Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkStyrke slagkrafta

Styrke slagkrafta

Ein kan ikkje nå alle med alt, men ein kan nå mange med noko. Norges museumsforbund skal i åra framover prioritere, finstille fokuset, styrke slagkrafta.

Ole Aastad Bråten, styreleiar i Norges museumsforbund. Foto: Anne Marte Før

Norges museumsforbund representerer heile breidda av museum i Noreg; frå kunst til minoritet, frå sjø og jernbane og industri til kvinne- og bygdekultur. Musea i Noreg engasjerer seg i fortid og samtid, og dei representerer heile landets hukommelse. I over 200 år har musea vore til nytte for folket og forskinga. Det skal dei halde fram med. Opplyste borgarar er dessutan ein føresetnad for eit velfungerande demokrati – og samfunnets helse, slik statsminister Støre nyleg uttrykte seg. Musea er store, musea er småe. Musea er alle stader.

Speglar breidda

I avisene er det vanskeleg å fange denne breidda. I den grad pressa engasjerer seg i museum er det stort sett kunstutstillingane, innkjøpsvilkåra eller sponsoravtalene for dei privilegerte. Men musea gjer så mykje meir enn å mingle med rike og henge bilete på veggane.

For Norges museumsforbund er til for alle. Også dei småe musea.

Dei vågale terrierane som modig bit frå seg i dei aktuelle samfunnsdebattane, som hevar røysta om krig og fred og dehumanisering, eller som kollegialt jobbar for fellesskapen.

Norges museumsforbund er til for dei store og dei småe. På årsmøte i Kristiansund i år la styret fram ein handlingsplan som speglar denne breidden. Handlingsplanen vart vedteken og av 25 konkrete arbeidspunkt har vi valt å prioritere tre av dei: arbeid med eit statleg bygningsvernfond, oppfølging av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport, og arbeid for gode digitale fellesløysingar for digitalisering, langtidslagring, formidling og KI.

Forbundet er allereie godt i gang med alle tre oppgåvene, særleg bygningsvernutfordringa – som råkar mange. Som dei fleste har fått med seg har vi allereie vore i møte med fleire politiske parti, og no har både Venstre og SV vedteke i sine stortingsvalprogram for neste periode å jobbe for etableringa av eit slikt fond. Det same har Vestland fylkeskommune som ber KUD «vurdere meir målretta verkemiddel og etablering av eigne tilskotsordningar for istandsetting av musea sine verdifulle kulturhistoriske bygningssamlingar.»

Det er spennande tider. Det er berre å brette opp ermane.

De må spele oss gode

Eg har ein forgjengar i forbundet frå Valdres. Olaus Islandsmoen var fødd i 1873 i Bagn. Han var folkehøgskulemann, politikar og målmann. Han arbeidde for ein rikare bygdekultur og han bidrog til at det vart stifta museum både i Valdres og på Hadeland. I 1918 var Olaus med og stifta Norske Museers Landsforbund. Han sat som styremedlem fram til 1945.

Det har vi ikkje lov til lenger. Sitte lenge. Eg har heller ikkje dei ambisjonane, men eg håpar at eg og styret, i den tida vi sit, kan bidra til å gjere ein forskjell. Til å bevege musea, menneska og samfunnet. Men då held det ikkje med fire-fem styremøte i året, ein utstillingsopning her og eit seminar der. Som ombodsmenn og -kvinner for museumsrørsla er vi til for dykk. Kvar dag.

Men styret blir heller ikkje betre enn kva de medlemmane gjer det til. Derfor må de bruke styret. De må spele oss gode og bidra til politikkutforming med innspel på høyringar og utgreiingar – og de må bli med i dialogen og samtalen. Også den i avisene. Eg har ofte sakna musea i avisene. Og nei, eg snakkar ikkje om bileta frå utstillingsopningane. Men musea i samtalen om samfunn, by- og bygdeutvikling, krig og beredskap, forvalting og verdiskaping.

Musea er framleis den usynlege storebroren i det store, vakre, bråkete kulturlivet.

Og vi må ville meir. Men det er tungt å drive utvikling av ein sektor om ikkje alle sit i same båten. Norges museumsforbund driv fagutvikling på fleire område – særleg gjennom seksjonane, men dei store løfta skjer ikkje i forbundet. Dei må skje andre stader og med betydeleg større innsatsar.

Den viktige bjøllekua

Men der Nasjonalbiblioteket og Arkivverket har leiarskap som driv fram viktige utviklingsoppgåver på sine område – til glede også for musea – så manglar musea den drivande direktorale bjøllekua.

Mange museum gjer rett nok mykje og mange museum samlar seg til dømes om ein felles digital infrastruktur. Men ikkje alle museum er med om desse samlande løfta, ikkje eingong dei aller største.

Skal vi utvikle oss som sektor og vinne gehør hjå politikarane for behova våre, må vi samordne innsatsen på fleire område. Og dei største musea må vere med. Det er viktig og det er kollegialt. Og derfor treng musea gode bjøllekuer, i direktoratet og blant musea sjølv, som drar flokken, som trør trygt i rette leia.

Eg likar bjøllekua. Dessutan held ho seg på stigane. Det må musea også gjere og derfor sluttar vi oss til ICOM sitt etiske verdikart, som grunnmuren for musea sin posisjon i verda, som den trygge stigen i ei verd med freistingar og blindsoner.

Muskelkrafta må bli større

Musea manglar kanskje bjøllekua – i den politiske leiinga, i direktoratet og kanskje også blant musea sjølve, men vi samarbeider likevel godt med kvarandre – og ikkje minst med dei flinke folka i Kulturdirektoratet si museumsavdeling i Bodø. Vi gler oss over ei styrking av kontoret her. For dette kontoret kan Danielsen og Jaffrey likevel gjere meir. Tilføre ressursar. Følgje opp dei mange utviklingsbehova.

For museum kostar pengar. Og sidan 2013 har det vorte færre av dei. Pengane.

Veksten i dei offentlege tilskotta har vore svak. Etter år med pandemi, straumkrise og auka kostnadar har det tæra hardt på reservane. Så hardt at mange museum må redusere mannskapet.

Dersom Kulturdepartementet verkeleg meiner at musea skal vere mål, middel og motstandskraft, og utgjere ein forskjell i eit samfunn som endrar seg dramatisk, ja, så må muskelkrafta bli større. I musea, og i museumsavdelinga i Bodø.

Ein kan ikkje nå alle med alt, men ein kan nå mange med noko. Norges museumsforbund skal i åra framover prioritere, finstille fokuset. Men vi er avhengige av den same viljen til å satse og styrke slagkrafta også i den politiske leiinga, og i leiinga i Kulturdirektoratet.

Skal musea vere mål, middel og motstandskraft også i framtida må det til meir enn ord. Det må vilje og evne til å styrke det økonomiske ressursgrunnlaget. Vi ventar i spenning.


Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser