Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KronikkFire ynskje for musea

Fire ynskje for musea

I ei ny undersøking skårar musea høgt på tillit blant dei offentlege tenesteytarane. Det er bra, men musea lever ikkje av tillit åleine.

Musea treng ansvarlege eigarar, og eit direktorat som tek utviklingsbehovet på alvor. Musea treng eit fond for bygningsarven, og dei treng forutsigbare rammer for arbeidet med digitalisering. Eg har fire ynskje for musea:

Profesjonaliser eigarskapa

Dei fleste musea er eigd av kommunane. Men kommunane manglar pengar og innsikt til å skjøtte eigarskapen. Stadig får vi høyre om kommunar som seier dei vurderer å trekke seg frå samarbeid med musea, som seier dei ikkje har råd til å støtte korkje drift eller investeringar. Det er synd, for musea er ikkje utgiftspostar på kommunebudsjettet åleine. Dei er bidragsytarar til verdiskaping og gode lokalsamfunn.

Roten kommuneøkonomi set samarbeidet med kommunane i fare. Men kommunale eigarskap er utfordrande på anna vis òg. Mange kommunar manglar både ein heilskapleg kulturpolitikk og ein seriøs museumspolitikk. Institusjonell autonomi og armlengds avstand er styringsprinsipp mange lokalpolitikarar aldri har høyrt om. Dermed grip dei uvitande, men entusiastisk inn prioriteringar og fagleg utvikling. I Oslo kommune insisterer byrådsleiar Lae Solberg å få plukke i Munch-museet sine samlingar. I småe kommunar – og i Oslo kommune – ser styringskåte eigarar musea som si eiga leikegrind. Då er det lett å overstyre dei museumsfaglege hensyna.

Musea treng ein reform som styrker kommuneøkonomien og som profesjonaliserer eigarskapa. 

Les også
Når armlengdes avstand krymper
Byrådslederen trosser et samlet fagmiljø

Styrk det digitale rammeverket

For 30 år sidan bala musea med heimesnikra digitale løysingar for samlingsforvalting, arkivering, fotoregistrering og meir til. I 2007 etablerte musea sitt eige selskap for utvikling av ein felles, digital infrastruktur. I dag er nærmare 50 museum eigarar av KulturIT, og endå fleire brukar løysingane deira. Museumslandskapet i Noreg er mangfaldig, men KulturIT bitt musea saman i ein felles digital vev. Gjennom KulturIT – og alt dei utviklar og driv – har musea eigarskap til sine eigne data, sine eigne data, sin eigen infrastruktur. I eit geopolitisk bilete er dette svært viktig.

KulturIT er brukarfinansiert. Og dei overlever på utviklingstilskott frå Kulturdirektoratet. Det siste er bra for KulturIT, men ikkje fullt så bra for musea – som kunne trenge dei fåe utviklingsmidlane til staten til anna museumsfagleg utvikling. Lik som musea no ber staten sikre øyremerka ressursar til bygningsvern, bør staten også bidra med faste tilskott til KulturIT sitt viktige arbeid.

KulturIT er ikkje åleine om å sikre og digitalisere kulturarven. I fleire år har også Nasjonalbiblioteket utført digitaliseringsoppgåver på kulturarvsfeltet. Og meir skal det bli, om vi skal tru den tidlegare nasjonalbibliotekaren, Aslak Sira Myhre. På eit møte før jul delte han draumen om å la Nasjonalbiblioteket overta ansvaret for den digitale infrastrukturen i musea. Museumssektoren fiksar ikkje dette åleine, sa han. KulturIT og Kulturdirektoratet var ikkje orientert, fekk vi vite.

Nasjonalbiblioteket gjer mykje bra, men Nasjonalbiblioteket er som han eine gjesten – som står på stovegolvet lenge før vertskapet har kome seg til vindfanget. Dersom Nasjonalbiblioteket skal aksle trøya for fleire enn seg sjølv, må monolog bli dialog og KulturIT må vere med. Gjennom Kultur-IT har musea ein sterk fellesskap – og her er det plass til fleire. Ikkje minst burde Nasjonalmuseet ta del og bidra til ei samkøyrt utvikling av sektoren, slik Nasjonalbiblioteket og Nasjonalarkivet gjer for arkiv- og biblioteksektoren.

Styrk KulturIT si rolle som bjølleku for den digitale infrastrukturen i musea. Sikre fast statleg støtte til utviklingsarbeidet i KulturIT. 

Styrk direktoratet

Då ABM-utvikling vart avvikla i 2010 overtok Kulturrådet direktoratsfunksjonen for musea. Mange var skeptiske den gongen. Korleis skulle musea sikre merksemd og ressursar i konkurranse med alle dei andre kulturuttrykka? Mange fekk rett, for ressursane til utvikling av musea er småe, og berre ein handfull menneske, fordelt på kontora i Bodø og Oslo, jobbar dedikert for musea.

Samanlikna med syskenborna i ABM-sektoren er forskjellane merkbare. I Nasjonalarkivet jobbar 350 menneske, i Nasjonalbiblioteket 550. Folka i Kulturdirektoratet er flinke, men i møte med alle desse andre – og i spørsmåla om digitalisering, langtidslagring, infrastruktur for lydarkiva, tilgang til forskingslitteratur, krisa for bygningsvernet – og  mykje meir – blir Kulturdirektoratet småe.

I fråværet av eit utviklingsorgan med store nok musklar driv Norges museumsforbund utviklingsarbeid på eige hand – særleg gjennom dei mange fagseksjonane. Dei store utviklingsoppgåvene kan likevel ikkje skje i forbundet. Det er ikkje mandatet til Norges museumsforbund.

Styrk direktoratsfunksjonen for musea – anten gjennom Kulturdirektoratet eller eit nytt, samordna organ for heile ABM-sektoren.

Etabler eit fond for bygningsvernet i musea

Etterslepet av vedlikehald og antikvarisk bygningsvern i musea er enormt. Slik har det vore i tiår og behovet for ressursar er stipulert til 3,2 milliardar kroner. Så langt har Stortinget vist liten vilje til å løfte musea på dette området, ut over nokre mindre bevillingar til enkeltinstitusjonar. Tilgangen til støtte utover det årlege statlege tilskottet er begrensa. Frå Riksantikvaren og Kulturminnefondet er det òg lite å hente.

Landsmøtet i Norges museumsforbund i 2025 samla seg om ei uttale der bodskapen nok ein gong vart gjentatt, men førebels er det berre SV som har følgt opp saka gjennom partiprogrammet og i budsjettforhandlingane. Skal eit fond bli realitet må fleire politiske parti slutte opp om behovet, og aller mest må kulturminister Jaffery ta innover seg alvoret. Ei satsing skal fyrst og fremst kome bygningsarven på musea til gode, men utan musea blir det heller ikkje dreis på rekrutteringa til handverket, meir vedlikehald av hus i privat eige, eller dyktige handverkarar til kyrkjesatsinga.

Gje musea eit statleg fond no. Musea har venta lenge nok. Det er tid for løysing, ikkje bortforklaring.

EIT FOND FOR BYGNINGSVERN: Det er eit av fire ynskje styreleiar i Museumsforbundet har for musea. Foto: Varanger museum

Denne kronikken er også trykka i Dagsavisen.

Les fleire av Museums kronikker og debattartiklar, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser