Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
BakgrunnFor få midlar til digital utvikling

For få midlar til digital utvikling

Ein fersk gjennomgang av KulturIT peikar på at utviklinga av den digitale infrastrukturen på museumsfeltet manglar den politiske forankringa ein finn på bibliotek- og arkivfeltet.

Inngangen til arbeidet med denne saka er ei murring ute i Museums-Noreg. Kampen om prosjektmidlar frå Kulturdirektoratet er knallhard. Er det då riktig at ein stor del av desse midlane skal gå til utvikling av digitale løysingar – løysingar som mange av musea også indirekte er med på å finansiere, som eigarar av KulturIT?

– Bør kome over Statsbudsjettet

Organisasjonen som står for det meste av det digitale utviklingsarbeidet i museumssektoren, KulturIT, er eit aksjeselskap eigd av over 40 ulike museumsinstitusjonar. Då Kulturdirektoratet på tampen av 2024 publiserte sine tildelingar i det treårige museumsprogrammet «Aktiv samhandling», var KulturIT den store vinnaren. KulturIT fekk saman med Anno museum 12,6 millionar til prosjektet «Videreutvikling av museenes digitale grunnmur som kilde til kunnskap og som demokratisk bærebjelke i et samfunn i endring». Tildelinga til KulturIT / Anno museum utgjorde ein tredjedel av heile søknadssummen i programmet «Aktiv samhandling» og gjeld perioden 2025–2027. Satsinga følgde opp tildelingar gjorde for digital infrastruktur frå Kulturdirektoratet i dei to føregåande periodane 2019–2021 og 2022–2024.

Ei av dei som er kritisk til at KulturIT fikk ein så stor del av desse prosjektmidlane, er Hanna Mellemsether, inntil nyleg seniorrådgjevar ved Museene Arven, nå pensjonist.

Hanna Mellemsether, fram til hausten 2025 seniorrådgjevar ved Museene Arven

– Det eg reagerte på, er at KulturIT får tildelt prosjektmidlar på kostnad av musea. Den digitale infrastrukturen for musea bør kome over statsbudsjettet, det er ikkje meininga at dei skal konkurrere med musea om dei små prosjektmidlane som finst for utvikling for å bygge den, seier Mellemsether. Ho er tydeleg på at det ikkje er KulturIT i seg sjølv ho er kritisk til, men at utviklingsmidlar går til å finansiere det som er ein stadig viktigare del av sjølve grunnmuren i musea.

Sjå også saka «Jubel i KulturIT, skuffelse i nettverk»

Manglar digitale utviklingsmusklar

Det ei stund sidan desse tildelingane frå Kulturdirektoratet vart offentleggjorde. Det som aktualiserer diskusjonen og underbygger det grunnleggande i kritikken frå Mellemsether, er ein gjennomgang Telemarksforsking nyleg har gjort av KulturIT. Gjennomgangen vart bestilt av Musea i Sør-Trøndelag (MiST), eit av eigarmusea i KulturIT. Seniorforskar Ole Marius Hylland ved Telemarksforsking har stått for arbeidet, som har munna ut i eit notat som går gjennom historikk, ansvar, organisering og finansiering av KulturIT. Direktør ved MiST og nestleiar i styret i KulturIT Karen Espelund grunngjev bestillinga med eit ønske om å synleggjere museumssektoren sitt digitale utviklingsbehov og den jobben som vert gjord av KulturIT:

Karen Espelund, administrerande direktør ved Musea i Sør-Trøndelag (MiST)

– Bakteppet her er at vi opplever at det digitale utviklingsbehovet vi har, i liten grad vert synleggjort. I museumssektoren har vi gjennom KulturIT eit felles selskap som står for digital utvikling med løysingar vi sjølve har initiert og finansiert, seier Espelund. Ho er nøgd med jobben KulturIT gjer, men meiner det er nyttig med eit eksternt blikk på korleis dei særeigne digitale behova i museumssektoren vert finansierte og drifta.

– Gjennom KulturIT eig musea alle data sjølve, i ei plattform eigd av oss sjølve. Vi sit på kulturarven og skal sitte på den til evig tid. Det er eit viktig poeng for oss.

Notatet frå Telemarksforsking er ikkje levert som ein offentleg rapport, men tilgjengeleggjort for eigarar, departement og direktorat. Espelund framhevar at notatet sjølvsagt også kan offentleggjerast.

Gjennomgangen av KulturIT gjev oss ei forståing av den veldige veksten selskapet har vore gjennom. Samstundes peikar notatet på at museumssektoren i dag manglar dei digitale utviklingsmusklane som finst i dei andre delane av ABM-sektoren.

