Om du skulle opphalde deg sør på Vestlandet, i Kvinnherad og i bygda Valen kan du besøke den permanente utstillinga knytt til Valen sjukehus, «Frå asyl til moderne psykiatri». Kommunen og bygda ligg omlag midt imellom Bergen og Haugesund, og utgjer innløpet til Hardangerfjorden. At asylet, seinare omdøypt til sjukehus, blei plassert her på starten av 1900-talet var ikkje tilfeldig. Det blei knytt til ein passeleg stor gard som kunne forsyne pasientar og tilsette med mat, og arbeid til dei pasientane som var i stand til det.
Laga av lokale eldsjeler
28. oktober 1910 blei dei første pasientane skrivne inn i det då toppmoderne asylet. Bygningen som rommar utstillinga er ei oppleving i seg sjølv. For den arkitekturinteresserte er denne jugendliknande kjempa eit vakkert skode med sine forsiktige ornament- og dekordetaljar. På 1980-talet blei sjukehuset utvida med nye sengepostareal. Disse blei reist i dentidas moderne aluminiumskledde, trappeliknande bygg med flate tak. Krasjet mellom disse stilkombinasjonane er komplett og nærast skjemmande, men det er ei anna sak. Utstillinga finn me i tredje etasje i det tidlegare sentralbygget til sjukehuset. I dag rommar bygningen kontor og administrasjon, i utgangspunktet var den aktuelle etasjen sovesal for pasientane.
Valestiftinga med Reidar Handeland i spissen står bak utstillinga, som opna våren 2010 i samband med 100-års jubileet til sjukehuset. Sunnhordland museum, Helsefonna og gamle Hordaland fylkeskommune bidrog i arbeidet med utstillinga. Handeland er vår guide, og fortel at han og andre lokale engasjerte i stiftinga jobbar for å bevare historia til sjukehuset. Dei fekk løyve til å gå gjennom kjellar og loft i dei gamle bygningane, og leita fram gjenstandar knytt til sjukehusdrifta.
Tett på
Utstillinga er utforma slik at det gamle asylet og seinare sjukehuset er iscenesett i miniatyr. Me blir kjend med korleis kontoret til direktøren, ein sovesal eller ei dagleg- og arbeidsstove kan ha sett ut i sjukehuset si tidlege historie.
Det første som møter oss er ‘kontoret til direktøren’ på venstre hand. Her er mellom anna stilt ut ei tavle med oversikt over pasientane som var innlagt. Tavla fortel om kven som var aktive på vevestova, kven som var heime på permisjon og slikt. Ho var i bruk fram til 1970-talet. Valestiftinga fekk løyve til å stille ut tavla om dei sørgja for eit tau framføre slik at publikum ikkje kan gå for nære å studere den, av personvernsomsyn, fortel Handeland. Grepet fungerer, ein skal ha godt syn for å lese namna, og den vekker nysgjerrigheita. Eit godt døme på ein museumsgjenstand som har gått vegen frå funksjonell og praktisk til å bli ein kuriøs samtalestartar.
Ved problemstillingar knytt til personvern rådførde Valestiftinga seg med Sunnhordland Museum som har hovudsetet sitt i nabokommunen, Stord. Ideelt sett skulle Sunnhordland Museum hatt denne utstillinga ved Valen Sjukehus heilt under sine vengjer. Det har dei ikkje av økonomiske og andre ressursavhengige årsaker. Utstillinga står dermed på eigne bein under Valestiftinga.
Nobelprisen i medisin
På motsett side av kontoret til direktøren er det eit areal med ei samling av eldre medisinsk utstyr, blant anna til lobotomi. Lobotomiar vart utførd ved norske sjukehus i perioden 1941-1974, Valen var ikkje noko unntak. Det gjer inntrykk å sjå instrumenta som har blitt brukt, anten til å stikkast inn på sida av pannebeinet eller opp gjennom augehola til pasientane.
Målet var å kutte samband i den fremre delen av hjernen, siste behandlingsutveg for pasientar med alvorlege lidingar. Dette førde til at svært urolege og utagerande pasientar blei sløve, i mange tilfelle kjenslemessig avstumpa. Nokre døydde som følgje av operasjonen. I dag ser me på dette som ei av dei mest brutale behandlingsformene av pasientar med psykiske lidingar, gjennomført i ikkje så alt for fjern fortid. I samtida var metoden så populær at nevrologen som først tok den bruk fekk Nobelprisen i medisin.
Denne forteljinga blir stadig trekt fram i utstillingar om psykiatrihistorie. På ei side er dette ei forteljing me har høyrt mange gonger før. På ei anna side er den så ille og skildrande at den kan vere verdt å fortelje igjen og igjen, som ei påminning om korleis den sjølverklærte friske majoriteten har behandla sine medmenneske. Forteljinga er enkel å formidle når ein har reiskapane som har blitt brukt til å utføre lobotomi. Det hadde vore interessant å sett ei utstilling om psykiatrihistorie som ikkje plukka opp denne forteljinga. Det er nok av andre vonde historier å ta av.
