Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
BakgrunnOm det verste skjer

Om det verste skjer

Om det byrjar å brenne i eit museumsbygg, eller om samlingar på anna vis vert akutt truga, må verdiar sikrast. Men kva skal reddast først, og korleis kjem institusjonane fram til ei slik prioritering?

Om det byrjar å brenne i eit museumsbygg, eller om samlingar på anna vis vert akutt truga, må verdiar sikrast. Men kva skal reddast først, og korleis kjem institusjonane fram til ei slik prioritering?

Ved Universitetsmuseet i Bergen er Marie-Louise Lorentzen sikringsansvarleg for samlingane.

– Om brannvesenet må rykke ut til eit av våre bygg, så skal dei få ei laminert A3-side med alle dei viktigaste objekta rett i handa, fortel ho.

Madonna eller apekatt?

Denne konsentrerte informasjonen om kva og korleis dei viktigaste objekta skal reddast, er den fysiske manifesteringa av verdibergingsplanen ved museet. Planen er utarbeidd etter mal frå Oslo brann- og redningsetat og skal sikre at «prioriteringene av hva som skal berges blir gjort i fredstid av de som kjenner verdiene best», som det heiter i innføringa. Universitetsmuseet er ein del av ei felles beredskapsgruppe som musea i Vestland har etablert, der Bevaringstenestene i Salhus er sekretariat. Malen for verdibergingsplanen vart først diskutert her, før medlemsinstitusjonane tok den i bruk.

– Hjå oss er det dei samlingsansvarlege forskarane som sit med denne kunnskapen, og som må vurdere objekt opp mot kvarandre i sine kategoriar, seier Lorentzen. Ho erkjenner at dette kan vere krevjande for dei samlingsansvarlege, og at det vert ytterlegare komplisert når ein i eit bygg har objekt frå vidt ulike samlingar.

– Det er ikkje sikkert forskarar då er einige om det er madonna frå Hardanger eller ein utdøydd apekatt frå Amazonas som er det viktigaste å berge.

SPEKTAKULÆR: «Myklebustmannen» vart funnen i den einaste kjende brente skipsgrava frå vikingtida, i Myklebusthaugen i Nordfjordeid. Av det mest spektakulære i funnet var eit bronsekar røva frå eit kloster eller ei kyrkje i Irland på 800-talet, med denne «Myklebustmannen». Karet inneheld dei kremerte restane av ein høvding og hans personlege utstyr, og «Myklebustmannen» er eit unikat med stor forteljande kraft. Foto: Universitetsmuseet i Bergen, Adnan Icagic

Det vesentlege

Det eit museum må gjere, er langt meir praktisk enn meir bortkasta kanondebattar, seier mangeårig direktør ved Universitetsmuseet i Bergen, Henrik von Achen. I tida han var direktør, frå 2013 til 2021, byrja arbeidet med evakueringslister:

– Om museumsbygget brenn og vi berre har tid til å redde ut tre gjenstandar, kva gjenstandar vel vi då?

Von Achen meiner at det finst nokre få gjenstandar som er ein del av vår felles identitet:

– Alle har eit forhold til Osebergskipet, eller «Skrik» av Edvard Munch, forklarer han.

– Det er noko ved desse gjenstandane som samlar ei tid i seg, og som er identitetsskapande. At det finst eit hierarki, vil altså dei fleste vere einige om, men det er når ein må samanlikne gjenstandar frå ulike samlingskategoriar, det vert vanskeleg. For kunsthistorikar von Achen står omgrepet «vesentlegheit» då fram:

– Kriteria kan ikkje vere kvalitet, alder eller verdi, men vesentlegheit for vår identitet: kven vi er, kvar vi kjem frå og kvar vi går.

Von Achen meiner dette omgrepet er meir sentralt enn «unikt» i utarbeidinga av ei slik praktisk prioritering, kanskje også fordi det ligg i utkanten av det faglege og tek inn over seg samfunnskonteksten.

Det uerstattelege

Ved Universitetsmuseet i Bergen er det 27 ulike samlingskategoriar, og sjølv om ikkje alle er å finne i dei same romma, er det store skilnader på kva naturvitarar og kulturvitarar legg til grunn i sine prioriteringar. Professor Terje Lislevand er ansvarleg for museet sine samlingar ar virveldyr unnateke fisk, altså pattedyr, fuglar, amfibium og krypdyr.

– Det er vanskeleg å setje opp desse prioriteringslistene, men at typeeksemplar og utrydda artar er viktige, er det stor einigheit om, seier han.

Utrydda artar vil det i mange tilfelle være nærast umogeleg å erstatte om dei går tapt. Eit typeeksemplar er det som ligg til grunn for skildringa av ein ny art.

– Om nett slike eksemplar går tapt, så er det ikkje berre eit tap for museet, men for heile det internasjonale forskingsmiljøet som arbeider med å klassifisere levande organismar, seier Lislevand. Då har ein ikkje lenger moglegheit til å vurdere korleis eksemplaret som ein art vart skildra ut frå, faktisk såg ut, eller ta prøver for å samanlikne dette «ureksemplaret» sitt DNA med andre organismar.

Prioriteringsarbeidet i desse samlingane har fleire vanskelege vurderingar, forklarer Lislevand:

– Når vi byrjar snakke om vitskapleg verdi og kva som har størst verdi for vidare forsking, vert vurderingane raskt kompliserte.

– Korleis skal ein for eksempel vurdere ei sjeldan samling fuglar som ikkje finst andre stadar, opp mot ein tidsserie av ein art som gjer det mogeleg å forske på endringar over tid? Desse refleksjonane vert ekstra krevjande ettersom vi ikkje kan vite kva framtidas forskarar kan trenge av biologiske prøver frå musea, eller kva nye metodar som vert utvikla.

Det er også knytt sentrale kultur- og vitskapshistoriske verdiar til sjølve innsamlinga. Fridtjof Nansen var, mellom mykje anna, den første doktorgradskandidaten ved museet, og magasin og utstillingar rommar difor objekt frå oppdagingspionerens innsamlingsarbeid:

– For ein naturvitar er ikkje kven som har samla inn noko, det mest interessante, men derimot det som er samla inn. Men vi må tenke breiare i dette arbeidet, og eg synest difor absolutt det som er mest sentralt i vitskapshistoria, må med, seier Lislevand.

I SKJUL: I 2017 tok tjuvar seg inn i Universitetsmuseet i Bergen og stal ei rad arkeologiske gjenstandar, hovudsakeleg frå vikingtida. Dei fleste av desse kom seinare attende til museet, men hendinga styrka fokuset på tryggleiken til gjenstandar i utstillingar og på magasin. Dei utstoppa dyra på dette biletet er difor lagra i eit magasin på hemmeleg adresse. Foto: Ellen Lange

– Ei stille kanonisering

Ved dei store kunstmusea er evakueringslister og verdivurderingar alltid ein del av arbeidet med nye utstillingar. Line Daatland er direktør for samling og utstillingar ved Kode i Bergen. Ho fortel at dei ved museet har utarbeidd evakueringsplanar for alle utstillingar og magasin, og at ei lita gruppe kunstverk då er i evakueringsprioritet 1:

– Vi tek utgangspunkt i kulturhistorisk verdi og har verk i samlingane som er på verdsarvnivå. Desse verka vil då vere i evakueringsprioritet 1, forklarer Daatland. Den høgste prioriteten set føringar for kvar desse verka kan henge, og at dei skal vere mogelege å sikre raskt ved ulike typar trugslar.

I toppkategorien er det også verk som ikkje har den høgste forsikringsverdien, men som er særleg sentrale for Bergen og Vestlandet.

– Den kulturhistoriske verdien er knytt til kor vondt og vanskeleg det vil vere for samfunnet om akkurat dette verket går tapt. Ei vurdering som er utruleg vanskeleg i eit museum, ettersom alt i samlingane er teke inn fordi vi meiner det er viktig å ta vare på det, seier Daatland. For verka i eiga samling er det Daatland og direktør Petter Snare som gjer desse vurderingane. I arbeidet med nye utstillingar vil kuratoren for utstillinga også vere involvert. Når det gjeld dei innlånte verka, er forsikringsverdien ein sentral del av vurderinga: – Men det er jo ein samanheng mellom forsikringsverdi og kulturhistorisk verdi, påpeikar Daatland.

– Det er jo ei slags stille kanonisering som føregår, men som berre kjem til uttrykk om det, gud forby, skjer noko.

Daatland ser positivt på ein samtale mellom institusjonar om kulturhistorisk beredskap og trekker parallellar til frølageret som er etablert på Svalbard:

– Kva skal vi sørge for at er teke vare på for dei som kjem etter oss? I denne større diskusjonen er ho oppteken av at det ikkje berre er dei eldste verka som skal prioriterst, men at vurderinga også tek inn i seg kva som er den beste dokumentasjonen av kulturuttrykk i samtida vår.

PÅ MAGASIN: Ved Universitetsmuseet i Bergen er det kring 5 millionar registrerte objekt. Utstoppa fuglar er melom anna desse. Vi ser her andefuglar, hønsefuglar og rovfuglar. Foto: Marie-Louise Lorentzen, Universitetsmuseet i Bergen

Kan ende opp med berre Munch

Stina Högkvist er direktør ved Nordnorsk Kunstmuseum. Ho er glad totalberedskapens år har skapt rom for samtalar om kva som er det viktigaste:

– Korleis kan vi få til ein større diskusjon om kva vi vil sitje igjen med om alt går til helvete? Det er hennar spissformulering av det som no må til.

Dei evakueringslistene Nordnorsk Kunstmuseum allereie har utarbeidd, er av tryggleiksgrunnar hemmelege, men for Högkvist er det viktig at ein ikkje berre nyttar klassiske vurderingar kring kanon og økonomisk verdi i arbeidet som vert gjort for å lage nye lister:

– Det er mange kunstmuseum som har bilete av Edvard Munch anten i dei permanente samlingane sine eller på innlån. Om vi ikkje veit kva andre har på sine lister, og vi alle endar opp med å redde same type verk, så sit vi att med ei stor samling Munch om krisa råkar, seier ho.

– Vi treng ein større diskusjon rundt dette, der vi også tek inn det gode arbeidet som er gjort for minoritetar og andre grupper som tidlegare ikkje har hatt ein plass i kunstmusea.

Desse perspektiva meiner Högkvist må inn i vurderinga av kva som skal bergast først. I hennar forståing heng denne diskusjonen tett saman med mogelegheitene til innkjøp for at samlingane til ei kvar tid skal henge saman med dagens syn og verdiar.

Som direktør ved det einaste statsfinansierte kunstmuseet i Nord-Noreg er ho oppteken av å samle kunnskap for å ta arbeidet med evakueringslistene vidare:

– Det er eit nytt alvor i dette arbeidet no.

– Det handlar ikkje berre om krig, men om naturkatastrofar, datahacking og klimatrugslar. Vi må spørje oss om korleis vi kan ta ei rolle i Nord-Noreg, og på kva måte vi kan hjelpe andre museum og samkøyre dette arbeidet.  For Högkvist handlar ikkje arbeidet med prioriteringane om objektivitet:

– Det må finnast meir overordna prinsipp for utvalet som vert gjort.

PUSSY POWER: Cinná Fabmu («Pussy power») av den samiske kunstnaren Merethe Ella Márjá Kuhmunen, er eit av verka direktør Stina Högkvist vil prioritere høgt, men som i ei klassisk vurdering ville falle utanfor. Foto: Nordnorsk Kunstmuseum, Kim G. Skytte

Les fleire intervju og reportasjar fra museumsverdenen. Denne saka står også på trykk i Museum nr 2 26. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser