«Men… driv dei med forsking på musea? Det trur eg kanskje ikkje er så veldig allment kjent»
– Sitat frå opplyst, informert og relativt kulturinteressert venninne av redaktøren.
Eg trur ho kan ha rett. Eg trur også det kan vere fleire, heilt grunnleggjande sider ved musea som ikkje er så veldig allment kjent, men som gjerne kunne vore det. Slik som museas samfunnsrolle og samfunnsansvar. Og kvifor i alle dagar er det slik at musea skal vere så autonome? Og ha så lang avstand til «makta». Det er vel logisk at dei som finansierer musea skal kunne påverke det dei betalar for?
Saka om Vegmuseet på side 12 i dette bladet er eit eksempel på at dette siste kan vere krevjande å ta inn for mange. Også i departementa og direktorata. Forståinga for armlengds avstand og museas sjølvstendige ansvar ser ut til å vere mangelvare så fort ein kjem ut av Kulturdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Det er vel for eksempel heller ikkje utan grunn at Forsvarsmusea no går frå Forsvarsdepartementet og til Kulturdepartementet.
Museumsnytt har skrive fleire sakar dei siste åra som handlar om korleis sektoransvaret kan gjere ting kronglete og unødvendig vanskeleg for ein del museum. Men sektoransvaret i seg sjølv er jo ikkje problemet. Problemet er mangelen på kompetanse om museum blant makthavarar og dei som sit på pengane.
Det er difor bra at Kulturdepartementet i Museumsmeldinga legg opp til å lage eit samordningsforum på tvers av departementa. Det kan antakeleg hjelpe, viss det berre blir gjort godt.
Men det er ikkje nok. Eg trur at musea, Museumsforbundet og Norsk ICOM i større grad burde kjenne på ei slags opplysningsplikt om museas rolle. Ein har lett for å preke til menigheta. Det veit eg litt om – etter 13 år som redaktør for Museumsnytt.
Men mi venninne burde utsetjast for informasjon og opplevingar som gjer at ho også kan få ta del i den same oppfatninga om museum og museas rolle som museumsverda deler. Og eg trur at eit første steg på vegen dit, må vere at museum og museumsfolk trer ut av kulturfeltets underdog-rolle og utstrålar den sjølvsikkerheta og krafta som dei rettmessig burde kunne innta i samfunnet.
Dette var mi siste oppmoding på ei stund. Eg takkar førebels for meg og 13 superinteressante og givande år. Takk for all lesing og alle bidrag. Kanskje me sjåast om eit års tid. I mellomtida må de ta godt imot Ellen Lange, som innan du sit med dette bladet i handa er godt i gang med å planlegge neste utgåve av Museumsnytt.