Veksten i KulturIT

Frå å vere ein organisasjon med fem tilsette ved etableringa i 2007 har KulturIT vakse til 64 tilsette i dag. Selskapet er organisert som eit aksjeselskap der 40 museum er eigarar og rår over eit budsjett på 93,5 millionar kroner (2025). Veksten finn vi også att i bruken av KulturIT sine system. I databasen Primus var det ved opprettinga i 2007 5,9 millionar registrerte gjenstandar. I 2025 er talet 21,2 millionar. Biletdatabasen Digitalt Museum kom til i 2009 og har vakse til ein formidlingsbase med 10 millionar objekt nytta av over 200 ulike museum.

Heilt frå etableringa av KulturIT har statlege utviklingstilskot vore sentrale for utviklinga av den digitale infrastrukturen og programvarene selskapet lagar for musea. KulturIT får midlar til drift gjennom sal av tenester til eigarmusea og andre, medan utvikling av nye tenester og produkt i stor grad har skjedd ved tildeling av utviklingsmidlar frå Kulturrådet/Kulturdirektoratet.

I VEKST: Utviklinga av KulturIT i nøkkeltal, henta frå notatet «KulturIT og den digitale museumspolitikken. En kort gjennomgang av ansvar, organisering og finansiering».

Strukturelle skilnader

– Det eg synest er mest interessant, er dei strukturelle skilnadene i det eg i rapporten omtalar som ABM-sektoren, seier Ole Marius Hylland. Han viser til at den koordineringsrolla som ABM-utvikling tidlegare hadde, har forsvunne: – Det har skjedd ei maktforskyving mot Nasjonalbiblioteket, som har ambisiøse mål og eit utvida mandat når det gjeld kulturarv.

Seniorforskar ved Telemarksforsking Ole Marius Hylland har utarbeidd ein gjennomgang av KulturIT på oppdrag frå Musea i Sør-Trøndelag. Foto: Telemarksforsking

Både i denne ferske gjennomgangen og i tidlegare arbeid meiner Hylland å sjå at musea manglar ein overordna aktør som snakkar deira sak på dette feltet.

I notatet er finansieringa av den digitale utviklinga i arkiv- og museumssektoren skissa opp som samanlikningsgrunnlag. For arkivsektoren er utviklinga av Digitalarkivet tungt finansiert gjennom ei øyremerkt løyving til Arkivverket i budsjettet frå Kultur- og likestillingsdepartementet. I 2020 vart det sett av 140 millionar kroner til utvikling av nasjonale fellesløysingar gjennom Digitalarkivet fordelt over fire år. I 2026 har også Stiftelsen Asta fått 1,4 millionar over statsbudsjettet for å ivareta og vidareutvikle informasjonssystema Asta og Arkivportalen.

For bibliotekfeltet fungerer Nasjonalbiblioteket som flaggskip med digitale satsingar finansierte gjennom ekstra løyvingar over kulturbudsjettet. Gjennom ei utvida løyving frå og med 2020, opphaveleg på 87 millionar årleg, fekk Nasjonalbiblioteket eit utvida oppdrag med å digitalisere materiale frå ABM-institusjonane. I 2025 kom ei ytterlegare tilleggsløyving for å auke kapasiteten i digitaliseringa.

SKATTAR: Gjennom Digitalt Museum, utvikla av KulturIT, kan vi alle leite etter og finne fotografiske skattar i dei fotografiske samlingane kringom i Museums-Noreg. Her eit bilete av Hotel Vøringfoss teke av Axel Lindahl i 1880-åra. Foto: Digitalt Museum / Norsk Folkemuseum

Norges museumsforbund etterlyser fast statleg støtte

I eit debattinnlegg i Museum 12. februar 2026 tek styreleiar i Norges museumsforbund Ole Aastad Bråten kraftig til orde for ei styrking av det digitale utviklingsarbeidet på museumsfeltet: «KulturIT er brukarfinansiert. Og dei overlever på utviklingstilskott frå Kulturdirektoratet. Det siste er bra for KulturIT, men ikkje fullt så bra for musea – som kunne trenge dei fåe utviklingsmidlane til staten til anna museumsfagleg utvikling. Lik som musea no ber staten sikre øyremerka ressursar til bygningsvern, bør staten også bidra med faste tilskott til KulturIT sitt viktige arbeid», skriv Aastad Bråten.

Ole Aastad Bråten, styreleder i Norges museumsforbund.
Foto: Anne Marte Før

I debattinnlegget er leiaren i forbundet også tydeleg på at sjølv om Nasjonalbiblioteket gjer mykje bra, så må monolog verte dialog, og KulturIT må få vere med: «Gjennom Kultur-IT har musea ein sterk fellesskap – og her er det plass til fleire. Ikkje minst burde Nasjonalmuseet ta del og bidra til ei samkøyrt utvikling av sektoren, slik Nasjonalbiblioteket og Nasjonalarkivet gjer for arkiv- og biblioteksektoren. Styrk KulturIT si rolle som bjølleku for den digitale infrastrukturen i musea. Sikre fast statleg støtte til utviklingsarbeidet i KulturIT», appellerer Bråten.

Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund. Foto: Thomas Johannesen

Generalsekretær i Norges museumsforbund Liv Ramskjær kjenner seg att i at museumssektoren manglar noko av den digitale utviklingkrafta ein finn i andre delar av ABM-sektoren: – I Norges museumsforbund har vi vore opptekne av å jobbe for å utvikle ein felles digital struktur der ulike system snakkar saman og data kan brukast i fleire system. KulturIT utgjer i dag muskelsystemet til musea på dette feltet og er ein viktig kanal og hub for musea. Men det er ein ubalanse her samanlikna med det digitale utviklingsarbeidet i Nasjonalarkivet og Nasjonalbiblioteket, seier Ramskjær.

Manglande kulturpolitisk forankring

I notatet utarbeidd av Hylland er eit av dei sentrale funna at den digitale infrastrukturen til museumssektoren har ei svakare kulturpolitiske forankring enn i arkiv- og biblioteksektoren. Verken KulturIT eller samlingsforvaltningsverktøyet Primus er nemnde i statsbudsjettet. Det er i denne samanlikninga Hylland meiner det vert tydeleg at museumssektoren manglar ein koordinerande fagleg aktør, lik Arkivverket eller Nasjonalbiblioteket. «Den overordnede utviklingsaktøren for museene innenfor det digitale, er i praksis KulturIT», skriv han i vurderinga av selskapet si museumspolitiske rolle. Han ser også «behov for en mer forutsigbar og museumspolitisk forankret utvikling av museenes digitale infrastruktur».

Direktør i KulturIT Lewi Nordby kjenner seg ikkje heilt att i at det er ei misnøye med at KulturIT får prosjektmidlar til digital utvikling

Direktør i KulturIT Lewi Nordby kjenner seg dels att i at digital utvikling på museumsfeltet manglar kulturpolitisk forankring, men meiner situasjonen har betra seg dei mykje berre dei siste åra:

Nesten alle museum er no medeigarar i KulturIT og står bak ei felles retning. Det vi framleis saknar, er ei større og meir langsiktig satsing som gjer at både felles infrastruktur og arbeidet ute i musea kan planleggast og gjennomførast over fleire år. Ei slik satsing føreset også ei sterkare finansiering av det digitale utviklingsarbeidet, seier Nordby.

– Staten bidreg

Statssekretær i Kultur- og likestillingdepartementet Trude Storheim.
Foto: Ilja C. Hendel / KUD

For arkiv (Digitalarkivet) og bibliotek (Nasjonalbiblioteket) har det kome store løyvingar til digitale utviklingsprosjekt over Kulturbudsjettet. Kvifor finn vi ikkje tilsvarande satsingar på museumsfeltet? Vi spør Kultur- og likestillingsdepartementet.

– Den statlege satsinga på museumsfeltet er betydeleg, men skil seg frå korleis Nasjonalbiblioteket og Nasjonalarkivet vert finansiert. Det skuldast blant anna at dei to sistnemnde er etatar som er direkte underlagde og finansierte av Kultur- og likestillingsdepartementet (på linje med Kulturdirektoratet), skriv statsekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Trude Storheim i sitt svar.

På spørsmål om det er riktig at prosjektmidlar skal gå til utbygging av den digitale infrastrukturen på museumsfeltet, viser ho til at 67 museum får driftstilskot frå departementet i tillegg til anna offentleg finansiering. 41 av desse musea er med som eigarar av KulturIT:

– Det er dermed musea sjølve som søker om tilskot frå Kulturdirektoratets ordningar til prosjekt i regi av KulturIT. Dette er utviklingsprosjekt som i neste omgang gagnar alle musea, skriv Storheim.

– Utover tilskota frå Kulturdirektoratet har Kultur- og likestillingsdepartementet gjeve støtte til eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalbibliotektet og KulturIT som skal gje musea betre og sikrare langtidsbevaring av det digitale materialet sitt. Nasjonalbiblioteket tilbyr også musea kostnadsfri digitalisering og lagring av musea sitt todimensjonale materiale (foto og dokument). Dette kjem i tillegg til statlege driftsmidlar til museum som i 2026 utgjer hele 2,8 milliardar kroner, påpeikar statssekretæren.


FAKTA // Notat om KulturIT

På oppdrag frå Musea i Sør-Trøndelag har Telemarksforsking ved seniorforskar Ole Marius Hylland utarbeidd eit notat som tek føre seg KulturITs rolle, ansvar, utvikling, organisering og finansiering. Prosjektperioden gjekk frå 1. november 2025 til 10. desember 2025. Notatet er på 13 sider og teiknar opp framveksten av KulturIT og dessutan organiseringa og finansieringa av digital kulturarv i Noreg i dag. I notatet vert ansvaret og rolla til KulturIT i den digitale museumspolitikken tematisert og utviklingsmogelegheitene skisserte.



Les fleire intervju og reportasjar fra museumsverdenen. Denne saka står også på trykk i Museum nr 1 26, der infrastruktur er eit sentralt tema. Fleire av artiklane er digitalisert, se nettsidene våre. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser