Nyleg stilte stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt frå Rødt spørsmål til statsråd Jaffery der ho etterlyste ei satsing på bygningsvern i musea. Etterslepet er stort og godt dokumentert, sa ho, og viste til ei nasjonal kartlegging frå 2019. Svaret frå statsråden var som venta. Med ein inntektsvekst på over ein milliard kroner dei siste ti åra, har musea pengane som skal til, sa ho.
Men Jaffery bommar på detaljane om veksten. Sidan 2015 har tilskottet frå staten rett nok auka med 1,2 milliardar kroner, frå 1,3 i 2014 til 2,5 i 2024. Men i ein samtale om handlingsrommet for bygningsvernet må statsråden skilje mellom dei musea som forvaltar hus og dei som ikkje gjer det. For om veksten har vore stor, har den ikkje vore like stor for alle.
Berre fleire krav
For 50 museum med historiske bygningssamlingar har veksten i det statlege tilskottet vore marginal, knappe 500 millionar kroner. Jaffery må gjerne snakke varmt om den totale auka, men tilskottsveksten til dei 50 er smular og dekker knapt nok løns- og prisveksten. Då er det annleis for Nasjonalmuseet – som åleine har fått ei påplussing på 700 millionar kroner.
Ingenting er galt med det. Tvert i mot har eit samla Museums-Noreg hylla bygget og drifta, men på spørsmål om rammene for bygningsvernet, kan ikkje Jaffery rekne med inntektsauken til dette museet. Det blir som å skrøyte av tømmerprisane i ein samtale med hardt prøva mjølkebønder.
Jaffery snakkar om vekst, men for mange museum peikar inntektspila i motsett retning. I åra 2021–2023 var kompensasjonen frå staten særleg svak. Paradoksalt nok kom det i desse åra ytterlegare krav til leveranse – særleg innfor områda forsking, digitalisering, mangfald, kritisk samfunnsrolle – og samhandling med alle sektorar. På desse områda gjer musea allereie mykje. Det skulle på eit vis berre mangle. Musea er då trass alt til for nokon.
Greitt nok, men om staten ber om stadig meir, må staten også bidra med meir. Om ikkje, må staten i det minste snakke ærleg om dei økonomiske vilkåra musea jobbar under. Eg er usikker på om Jaffery eigentleg forstår reknestykket. Eller kjenner kvardagen og vilkåra.
Det er inga vekst, Jaffrey, og handlingsrommet til vedlikehald av gamle museumshus er trongare enn nokon gong.
Ga hakeslepp
Kvart år rapporterer musea til staten om stoda; den økonomiske utviklinga og arbeid med utstilling, registrering, forsking, beredskap, publikumsutvikling og billettsal. Dei gjennomlyser seg sjølve i alle endar og deler kunnskapen med statsråden, departementet og direktoratet.
Nokre gonger vil staten vite meir, slik som i 2019, då musea vart bedne om å kartlegge tilstanden til dei 4300 historiske museumsbygningane rundt om i landet. I månadsvis undersøkte ein tak og veggar, dører og glas – og ein gav eit estimert kostnadsnivå for istandsetting.
Utgreiinga gav hakeslepp. Behovet for ressursar til vedlikehald bikka tre milliardar. Dermed vart det stille frå departementet og politikarane. Utgreiinga hamna i skuffen. Pengar såg ein i alle fall ikkje noko til.
Klar melding frå musea
Når statsrådane ein sjeldan gong har våga seg frampå i ein samtale om bygningsvernet, har dei som oftast pakka bodskapen om statens bidrag inn i eit slør av vekst, og dei har gitt musea melding om å prioritere. Men det er inga vekst, Jaffery. Skal vi samtale om utfordringane for bygningsarven må vi vere einige om premissa og utfordringane.
For bygningsarven rotnar. Derfor er meldinga frå musea i Noreg klar. Gje musea eit statleg fond, tett inntektsgapet, stans forfallet. Musea har venta lenge nok no, repeat-knappen er utslite. Det er tid for løysing, ikkje bortforklaringar.
Les også:
Gje musea eit statleg bygningsvernfond
Styrke slagkrafta
Slepp dei frivillige til
Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.





