Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KritikkStillfarande og stolt om skoltesamisk liv

Stillfarande og stolt om skoltesamisk liv

Med kreative og flotte formidlingsgrep fortel Ä´vv om vond og rik skoltesamisk historie.

Annonser

Like vest for Kirkenes i Aust-Finnmark ligg den vetle bygda Neiden. Som så mange andre små stader i landet har også Neiden opplevd stor fråflytting dei siste tiåra. Eit tomt hotell, den gamle skulen og kroa vitnar om ei ikkje så altfor fjern fortid med meir folkeliv i bygda.

Her er også tydelege vitne om ei noko fjernare fortid, tida då skoltesamane levde sine liv her etter hundreårlange tradisjonar. Skoltebyen og landets minste kyrkjebygg, St. Georgs kapell, fortel stillferdig om den tida. Det vetle lafta kapellet har eit areal på rundt ti kvadratmeter, og ligg i det som er kalla Skoltebyen, der skoltesamane opphaveleg hadde sin sommarbuplass.


LANDETS MINSTE KYRKJEBYGG: St. Georgs kapell med sine ti kvadratmeter og det russisk-ortodokse korset på taket. Foto: Karina Solheim

Lær om skoltesamisk liv

Rundt 1,5 km lenger opp i vegen kjem du til Ä´vv – Skoltesamisk museum.

Her bør du stoppe neste gong du er så heldig å vere i dette området. Museet opna dørene i 2017 og fortel audmjukt, men stolt om skoltesamisk fortid og samtid. Ä´vv er eit skoltesamisk ord for solas gjenspegling på vatn eller snø. Dette er eit språk som berre rundt 300 menneske brukar i dag, dei fleste på finsk side av grensa.

På museet kan du enkelt og greitt lære om skoltesamisk liv.

Det er ikkje lagt stor vekt på den vanskelege fortida, noko som er beundringsverdig og forståeleg. Eg må likevel fortelje kort om den vonde fortida og anna relevant historisk kontekst for å sette det heile, museet og deira oppdrag, i perspektiv. Og fordi eg meiner denne delen av historia fortener meir merksemd.

Grenseoppteikninga i 1826

Frå 1600-talet fram til grenseoppteikninga i 1826 blei grenseområda mellom dagens Finland, Russland og Norge rekna som det norsk-russiske fellesdistriktet. Området stod under russisk verdsleg og kyrkjeleg jurisdiksjon, derfor står det nemnde kapellet som er eit russisk-ortodoks kapell, i Neiden i Norge. Men området var felles blant anna med tanke på at både Russland og Norge kravde skatt der.

I dette området levde og bestemte skoltesamane over sine buplassar. Dei flytta mellom disse gjennom året, og livnærte seg av det jorda gav utifrå sesongane. Dette var ein måte å leve på som var bygd på kunnskap om og respekt for rikdomane og ressursane naturen kan gje.

I 1826 blei fellesdistriktet delt mellom Sverige-Norge og Russland-Finland i to om lag like store delar. Den nye riksgrensa skar nærast tvers gjennom buplassane til skoltesamane. Dette fekk enorme konsekvensar for dei. Artikkel 7 i 1826-konvensjonen gav samane rett til i seks år å jakte og fiske i begge landa, men artikkel 5 sa at dei innan tre år måtte velgje.

Dei måtte ta fast tilhald i eitt av landa og flytte bustaden sin dit.

Eg gjentar, dei fekk tre år på seg til å bryte med tradisjonar som slekter hadde haldt i hevd i hundrevis av år, og blei tvunge til å slå seg til ro på ein stad. Dei brutale sidene av dette blir det forsonande nok ikkje lagt stor vekt på ved Ä´vv.

MOGLEGHEIT FOR ETTERTANKE: «Landet» og benken.. Foto: Martin Skulstad / Ä´vv

Folket, landet og verda

Basisutstillinga til museet, Saaʹmijânnam Skoltelandet, er konsentrert rundt ein stor installasjon laga av kryssfiner. Det bidreg til eit heilskapleg og behageleg visuelt inntrykk.

Utstillinga er delt i tre delar som sammen fortel den komplekse historia til skoltesamane. Først lærer me om røter, samfunnsorganisering og tradisjonar i «Folket». Der kryssfinerinstallasjonen dannar eit rundt rom med tilsvarande runde benkar i midten, lærer me om «Landet». Om korleis skoltesamane følgde årstidene, flytta mellom sine vinter-, vår-, sommar- og haustbuplassar og nytta naturressursane gjennom året. Benkar her er kjekt, då eg på dette tidspunktet treng tid for å sitte ned, reflektere og beundre gjenstandane og bilda eg er omringa av.

I den siste delen av utstillinga, «Verden», blir skoltelandet si historie skildra gjennom tid og utvikling. Her lærer me også om skoltesamane som urfolk og deira rettar.

Ved første augekast verkar utstillinga svært tekst-tung, men dette er fordi utstillingsteksten er skriven på heile fem språk. Skoltesamisk tronar rettmessig på toppen, følgt av norsk, finsk og russisk som er dei andre språka til skoltesamane. Til sist kjem engelsk.

Sää´m er det skoltesamane kallar seg på sitt eige språk kan me lese i utstillinga. Av folk utanfrå har dei fått andre namn og nokre av disse har blitt akseptert som måtar å skildre seg sjølve på. Disse er til dømes skoltesame, aust-same eller skolt. Førstnemnde er det vanlegaste i Norge og dermed det museet har vald å bruke. Aust-same kunne blitt misvisande då det i Finland og Russland blir brukt som fellesnemning for fleire samiske grupper. Skoltesamisk er på UNESCO si liste over verdas trua språk.

BALANSE: Fin balanse mellom tekst, gjenstandar og bilde i «Folket». Foto: Martin Skulstad /Ä´vv

Flotte, vonde bilde

Gjenstandane i utstillinga er plassert i plassbygde montere i finerinstallasjonen og bak glas. Unntaket er den tradisjonelle båten brukt til kastenotfisket i Skoltefossen like ved museet. Den er plassert på tvers gjennom eit rundt ope slags vindauge i kryssfineren på høgre hand med ein gong me kjem inn i utstillinga. Slik kan båten betraktast frå ulike vinklar, og gjennom vindauget får me eit lite glimt av kva som venter på andre sida når ein beveger som gjennom utstillinga.

Dette er ein annleis og fin måte å stille ut båten på. Det er kjekt å kome tett innpå den og få høve til å studere handverket på nært hald. Me skal heilt tilbake til 1598 for å finne dei første skriftlege skildringane av kastenotfisket, og denne tradisjonen blir framleis halde i hevd. Saman med gjenstandar som reiskapar og klede inneheld utstillinga også mange bilde frå rundt 1850-talet og framover. Bilda er flotte og eg tek meg sjølv i å ønske å sjå meir av dei.

Men at disse bilda i det heile eksisterer er ikkje udelt positivt.

Bilda er verdifull dokumentasjon på skoltesamisk liv, men dei representerer også tida då alt starta å rakne. Tida då nordmenn og andre gjorde sitt inntog i fellesdistriktet. Det blei ein kamp om ressursar og land, og skoltesamane blei ein minoritet i området.

Nordmenn frå embetsstanden blei av myndigheitene oppfordra til å søke arbeid her for å auke norsk nærvær. Dei blei også oppmuntra til å dokumentere opplevingane sine i grenseområdet. Slik fekk denne makteliten tidleg definisjonsmakt over minoritetane, som den ekstra interesserte kan lese meir om i denne artikkelen. Det heile blei etterkvart sett i system med fornorskingspolitikken.

Nasjonsbygginga var i gong og det var ikkje god plass til urbefolkninga i det prosjektet.

Bilda er flotte og gode skildringar, men også eit minne om den vonde fortida. Dei speler ingen hovudrolle i utstillinga, men fungerer som diskré bakgrunnsinformasjon og supplement, også eit godt formidlingsgrep.

Båten: Båt brukt i det tradisjonelle kastenotfisket. Foto: Martin Skulstad / Ä´vv

Lite kjende historier

Det einaste eg saknar i utstillinga er tydeleg referanse til Skoltebyen og St. Georgs kapell slik det står i dag. Det er vist til korleis området blei brukt i tidlegare tider i «Landet», men den vetle plassen er vel verdt eit besøk i dag også.

Eg set alltid pris på tydelege band mellom ei utstilling og museet den er i og omgjevnadane det heile er ein del av. Dette gjeld spesielt for Ä´vv. Neiden var jo, som museet understrekar på nettsida si, ein smeltedigel for kulturell utveksling. Her møttest mange nasjonar og tradisjonar, og området har enormt potensiale for formidling av historier som er lite kjende, men som fortener mykje meir merksemd.

Museet lukkast uansett med målet sitt om å styrke skoltesamisk kultur, språk og identitet. Det er ein liten skatt i eit lite område som er ei heil skattekiste. Eg unar alle å oppleve Neiden, Ä´vv og Skoltelandet.


Støtte til kritikk

Tidsskriftet Museum har også i 2024 fått støtte til utstillingskritikk frå Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi trykkar rundt ein til tre meldingar i månaden. Se alle meldingar her.

Våre kritikarar kjem frå kunst-, museumsfeltet og/eller media.

Karina Solheim har master i museums- og kulturarvstudier. Studiepraksisen sin fekk ho ved Grenselandmuseet i Kirkenes hausten 2024.


Hold deg oppdatert på eit viktig samfunnsfelt – bli fast leser av Museum, også på papir. Kjøp enkeltutgåver her, teikn abonnement her.

 

 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser