Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
KritikkStolen til Sterke-Nils

Stolen til Sterke-Nils

Utstillinga «Alt dette er ditt» opna i 2022, som første utstilling i det nye museumsbygget VEV i Brekkeparken i Skien. Her møter vi over 800 gjenstandar som museet har samla inn gjennom åra, med vekt på lokale forskjellar og dei gode historiene. I «Alt dette er også ditt» frå i år møter vi også ei mengd ting som vanlegvis bur på magasin, skjulte for publikum.

Bygget VEV var eit etterlengta tilskot, endeleg kunne Telemark Museum vise utstillingar året rundt. Det langstrekte museet har den beste tomta i byen, kneisar på toppen av det vakre friluftsmuseet Brekkeparken med utsikt over heile Skien by. I dette bygget har kafeen, møteromma og kontordelen fått den spektakulære utsikta, medan utstillingsromma er plasserte i underetasjen.

Sal på sal

Såleis slepp museet unna problemet med for høge luksverdiar, hit ned kjem ikkje så mykje som ei strime med lys. For å kome ned i utstillinga må du skanne billetten din for å få opp porten og gå ned ei smal, lang trapp.

Ein kan lure på om dette er den beste måten å forme eit inngangsparti på. Når du kjem ned, er det endåtil ikkje mobildekning, noko som var med på å forsterke ei trykkande kjensle. Men det er snart gløymt når eg går inn gjennom ein kvit portal med utstillingstittelen funklande i rosa øvst og inn i sal etter sal med kreativt komponerte visingsrom.

Her møter vi over 800 gjenstandar som museet har samla inn gjennom åra, som gir innblikk i tilværet til alle samfunnslag, frå kvardag til fest, med vekt på lokale forskjellar og dei gode historiene. Her er mellom anna store mengder tekstilar, frå bunadsband til dåpsluer og namnedukar, av trearbeid er det ølhanar, kubbestolar og kister. Arbeida er samla inn frå heile regionen, såleis er utstillinga viktig for befolkninga her, for historiekjensle og identitet. Til saman dannar utstillinga eit tematisk tverrsnitt gjennom den digre og mangfelte samlinga til Telemark Museum, som med stort og smått rommar over 110 000 objekt.

TIL BELTESTAKKEN: Grindveva band til beltestakk av bomull og ull frå om lag 1860. Bandet kom til museet i 1919 frå Heddal. Foto: Telemark museum

Sjølvhjelpne

Ein ting som særleg slår meg, er kor sjølvhjelpen ein var i tidlegare tider. Folk laga store mengder av det tøyet og dei reiskapane dei trong. Det er slåande kor vakre sjølv dei enklaste fat eller belteband kunne vere. I ei tid da folk måtte forme sjølve, vart den estetiske sansen og det gode handlaget utvikla. Arbeida er gode i forma og viser glede over det vakre som det er fint å verte mint på.

Eit eksempel er det enkle høvret frå Setesdal. Dette er ein del av seletøyet som hesten treng for å dra vogn eller slede. Museet har fleire høvre som er meir overdådig utskorne enn denne, som har eit stilisert menneskehovud til pynt. På eit oppslag over reiskapen heng ein plakat som informerer oss om at dette faktisk er den aller første gjenstanden som vart innlemma i samlinga til Skiens Museum, det som seinare vart Telemark Museum, i året 1891.

Kven bestemmer?

Utstillingstittelen «Alt dette er ditt» er svært fin. Han minner oss på at musea er for alle, det er det som er så fint med offentlege samlingar, at dei skal vere tilgjengelege for befolkninga. Det er viktig at museumstilsette jamleg stiller seg spørsmål om kven som bestemmer kva som skal visast på utstilling. For det er ikkje til å kome frå at museumstilsette er ei homogen gruppe som liknar lite på tverrsnittet.

For å understreke dette poenget har dei invitert sytten personar med relasjon til Skien til å velje kvar sin ting frå samlinga, som vert stilt ut saman med ei personleg forteljing. Prosjektleiar for utstillinga Kari Bjercke fortalde meg at dei i planleggingsfasen ønskte å invitere inn mange ulike grupper til å velje, men så kom koronaen, og dette som så mange andre prosjekt i denne tida måtte forenklast.

Resultatet vart likevel effektfullt, på sitt beste er dei mange uvande stemmene deira med på å reaktivere gjenstandane, som den tamburtromma frå 1667 som elevar på musikklinja ved Skien vidaregåande skule plukka ut. Instrumentet kom til museet i 1939 frå Lunde, men kom før det frå Høydalsmo. Museet har lagt ut ein sjåverdig liten videosnutt på YouTube der vi følgjer elevane på leit i magasinet.

PÅ LISENS: Termoped produsert i Skien på lisens. Motoren hadde 2,2 hestekrefter og to eller tre gir. Produksjonen heldt fram til slutten av sekstitalet. Termopeden er stilt ut i «Alt dette er også ditt». Heile utstillinga er lagt ut på Digitalt museum, noko som er ein svært god måte å få ho til å vare vidare. Foto: Telemark museum

Leiken og uhøgtideleg

Resten av gjenstandane er valde ut av tilsette ved museet. Utstillinga er uvanleg leikent kuratert, her vert børser stilte ut saman med hekla dukar, herrevestar i silke saman med fajanse, for å ikkje snakke om støvsugaren som er stilt ut saman med ei rikt dekorert bondeøks og ein norrøn avgud frå om lag 1015. Det er forfriskande å sjå ei så leiken og uhøgtideleg montering. Men i og med at samansetjingane er så utradisjonelle, krev det informasjon om ein skal forstå kva ein ser. Elles vert det fort eit raritetskabinett.

Ei utfordring med utstillingar er nettopp balansen mellom tekst og gjenstand. Det kan fort verte overlest, det kan skremme vekk og demotivere. Eit godt grep er stasjonane i kvart av romma, med ein berøringsskjerm der ein på oversikteleg vis kan lese om kvar av gjenstandane. Tekstane er fagleg gode, samstundes lettlesne og akkurat passe lange. Dette er ein fin måte å halde utstillinga estetisk og rein på.

Det kan verte kø kring dei små skjermane. Derfor vert all kunnskapen museet har funne fram til for kvar gjenstand, litt for mykje gøymd vekk. Såleis kjem utstillinga aller best fram om ein har med seg omvisar. For det er litt av nokre historier som ligg bak gjenstandane. Eg fekk høyre fleire da eg var så heldig å få omvising av prosjektleiaren.

STRENGT PÅBODET: Denne kana frå Haukeli kom til museet i 1896 og er frå 1500 eller 1600-talet. Frå 1100-talet var det nedfelt i Gulatingslova at bonden skulle brygge øl. Dersom du ikkje brygga, fekk du bot, i verste fall kunne du miste garden og verte landsforvist. Foto: Telemark museum

Sterke Nils

Ei av desse historiene knyter seg til den store, tunge kubbestolen til Sterke Nils, som var fødd kring 1720 og døydde kring år 1800. Det går mange historier om kjempekaren som var flaska opp på hestemjølk. Mellom anna skreiv Seljord-presten og folkelivsskildraren Hans Jacob Wille: «Sterke Nils fraa Seljord, som i ei vende bar 3 tunnor salt 500 stig utan aa kvila. Men troppi under ‘n blei knust.»

I setekanten stikk ei rad med kvite, knudrete former opp. Ser vi nærare etter, oppdagar vi at det er mennesketenner. Dette er sanneleg ein makaber dekor, som ein ikkje er sikker på bakgrunnen for. Ein teori har med tannpine å gjere. Tidlegare meinte ein at dersom ein hadde tannverk og måtte trekke tanna, skulle det hjelpe for smertene å slå dei ned i eit stykke tre. Dette var eit av dei mange kjerringråda ein måtte nøye seg med langt opp mot vår tid. Dei første tannlegane kom til Noreg kring 1830, men det skulle ta hundre år før folk flest fekk tilgang til behandling.

Det hemmelege rommet

Ein av salane er overraskande forma som eit engelsk bibliotek med peis, svære bokhyller og ei koseleg sofagruppe i midten. Dette grepet gir museet høve til å halde mindre arrangement midt inne i utstillinga. Her er også eit hemmeleg rom! Skyv ein på den eine bokhylla, glir ho vekk, og vi kjem inn i eit mystisk kammer som er fylt av gamle skåp. Opnar vi dørene eller dreg ut skuffene, dukkar det opp merkverdige saker: ei utstoppa skjelpadde, ein påfugl, ei mengd etnografiske figurar utskorne i tre.

Kvifor har museet desse eksotiske gjenstandane i samlinga? Det starta med guten som kom frå fattige kår i Gjerpen i Telemark, men utvandra til Amerika og slo seg opp som aviseigar. Då Skiens Museum vart etablert, ønskte Brynild Anundsen, som han heitte, å gi eit bidrag. I 1895 sende avismannen ein kano fylt med våpen, smykke og kultiske gjenstandar over Atlanteren. Det følgde ingen forklaringar med gjenstandane, berre nokre vage skildringar om at dei kom frå ei «indianarstamme» eller frå «Sydhavsøerne».

Kari Bjerke fortalde meg at museet tidleg hadde bestemt seg for å fokusere på regional og lokal kulturarv, og desse gjenstandane i tillegg til den naturhistoriske delen vart pakka vekk. Sidan har ein undra seg over kva ein skulle gjere med denne gåva. Då denne utstillinga skulle setjast opp, såg ein eit gyllent høve. I tillegg til å vere eit skattkammer for nyfikne barn vert rommet ei reise attende til ein heilt annan måte å sanke inn gjenstandar på.

PÅ LISENS: Termoped produsert i Skien på lisens. Motoren hadde 2,2 hestekrefter og to eller tre gir. Produksjonen heldt fram til slutten av sekstitalet. Termopeden er stilt ut i «Alt dette er også ditt». Heile utstillinga er lagt ut på Digitalt museum, noko som er ein svært god måte å få ho til å vare vidare. Foto: Telemark museum

Krev fagleg kunnskap

I 2024 vart utstillinga utvida med utstillinga «Alt dette er også ditt». Delen er bygd opp som museumsmagasin med svære hyller og gjenstandar ståande på pallekassar frå golv til tak, noko som gir ei oppleving av å gå inn i dei delane av museet der publikum ikkje har tilgang. Her er gjenstandar som sjeldan vert tekne fram og vist, frå Ibsens sofagruppe til dokker, tannlegestolar, syklar og ein moped, brannpumper og medisinske modellar. Utstillinga gir verdifulle innblikk både i kva som faktisk finst av skattar i eit museum, og i måten museum arbeider på. Som publikum er vi vande til å sjå på det musea vel ut for oss. Det er nyttig og interessant å sjå også noko av det som til vanleg vert valt vekk.

Det krevst mot å vere leiken når ein forvaltar ei museumssamling. Då stiller ein seg lagleg til for hogg for dei som meiner at ho kan opplevast som kaotisk og forvirrande å orientere seg i. Denne kurateringa kan gjere det meir utfordrande for publikum å knyte gjenstandane til tida dei vart skapte i, og gir ikkje den oversikta som dei meir tradisjonelle kronologisk og tematiske mønstringane gir. No må det seiast at eg er glad i kronologisk utforma utstillingar, men det tyder ikkje at ein treng å bruke ein slik metode kvar gong. Og det er gledeleg å sjå museum som vågar å ta sjansen og samstundes landar på beina. For det krev stor og brei fagleg kunnskap å sjonglere med gjenstandane på den måten det er gjort på ved Brekkeparken.

ELEGANT VERSJON: «Samson med løva» vart produsert i Staffordshire mellom 1870 og 1880 og innlemma i samlinga i 1917. Den rokokkoinspirerte figuren viser korleis Samson frå Det gamle testamentet drep ei løve med berre nevane. Vår delikate versjon i fajanse er hakket meir elegant enn det vi er vande til å sjå, med mintgrønt skjørt, smekre ballerinasko og eit særs velfrisert skjegg under epleraude kinn. Når vi ser etter, er ikkje løva av dei mest blodtørstige heller. Foto: Telemark museum

FAKTA // Alt dette er ditt

Åpnet i april 2022, noe endret høsten 2024
500 kvadratmeter
Prosjekleder: Kari B. Bjercke, Telemarkmuseum
Design utstilling og bok: Hilde A. Teie, Frjó

FAKTA // Alt dette er OGSÅ ditt

Åpnet høsten 2024
150 kvadratmeter


Støtte til utstillingskritikk

 

Tidsskriftet Museum har også i 2024 fått støtte til utstillingskritikk frå Fritt ord og Norges museumsforbund. Vi publiserer ein til tre meldingar månaden. 

Våre meldarar kjem frå kunst-, museumsfeltet og/eller media.

Eva Furseth er formidlingsansvarleg og konservator NMF ved Justismuseet og fast kunstmeldar i Dag og Tid. Furseth har skrive fleire bøker og artiklar om norsk og færøysk kunst. Tidlegare har ho vore kunstmeldar i Bergens Tidende og tilsett ved Museet for samtidskunst og Trondheim Kunstmuseum.


Les alle meldinger her, og heile vårt nettmagasin. Enkeltutgåver og abonnement på papirutgåvene er å få kjøpt Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser