
Ute i fjæra ligg det ein stein. Han er stor, rektangelforma og ser ganske tung ut. Dei som har greie på slikt, meiner at steinen kan vege 150 kilo. Det er kanskje ikkje så mykje, til å vere henta ut frå sjølve den massive fjellsida han ligg langsmed.
Stein ut på eventyr
I snart 120 år har steinen lege på same plassen, i fjæra langs kaia ved Tysso I Kraftstasjon i Tyssedal. No har vi tenkt å forstyrre han. Vekke han frå dvalen. Flytte han frå tang og sjøvatn i den skvulpande fjæra. Få han løfta opp og frakta vekk i lastebil, austover, over fjellet og inn til hovudstaden. Ja, først skal steinen møte ein kunstnar. Palestinske Jumana Manna ventar på oss, ho ventar på steinen. Og alle dei andre steinane som skal nyttast i det store kunstverket med arbeidstittel Substitute, i regi av KORO, i det nye Regjeringskvartalet.

Det er mange spørsmål vi gler oss til å få svar på. Korleis ser steinen ut på baksida? Kjem vi til å sjå ein tydeleg grunn til at han vart forkasta då første delen av Tysso I Kraftstasjon skulle byggjast i 1906–1908? Steinen har tydelege merke på langsida som ligg opp i dagen, merke etter prosessen der han vart broten ut med handemakt, med hammar og feisel. Gjekk det gale då han skulle gjerast laus frå fjellet, eller er han like fin på baksida? Vart dimensjonane feil, slik at han ikkje kunne nyttast til å byggje med likevel? Eller kan svaret ganske enkelt vere at steinen trilla på sjøen i eit mini-skred blant dei sikkert blaserte og ras-vande steinhoggarane?
Slusk i stor monn
«Flytt deg! Sjå opp!» Her kjem ei blokk trillande, igjen. Ikkje noko å bry seg om. Kanskje ei stortå eller ein ankel fekk seg ein smell. Kanskje ein arbeidar mista balansen, slo seg godt, men var raskt på beina att?
Lite veit vi om arbeidsulukker i anleggstida i Tyssedal, men vi veit meir om arbeidsmiljøet.
Rallarar, slusk, kom til den vesle bygda i Hardanger i stor monn. Mange av dei kom frå Austlandet, frå gamle Østfold, og frå Sverige. Dei kom med mannskraft og elles lite anna og har lagt att dialektspor og namnespor i tillegg til dei mange fysiske manifestasjonane av blytungt kroppsarbeid. I hardangerbygda Tyssedal heiter det framleis «jeg» og «ikke». Som tilreisande frå Austlandet kjenner du deg gjerne litt ekstra velkomen når du kjem til Tyssedal, dei har teke imot oss før.

Straumen skulle fram til fabrikkane, og ved anleggsarbeidet mellom Tyssedal og Odda budde det arbeidsfolk i ura, Kvitura. Landskapet er like dramatisk framleis, og når eg køyrer på jobb, kan eg sjå for meg stader det kan ha vore mogeleg å sove. Og eg tenkjer: Kor slitne dei må ha vore, for å kunne sovne – der? Ein ser opningar og krypinn. Tomrom og mørke skuggar sig innunder dei store steinane, og mest inn i sjølve fjellsida.
Eit nytt grunnfjell
Steinen vår skal snart ta endeleg farvel med fjorden, med fjellet han er broten ut av – og med Tyssedal.
No skal han ta returreisa som rallaren som hogde han ut, kanskje aldri fekk tatt. Ei ny forteljing ventar austpå, ein transformasjon under kyndige hender. Under eit godt og varmt kunstnarblikk.
Steinane som bygde Noreg, skal skapast om i ei ny eining – som eit nytt grunnfjell, som trer fram i bygolvet.

Denne artikkelen står på trykk i Museum nr 1 24. Fleire av artiklane er digitaliserte, og kan lesast på nettsidene våre. Les også fleire presentasjonar av spennande museumsprosjekt. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.