk flukt.
Ein monter viser fram homilieboka frå Mush, byen som ligg i dagens Tyrkia. Denne samlinga av religiøse tekstar, skriven på pergament mellom 1200 og 1202, er det største kjente armenske manuskriptet og veg 27 kg. Guiden fortel om boka sitt utrulege liv. Ein mørk dag i 1915 vart boka delt i to for å kunna reddast unna då soldatar kom til Mush med massakre i blikket. Éi kvinne fekk sin del i sikkerheit i ein annan by. Venninna rømte med andre delen til neste kloster, der ho døydde. Denne delen blei seinare oppdaga av ein russisk soldat. No er altså begge delane samla og trygt oppbevarte i Matenadaran.
I forvaltinga er museet høgteknologisk, og guiden uttrykker det som verkar til å vera eit generelt mantra: «Kjære gjest, det me viser deg her, er viktig.»

Folkemordmuseet
Steg for steg blir me dratt mot dei dramatiske og vonde delane av armensk historie. The Armenian Genocide Museum-Institute, Folkemordmuseet, ligg i utkanten av byen og dykkar djupt og utan filter ned i bekmørkeret.
Anlegget er både museum og minnesmerke dedikert til dei som mista livet i det armenske folkemordet, ei nemning som blir brukt om den tvungne massedeportasjonen og massedrapa på armenarar i Det osmanske riket åra 1915–20, utført av det ungtyrkiske regimet. Det var dette også armenarane i Mush vart offer for. 29 land, inkludert slike som Storbritannia, Tyskland, Frankrike, reknar hendingane offisielt som folkemord. Men Noreg gjer det ikkje.
På kafeen spør eg Hayk kva han tenkjer om at Noreg ikkje er med.
– Det er ikkje så viktig. For oss er det eitt land som er avgjerande. Me treng at Tyrkia vedkjenner at dette var eit folkemord. Noreg vil alltid ha ei stjerne hjå armenarane gjennom innsatsen Fritjof Nansen gjorde for oss i etterkant av folkemordet.
Inne i Folkemordmuseet heng det bilete av Nansen og medarbeidaren Vidkun Quisling under hjelpearbeidet i Armenia i 1925. Nansen har også sitt eige vesle museum i byen, men dette var stengt i haust.

Alltid Ararat
Det kjennest ganske trygt å gå rundt i gatene i Jerevan. Etter det alle seier, kan skjørtekledde kvinner fint gå åleine heim frå fest her midt på natta. Det er til å tru på. For på annakvart gatehjørne står uniformerte muskelbuntar med automatvåpen. Statsmakta går for stålkontroll.
Den forunderlege miksen av lettliva shopping i strøkne handlegater og skarpladd ordensmakt på lur er kanskje ein god illustrasjon på Armenia. Freden og harmonien er skjør. Armenia og Aserbajdsjan er i konflikt over grenseområdet Nagorno-Karabakh, og dei siste kamphandlingane var så seint som i 2023.
– You can’t choose your neighbours, seier Hayk. I tillegg til Aserbajdsjan deler Armenia grense med Georgia, Iran og Tyrkia. Den tyrkiske er på eit vis den vanskelegaste. Tung historikk gjer det fjernt å sjå for deg eit venskapleg forhold over den grensa. Og bak denne ligg Ararat.
Rundtom i Jerevan er namnet jamt synleg på skilt og plakatar. Du finn Ararat Hotel og luksushotellet Yerevan Land of Ararat, Ararat Bank, den profesjonelle fotballklubben FC Ararat Yerevan, Ararat Restaurant, Ararat Tavern og så vidare.

Ikkje minst finst Ararat Museum, i fabrikkbygget til Yerevan Brandy Company, som har produsert brandy sidan 1887. Siste kvelden på ICOM-konferansen er deltakarane, og det som heng ved av kjærastar og liknande, på omvising og smaksrunde her. I dette museet viser Armenia seg fullt ut frå si glitrande og søte side. Omvisinga er livleg og innbydande, og på veggene heng foto av alt frå Boris Jeltsin til George Clooney som er på besøk og prøver den legendariske smaken av armensk brandy, som det heiter.
Brandy-smakinga sist i programmet er ein raus seanse. Etter å ha sett til livs ein serie av årgangar, den eine betre enn den andre, snakkar eg flytande armensk. Det blei nok ei sterk museumsoppleving, kan eg konkludera.
Set gjerne eit kryss ved Armenia. For eit museumsmenneske er dette eit svært interessant land å besøka – fasinerande og lærerikt. Ikkje minst er det umåteleg vakkert her. Det verkar på sin plass at Armenia er på topplista til Lonely Planet over reisemål i 2025.

FAKTA // Museumsetikk i krevjande tider
Museumskonferansen, organisert av The History Museum of Armenia og ICOM Armenia i samarbeid med ICETHICS (ICOM sin internasjonale komité for etiske dilemma) og ICTOP (ICOM sin internasjonale komité for opplæring av personale), hadde tittelen «Museum Professionalism and Ethics in Challenging Times». Konferansen tok opp korleis globale utfordringar som klimakrisa, pandemiar, avkolonisering, krig, polarisering og ulikskap påverkar både samfunnet og musea. Dette vart sett i lys av den nye museumsdefinisjonen.
Nokre av innlegga
Hamlet Petrosyan (Armenia): «War, museum and professional ethics in the context of the Armenian-Azerbaijani conflict».
Kathrin Pabst (Norge): «Be prepared and know your values. How professionalism and ethics can ease the burden».
Sadreddin Taheri (Iran): «Ethical and Professional Narratives in Genocide Museums».
Knut Markhus har jobba i mange år i museumsfeltet, mellom anna som direktør for Kraftmuseet. Han er nå frilansar og dagleg leiar for ABM-Media AS.
Denne reportasjen står på trykk i Museum nr. 1 25, der krise er eit sentralt tema.
Fleire av artiklane er digitalisert, se vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.