Skattane i distrikta
Det neste rommet kan også minne om eit kontor med ein skrivepult og nærast alle veggar dekka av bokhyller. På 1940-talet donerte dr. Harald Arnesen, første direktør ved asylet, heile boksamlinga si til sjukehuset. Samlinga består av fleire førsteutgåver av viktige avhandlingar innan psykiatrifaget.
Det er ei unik samling, som så langt står nærast urørt.
Samlinga er ei gullgruve for den arkivinteresserte. Her kan fleire svar på ulike problemstillingar innan psykiatrihistorie finnast. Dette er eit godt døme på skattane ein kan finne ved små museum og utstillingar i distrikts-Noreg – og som hadde fortent å skinne meir. Fordeling av ressursar er sjølvsagt ei tilbakevendande utfordring. Handeland fortel også at dei merkar godt skiftande trendar og at populariteten til psykiatrihistorie svingar. Dette gjeld nok for alle tema- og nisjeutstillingar, men psykisk helse angår då oss alle. Kva som har hendt på vegen frå asyl til moderne psykiatri er av allmenn interesse.
Dei blanke steinhellene
Dei siste romma i utstillinga viser døme på arbeidsstover. Her er mellom anna måleri og måleutstyr, vevstolar, strikke- og anna tekstilarbeid stilt ut. Dette var arbeid pasientane kunne ta seg til om gardsbruk ikkje var aktuelt. Det var også slikt innearbeid som var alternativet då maskiner tok over stellet på garden.
Slik kan utstillinga seie å spegle nokre av dei store endringane som skjedde i samfunnet første halvdel av 1900-talet.
Utstillinga er som både sjukehuset og samfunnet i miniatyr.
Her er mange lag. Den er også som ein tidskapsel. Den viser Valen Sjukehus i si stordomstid med ansvaret for meir enn 500 pasientar på 1960-talet. I 2010, hundre år etter asylet først opna dørene, var mengda behandlingsplassar redusert til om lag 75.
Ein interessant detalj ved Valen Sjukehus og psykiatrihistoria her som hadde fortent merksemd i utstillinga er referanse til den gamle pasientgravplassen. Den er lokalisert nedanfor sjukehuset, i skogen mellom det og fjorden. Her kviler fleire av dei tidlegare direktørane med ektefellar. Dei insisterte på å bli gravlagde saman med pasientane sine, som er beundringsverdig, men mest interessant er alle steinhellene utan noko skrift på.
Sjukehuset og omgjevnadane
Gravplassen blei rehabilitert på 1950- til 60-talet. Då blei trekrossar med namna til dei gravlagde erstatta med disse for det meste blanke hellene. Kvifor dei fleste pasientgravene blei gjort anonyme er ukjend. I nokre tilfelle ville ikkje pasienten sin familie vite av vedkomande grunna skamma knytt til psykisk sjukdom. Likevel, om det då var familiane som aktivt ba om at den avdøde sitt namn ikkje blei markert på dei nye steinhellene er uvisst. Ei oversikt over namn og årstal på kven som kviler her er bevart i sjukehuset sine arkiv, men slik gravplassen framstår i dag, er den siste kvilestad for mange namn- og stemmelause.
Eit besøk i utstillinga ved Valen sjukehus kan seiast å vere komplett først etter ein også har besøkt gravplassen. Då hjelp det å vere lokalkjend. Å vise til den i utstillinga hadde bidrege til å knyte sjukehuset enda tettare til miljøet og omgjevnadane sine, og løfta fram forteljinga om dei namnlause som kviler der.
Ord frå ein tidlegare pasient ved Valen sjukehus som verkeleg fekk namnet og stemma si ut til verda skal få avslutte denne teksten.
Ho er søt, einsemdi
so lenge vegen attende
til dei hine
er open.
Olav H. Hauge
Støtte til kritikk
Tidsskriftet Museum har også i 2024 fått støtte til utstillingskritikk fra Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer rundt en til tre anmeldelser i måneden. Se alle anmeldelser her.
Våre anmeldere kommer fra kunst-, museumsfeltet og/eller media.
Karina Solheim tar for tida master innan museologi- og kulturarvstudier ved UiO. Studiepraksisen sin får ho ved Grenselandmuseet i Kirkenes hausten 2024. Ho har formidlingserfaring frå Austråttborgen utanfor Trondheim, Ekebergparken og Dei kongelege samlingar. Ho er frå Kvinnherad og jobba deltid ved akuttposten til Valen Sjukehus i 2011 og -12, men har ikkje tilknyting til utstillinga anna enn gjennom arbeidet med denne teksten
Hold deg oppdatert på et viktig samfunnsfelt – bli fast leser av Museum, også på papir. Kjøp enkeltutgaver her, tegn abonnement her.