Trump-ballong på museum

Ein seks meter høg luftballong som førestiller Donald Trump i bleie, med open munn og smarttelefonen i handa, hamnar snart på Museum of London. Ballongen vart laga som ein protest mot presidenten før han besøkte London i 2018, og blei eit symbol på Trump-protestane i byen. Ballongen har blitt flydd verda over til liknande protestar, og skal vere ein del av museet si protest-samling.