
Sidan 1814 har den norske befolkninga fått gradvis større innflytelse på korleis landet skal styrast, med sjølvstende i 1905 og ein stemmerett som i 1913 vart utvida til å gjelde begge kjønn. Med tanke på desse solide tradisjonane for demokratisk tankegang er det eit tankekors at lokaldemokratiet på Svalbard berre er tjue år gamalt.
Svalbard er på mange måtar eit unnataksland.
Utruleg nok er det ikkje lov å bu her om ein vert sjuk, eller gamal og pleietrengande. Longyearbyen er verken eit fylke eller ein kommune, men har vore driven av konsern heilt til befolkninga fekk kjempa fram ein demokratisk modell for tjue år sidan. Då vart det endeleg etablert eit lokalstyre med eit ansvarsområde som samsvarar med oppgåvene til norske kommunar – som skuleverk, idrett og kultur, infrastruktur og energiproduksjon.
Derfor laga Svalbard museum ei utstilling som markerer at det i 2022 var 20 år sidan Longyearbyen lokalstyre vart oppretta. Museet held hus i Svalbard forskingspark med gode areal for utstilling, den rikhaldige faste utstillinga viser fram dei mange spennande sidene ved natur- og kulturhistoria ved Svalbard.

Ei tidslinje utanom det vanlege
Utstillinga «Lokaldemokratiet i Longyearbyen» er sett opp i eit stort lokale som er øyremerkt for skiftande utstillingar. Utstillinga består av ei tidslinje som strekker seg attende frå dei første busetnadene til i dag. Med dokumentarfoto og tekstplansjar vert vegen fram til lokaldemokratiet skildra, dei viktigaste sakene som har vore i løpet dei siste tjue åra, og spørsmål som lokalsamfunnet er opptekne av i dag.
Dette er ei utstilling som er tiltenkt befolkninga i Longyearbyen. På Svalbard bur det mellom 2500 og 2600 personar. Samstundes er det eit stort påtrykk av turistar. Museet lagar gjerne utstillingar som er retta mot dei mange tilreisande som besøker denne særmerkte staden. Det kjem folk frå heile verda, og besøkstalet for museet er på 44 000 per år.!
For lokalbefolkninga
Mykje av utstillingsfokuset druknar såleis i turisme, og det vert ofte lite tid til sjølve lokalsamfunnet.
Det er godt å sjå at museet denne gongen har laga eit tilbod som er retta mot dei som bur her.
Ingen stad i verda vert befolkninga skifta ut raskare enn i Longyearbyen. Storparten bur her berre nokre år. Såleis vert viktig informasjon om lokale tilhøve ikkje spreidd på den måten vi tek som ei sjølvfølgje i den bygda eller byen vi har vakse opp i. Med tanke på den raske utskiftinga vert det ekstra viktig med ei utstilling som tek eit så viktig tema som lokaldemokratiet opp til debatt. Utstillinga er initiert av direktør Eystein Markusson. Han var aktiv i demokratiseringsprosessen då han budde her frå 2000 til 2008, og flytta attende i 2022 for å ta over leiinga av Svalbard museum.
Sjølv om denne utstillinga er utforma med ei relativt smal målgruppe i tankane, har ho interesse langt utover grensene for Svalbard. Det er kanskje nettopp når utstillinga har til føremål å snakke direkte til ei gruppe, at ho treffer så godt at ringverknadene breier seg langt utover det tiltenkte nedslagsfeltet.
Innblikk i eit unikt samfunn
Utstillinga er fint tilpassa det langstrekte rommet ho er laga for. Ein sokkel strekker seg innover i rommet, dekt av store plansjar. På veggane heng foto. Utstillinga har form som ei tidslinje som strekker seg heilt attende til dei røffe gruvearbeidarane som slo seg ned her for meir enn hundre år sidan.
Tidslinja er utforma som ei rad med kartotekkort i avdempa bruntonar. Det enkle og elegante designet er med på å fortelje den komplekse historia på ein oversiktleg måte, som stadig lokkar deg vidare til neste del. Det er eit ryddig oppsett, med kjeldetilvisingar og dokumentarfoto.
Tekstane er skrivne av direktør Eystein Markusson og Line Nagell Ylvisåker, som er redaktør av Svalbardposten og har skrive fleire bøker om livet på Svalbard. Forfattarane har lukkast med å lage tekstar som både er kortfatta og interessante. Medan vi les, får vi forståing for kvifor Longyearbyen framleis identifiserer seg med gruvesamfunnet, trass i ønsket om å rive seg laus og utvikle ein identitet.
Utstillinga begynner med tidleg 1900-tal, ei tid då gruveselskapa bestemte alt. Folk fekk eittårskontraktar, det var opp til selskapet om dei vart fornya. Da gjaldt det å halde seg inne med leiinga. Kom ein med kritiske spørsmål, kunne ein risikere jobben. Utstillinga synleggjer på ein god måte kor viktig demokratiske rettar er for eit verdig liv, kor viktig kampen for å sikre rettar er, og at dette er ein kamp som ein må halde fram med. Særleg avgjerande for dette samfunnet vart Svalbardtraktaten i 1925, då Svalbard vart ein del av Noreg, samstundes med særeigne reglar. Framleis hadde konserna siste ord fleire tiår framover.
Ein annan tidbolk ein skulle tru var viktig, er krigsåra. Eg undrar meg over kvifor dei dannar eit hol i tidslinja. Kvifor vert ikkje andre verdskrig nemnd? For dette var eit dramatisk kapittel, øygruppa vart evakuert, busetnader bomba og brent. Fleire nordmenn mista livet.
Lite av det som gjeld internasjonal innverknad i det hele, vert nemnt i utstillinga. Utstillinga held fokuset strengt på dragkampen mellom lokalsamfunnet og styresmaktene i Noreg i denne heilt spesielle delen av Noreg, som har geopolitiske utfordringar som vi ikkje har på fastlandet. Innleiingsvis kunne denne avgrensinga av materialet gjerne vore betre tydeleggjort.
Lenger ute i utstillinga får vi innblikk i korleis samfunnet vert meir normalisert, frå å vere eit mannsdominert samfunn til eit samfunn med barnefamiliar der ein infrastruktur vaks fram, og med den lange kampen om å få demokratiske rettar. Til slutt vert demokratiets kår i dag og vegen vidare løfta fram. Men korleis står det eigentleg til med demokratiet på Svalbard?
Folkestyret allereie på museum?
Lokalsamfunnet føler stadig på at sjølvråderetten vert utfordra. Denne utstillinga vart laga i ein periode då det var stor diskusjon kring ein del av forskriftene, som var til høyring. Ei heit potet var forskrifta om stemmerett ved val til lokalstyret. Like etter at utstillinga opna i fjor, innførte regjeringa ein regel om at ein må ha budd tre år på fastlandet i Noreg for å ha stemmerett og vere valfør til lokalstyret. Svalbard skulle ikkje vere ei bakdør der ein kan smette inn i Fastlands-Noreg.
For øyriket har ein rask tilvekst av ikkje-norske, då dette er den einaste staden i verda der ein ikkje treng opphaldsløyve eller visum for å busetje seg. Så lenge ein klarer seg sjølv, er det fritt fram.
Over natta vart stemmeretten, den mest grunnleggande rettigheita vi har i eit samfunn, teken frå mange.
I Fastlands-Noreg kan nordiske statsborgarar stemme dersom dei kom til Noreg etter 30. juni i valåret. Såleis bryt ein med fundamentale prinsipp i det veletablerte nordiske samarbeidet. Lokaldemokratiet i Svalbard vart i svært liten grad involvert i denne avgjersla. Lovendringa illustrerer godt kor annleis tilhøva på Svalbard er.
Utstillinga lukkast med å synleggjere tosidigheita som karakteriserer denne delen av Noreg: På den eine sida er Svalbard eit geopolitisk verkemiddel, på den andre sida ein stad å leve og trivast og utvikle seg i som skal vidareutviklast som levedyktig samfunn,
Utstillinga tek såleis uredd tak i eit brennheitt tema, ein strategi som samsvarar godt med stortingsmelding nr. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid: «Musea våre er uttrykk for utviklinga av eit samfunn, sjølvkjensla i ein nasjon, standarden for ytringsfridom og demokrati i ein fellesskap.»
Å lytte til ungdommen
Eg skulle sjølvsagt ønskt meg fleire gjenstandar i utstillinga, men såg fort at det ville vore vanskeleg å få til av plassomsyn. Så vi får nøye oss med den velbrukte valurna som vert vist fram, eit sterkt symbol på den hardt tilkjempa stemmeretten. Urna minner også om at slike rettar slett ikkje er noko ein vinn ein gong for alle, men er under konstant press.
Eit anna fint element er dei mange innlegga som er skrivne av elevar frå vidaregåande skule. Det er fint at dei unge er så synlege i ei slik utstilling. Det er overraskande mange barn som veks opp her, og det er på sin plass å få vite kva dei er opptekne av. Det er stort fokus på utdanning, og det gjev tydelegvis frukter. Elevar herifrå har mellom anna markert seg i forskingskonkurransen Holbergprisen gjennom fleire år.

Denne artikkelen står på trykk i Museum nr 2 23, der det overordna temaet er politikk. Fleire av artiklane er digitaliserte, og kan lesast på nettsidene våre. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.