Spor i øyrene

Kulturtanken og Trøndelag fylkeskommune har starta podkast som handlar om kulturarv i Den kulturelle skulesekken. Namnet på podkasten er Spor, eit namn den deler med den årlege visningsarenaen for kulturarv i DKS.

– Podkasten er retta mot dei som jobbar med å programmere eller utvikle utstillingar, formidlingsprosjekt og andre kunst- og kulturproduksjonar for born og unge, men også dei som ynskjer å bruke tilbodet frå DKS aktivt i undervisninga, seier podkastansvarleg i Trøndelag fylkeskommune, Ketil Hustad ifølge Kulturtanken sine heimesider. Podkasten hadde premiere i november, og det har allereie kome seks episodar.