Måten utstillinga Harpe ved Ringve musikkmuseum er bygd opp på, er original: Ei sjeldan harpe er plassert midt i utstillinga, faktisk plassert på ein roterande sokkel, så vi får beundre instrumentet frå alle sider.
Harpa er kransa av ein lys vegg med eit bilde måla i romantisk stil. Her er store tre, graskledde fjellsider, på ein knaus løftar ein jeger bogen sin, på himmelen svevar englar opp mot sola. Ser ein på biletet ei stund vil ein sjå trea sveie i vinden, jegeren skyte pila si, og englane danse.

Overdådig
Denne gongen har Ringve sanneleg ikkje spart på effektane. Det er ein tendens i dei seinare åra at museet går vekk frå det stramme, minimalistiske uttrykket, og nettopp omfamnar det overdådige, samstundes som dei ikkje er så redde for å leike seg og teste ut ulike tilnærmingar. Og harpa er i sin natur ganske overdådig, det er ikkje utan grunn at overklassekvinner på 1700-talet så ofte poserer saman med dette instrumentet når dei skal portretterast, om dei kan spele på det eller ei.
Veggen bak harpa viser seg å vere laga av snorgardiner, tett i tett med tynne kvite trådar. Ein smart måte å lage ei avdeling på, utan at det vert opplevd som massivt. Ein kan også gå tvers gjennom gardina. I rommet innanfor er ei lang rekke med andre harper frå heile verda. Her er i alt tretti harper og lyrer i alle slags utformingar, også merkverdige hybridar som gitarharper og ei pianoharpe. Det dei alle har til felles, er den fritt svingande, spente strengen.
Denne delen av utstillinga er ganske mørk, med gyllent lys på instrumenta. Veggane er måla i djupblå tonar, her og der pynta opp med store fototapet av utsnitt av måleri. Måleria viser himmelske scener eller djupe skogar der det bur einhjurningar, alveliknande kvinner og skumle vesen med lysande auge. Desse tapeta, også harpemusikken som siv lågt frå diskret plasserte høgtalarar, er med på å understreke det leikne og sanselege ved utstillinga.
Her er også ei enkel harpe der publikum kan teste ut tonane. I tillegg står vi fritt til å klimpre på dei tre harpene som er sett opp i aktivitetsrommet Musikkhagen, som ligg vegg i vegg.

Kring leirbålet
Utstillinga startar med eit dykk ned i den rike folkloren som har grodd fram kring instrumenta. I ekte speidarånd har Ringve bygd opp eit leirbål, der vi kan setje oss på solide trestubbar for å høyre fem historier frå ulike delar av verda.

Vi får også sjå sjølve instrumenta: Den norske mellomalderballaden kjem saman med ei bondeharpe frå Røros, den irske legenda om korleis årstidene vart til vert vist saman med den keltiske harpa som vi kjenner att på ølboksane til Guinnes. Her er også ei historie frå det finske eposet Kalevala som fortel korleis kantela vart skapt, medan kora frå Senegal vart gitt menneska av ei magisk ånd. Den etiopiske historia handlar om bavianen som vert avvist av apene, medan ho trøyster seg med harpa si vert ho oppsøkt av ei løve. Bavianen lurer løva til å drepe apene, og sparkar løva i vatnet. Slutten på historia er ikkje eintydig lukkeleg: «Da satt bavianen alene, løven hadde trampet ned all maten, og ingen ville høre på harpespillet hans lenger.»

Historia vert vist saman med ein krar, som har lokk av øgleskinn. I følgje Encyclopedia Britannica var denne forma for lyre stempla som djevelens instrument, medan den meir avanserte begannaen vart rekna som heilag. Vi finn ein beganna seinare i utstillinga. Ho vert også kalla Davids lyre, og skal vere den som David spela for Kong Saul med, i det gamle testamentet.

Korleis kling instrumenta?
Det er fint å høyre på historiene, men eg ville sett endå meir pris på å høyre dei utstilte instrumenta. Utan lyd, vert harpeinstrumenta berre gjenstandar, noko så enkelt som eit lydspor på nettsida ville gjort stor forskjell. Medan eg har skrive om utstillinga, har eg trøysta meg med å søke på YouTube. Her er det mengder av filmar som viser korleis dei ulike instrumenta i utstillinga kling.
Den einaste lydsporet i utstillinga, viser korleis harpa vert brukt i populærkulturen. Dei er lagt inn på eit lite nettbrett med to hovudtelefonar. Her kan ein mellom anna høyre det japanske bandet Wagakki, som kombinerer rock og metall med tradisjonelle japanske instrument og dikt. Paradoksalt vert ikkje harpene dei speler på stilte ut i utstillinga.
Små etikettar, god katalog
Utstillinga strekker seg geografisk vidt utover, også langt attende i tid. Harpa er det eldste strengeinstrumentet vårt, truleg inspirert av tonen som kjem fram når en klimprar på bogen til jegeren. Det eldste er funne 2500 år f.Kr. i Ur i dagens Irak. Men harpa har oppstått verda over, mange stader heilt uavhengig av kvarandre. Her er måla eit stort verdskart på veggen med foto av ulike harper og lyrer, med trådar imellom for å vise likskapar og samanhengar. Problemet er at bilde er altfor små til at ein ser dei. Kartet kunne heller blitt flytta over til delen der harpa ein kan prøve står. Så kunne ein gått nærare og sett betre på bilda.
Same problem er det med etikettane til verka. Det er mørkt i rommet, og tekstane altfor små for mine auge. Det er viktig for den universelle utforminga med tilstrekkeleg store tekstar.
Det er generelt lite tekst i utstillinga, til gjengjeld får vi med oss ein svært god, gratis katalog. Her er mange bilde, og god informasjon. Katalogen ville vore heilt fullkomen om den i tillegg hadde hatt ein oversikt med foto av alle instrumenta.
Utviklinga av harpa
Den siste delen av utstillinga viser utviklinga av konsertharpa. Harpa vart jo ikkje nytta i orkesteret før i romantikken. Utfordringa til harpa er at strengane vibrerer fritt utan å verte pressa mot eit gripebrett. Derfor kan kvar streng berre lage ein einaste tone – medan dei fire strengane til fiolinen kan formast til over femti tonar.
På 1500-talet kom krokharpene, der ein ved å stramme på krokane endrar tonen på strengen. Dette var sjølvsagt vanskeleg å gjere medan ein spelte. På slutten av 1600-talet tok ein til å utstyre harpene med pedalar, såleis at tonehøgda kunne hevast og senkast med føtene. På slutten av 1700-talet vart det eit kappløp for å finne opp ei harpe som kunne spele i alle toneartar. Kravet frå musikarane på denne tida var at dei lett skulle kunne spele musikk som var laga for andre instrument. Derfor måtte også andre instrument tilpassast for å halde tritt med det meir og meir fritt modulerande musikalsk språket: treblåsarar fekk fleire klaffar, messingblåsarar fekk klaffar, og seinare ventilar.
Harpa til Marie Antoinette
No har vi gått rundt heile utstillinga og er komne attende med hovudattraksjonen, som altså er verdas første moderne harpe. No har vi fått grunnlag for å betrakte dette instrumentet med fornya interesse. Ho vart utvikla i 1782 av harpemakaren Georges Cousineau. Det som gjer henne særskilt er at ho har heile 14 pedalar. Innanfor treverket, er ein finstilt mekanikk som koplar pedalane til strengane, såleis at ein harpisten kan spele tre tonar med kvar streng, og såleis dekke alle toneartane.
Den avanserte harpa vart laga for sjølvaste Marie Antoinette (1755-1993). Ho var ein god musikar. Ho var habsburgar, der alle lærte musikk, og fleire i familien var gode komponistar. Mora, Maria Theresia, var ein framifrå cembalist. Også Marie Antoinette hadde cembaloen som primærinstrument, seinare også pianoforte. Ein kan gå ut i frå at ho spelte noko av den same musikken på harpa som på tasteinstrumenta.
Etter revolusjonen forsvann Cousineau-harpa for ei lang tid. Det var først i 2008 at ho vart identifisert, faktisk i ein heim nokre kilometer frå slottet i Versailles. Ho har berre vore vist fram ein gong tidlegare, då for ei kort periode. No vert ho ståande på Ringve i to år.
Universell og trua på same tid
Utstillinga får på ein god måte fram breidda og djupna til instrumentet. Ho har vore brukt verda over, av bønder, nomadiske folk, i hoffet. Ho finst i svært mange former og variantar, og så gamal som ho er.
Samstundes har harpa status som trua instrument, og er i fare for å ikkje tiltrekke seg nok musikarar til å overleve. Dette er såleis ei viktig utstilling.
Eg har klaga over at det ikkje er lydspor i utstillinga – til gjengjeld kan vi høyre fleire konsertar med ulike former for harpeinstrument på Ringve i dei to komande åra. Den første er allereie 6. april og harpe og lyreforma kora, og vever saman vestafrikanske tradisjonar med klassiske uttrykk, og 20. juli vert det musikk framført med bondeharpe.
Utstillinga er dessutan laga i samarbeid med Trondheim Kammermusikkfestivalen 21-28. september, som i år nettopp har fått harpe som tema.
Støtte til utstillingskritikk
Tidsskriftet Museum har også i 2024 fått støtte til utstillingskritikk frå Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer ein til tre meldingar månaden.
Våre meldarar kjem frå kunst-, museumsfeltet og/eller media.
Eva Furseth er formidlingsansvarleg og konservator NMF ved Justismuseet og fast kunstmeldar i Dag og Tid. Furseth har skrive fleire bøker og artiklar om norsk og færøysk kunst. Tidlegare har ho vore kunstmeldar i Bergens Tidende og tilsett ved Museet for samtidskunst og Trondheim Kunstmuseum.
Les alle meldinger her, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.