Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkSlepp dei frivillige til

Slepp dei frivillige til

Arbeid på museum er ikkje berre for spesialistar. Forvalting av kultur er noko vi gjer i lag. Skal musea vere mangfaldige og inkluderande møteplassar må vi alle bere ved til bålet. Musea treng dei frivillige.

Dei bakar, hogg, slaktar og syng. Snart opnar sytti frivillige portane til Odalstunet og fleire hundre gjester er venta. Det nærmar seg jul og på museet i Odalen markerer dei høgtida med «Jul i stuene».

Syr rull og bakar brød

Ole Aastad Bråten, styreleiar i Norges museumsforbund

Arrangementet er populært. Ikkje berre for dei som tek turen innom. For dei frivillige er «Jul i stuene» ein tradisjon som dei trufast vender tilbake til. År etter år. Her er oppgåver for store og små. For gamle og unge. Medan Hilde syr rull, bakar Ivar brød. Det har dei gjort sidan «Jul i stuene» vart arrangert for fyrste gong i 2007.

Arbeidsdagen startar tidleg og sluttar seint på Odalstunet. Gleda er stor over det ein får til, men òg samhaldet og samarbeidet med alle dei andre frivillige betyr mykje for mange. Verdien av innsatsen til Hilde og Ivar er ikkje reint liten og arrangementet hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan innsatsen deira. Den største verdien, likevel, er gleda som frivillige og tilsette har over å få gjere noko i lag. «Jul i stuene» samlar menneske til samhald og samskaping. I år fekk eg vere med for fyrste gong. Det blir ikkje den siste.

Tilfører 200 årsverk

Frivillige utgjer ein stor ressurs for musea i Noreg. Kvart år tilfører dei cirka 200 årsverk. På store og små museum. Landet rundt. Potensialet er stort for endå tettare samarbeid mellom musea og dei frivillige, men då må musea legge betre til rette. Det skjer ikkje alle stader. Forbundet for norske museumsvenner fortel at fleire vennelag har vorte lagt ned dei siste åra. Etter år med reform seier mange frivillige at dei kjenner seg overflødige. Musea skal drivast av profesjonelle, får dei høyre.

Det er paradoksalt, dette, all den tida musea brukar på å tiltrekke seg eit mangfald av menneske og grupper. Men musea er ikkje inkluderande om dei stadig skiftar ut venneflokken. Vi må ta vare på grunnmuren av frivillige.

Forvalting av kulturarv er dessutan noko vi gjer i lag. Kulturarv er ein kollektiv ressurs og eit demokratisk gode som alle må få kjenne eigarskap til – anten ein kan mykje eller lite, er fødd her eller kjem reisande til oss frå andre breiddegradar. Det var det vi markerte med innskrivinga av bunadbruken og seterdrifta på UNESCO sine verdsarvliste for tre veker sidan. Kulturarv er ikkje noko ein arvar. Kulturarven tilhøyrer den som tek ansvar.

Ein heim for alle erfaringar

For mange er kulturarven ei bøye i livet. Noko ein samlar seg omkring. Derfor er frivillig arbeid på museum viktig for mange. For dei som mistar alt blir deltaking i slike fellesskap ekstra viktig. På Gaza mistar ein ikkje berre ei mor, ein bror eller ein ven, ein mistar òg minna om familie og folk. Derfor skal musea vere trygge møteplassar der ein kan syrgje over slike tap. Og musea skal bidra til reperasjon og anerkjenning av øydelagte liv og tapte kulturar. Mange søkjer til musea med ynskje om å finne svar og trøyst i fellesskap med andre. Museet skal vere ein heim for alle erfaringar. I dette arbeidet kan dei frivillige spele ei stor og viktig rolle.

Skal samspelet mellom museum og frivilligheit funke, må vi òg slutte å sjå dei frivillige som ein masse av sjauarar. Dei frivillige er fyrst og fremst erfaringar frå eit langt liv, frå rådmannskontoret til reinhaldarfaget, frå elektro til landbruk. I vennelaget møter du psykologen og juristen, snikkaren og læraren. Tek vi oss tid til å lytte, kan erfaringane deira kome til nytte for museet på meir enn ein måte.

Fleire tusen menneske er med i den frivillige museumsrørsla. Og fleire kan det bli. For oppgåvene er mange, særleg i arbeidet med formidling. Skal musea vere truverdige kulturformidlarar må musea støtte seg på dei med genuine erfaringar. Og musea må støtte seg på erfaringane frå ein større breidde av menneske. I dag er vifta av kulturelle erfaringar meir mangfaldig enn nokon gong. Greier musea å formidle dette mangfaldet?
Over 60 prosent av den vaksne befolkninga er med i frivillig arbeid. Skal det skje noko i ei bygd, må dei som bur der, vere aktive medskaparar. Attraktive bygder blir attraktive fyrst når dei som bur der, forstår at kulturen ikkje kjem av seg sjølv, men at attraktiviteten veks ut av eit engasjement frå fleire. Det er ikkje gjeve i ei tid der tilhøyr og identitet flyt.

Må alle bere ved til bålet

Tilbake til Odalstunet. Eg set meg ned i ei gamal stove, møter ein kar frå Ukraina. Vi smakar på lutefisken og deler minne om mat frå eige barndom. Så ynskjer vi kvarandre god jul og går kvar til vårt. Sist på dagen blir eg invitert inn i Gjersøyen, den største bygningen i tunet. Her har dei duka til etterpålag for dei frivillige. Eg ser gleda i dei frivillige over arbeidsøkta som snart er over. Det har vore mykje besøk og folk er slitne. Museumssjefen Knut Ola serverer graut og kaffi. Dugnadsgjengen smiler og ler. Sidan syng vi julesongar – og kastar ball om neste arrangement.

Det er berre eit halvt år til «Liv i stuene». Vi har inga tid å miste. Vi har inga hender å miste. Skal museet vere ein god og inkluderande møteplass treng vi innsatsen til alle. Slik som på Odalstunet. Vi må alle bere ved til bålet.


Denne kronikken er også publisert i Nationen.

Les meir om frivilligheit i Museum:
Liv Ramskjær: Nødvendig frivillighet
Unni R. Nysæther: Av fri vilje
Ellen Lange: Frivillighet viktig i Hurdalsplattformen

Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser