Gjennom mange generasjonar forut har menneske lagt alle krefter i å jakte ned slike rovdyr som ulv. Og det klarte dei. No er spørsmålet om ein skal bevare ny ulvestamme i Noreg. I denne utstillinga kan ein lese at ulvestamma vi har i dag er berre førti år gamal. Vi får også innblikk i arbeidet NTNU Vitenskapsmuseet har lagt i å finne det genetiske opphavet til dagens norsk-svenske ulvestamme. Det er samla inn 1814 prøver frå frittgåande ulvar, i tillegg til hund, ulv i dyrehagar og historiske ulveprøver. Arbeidet viser at dagens ulvestamme opphaveleg kjem frå Finland. I og med stammen er liten, er det ein god del innavl.
Det er prisverdig når museum synleggjer forskingsarbeidet sitt i utstillingar. Vitenskapsmuseet har vore del av verdas største forskingsrapport gjort på ulv.
Kva er ein ulv?
Museet har også fleire flotte eksemplar av både utstoppa ulvar og kranium, som vert vist i ny og aktualisert kontekst. Ulvane er plasserte fritt på ein stor sokkel utan å vere kapsla inn i glasmontrar.
Det er stas å få sjå dei tett på frå alle vinklar, utan nokon form for barriere mellom dyret og oss.
Her kan ein kan beundre dei vakre, smidige kroppane på nært hald, den lange karakteristiske snuten, fargespelet i pelsen.
Utstillinga stiller også spørsmål om kva ein ulv er, det viser seg å ikkje vere så enkelt. På ein etikett kan vi lese at ein av dei utstoppa dyra er avkom etter ei ulvetispe og ein schæferhund, det ein kallar ein ulvehybrid. Dette er eit svært sjeldan fenomen i den svensk-norske ulvestamma. Hybridar av ulv er ikkje ønskjelege i naturen, og vert jakta ned.

Problemet med hybridar
Noko utstillinga ikkje nemner, er at hybridar er eit problem fleire stadar i verda, særleg i land med mange laushundar. Eit enkelt Google-søk viser at mange av dei ville ulvane i Italia er hybridar. Eit anna sidetema er som ikkje vert nemnt er problemet med illegal krysning av ulv og hund, mellom anna vart det i 2019 avdekka oppdrett av ulvehybridar i Finland. I USA er det faktisk lovleg med ulvehybridar i fleire statar.
Det hadde også vore fint om dei hadde løfta temaet opp – hybridar i naturen er eit stort og dagsaktuelt tema. Det vert sett lys på mange slike kampar mellom «vill» og «domestisert» natur i dag, som fridomstrongen til oppdrettslaksen, vegkantlupinar og sitkagranskogørken for å nemne noko. Alt dette er bilde på korleis menneskets tukling med naturen får store konsekvensar langt utover den teigen som vi «dyrkar».

Stort for dei små
Museet har lukkast med å skape fine opplevingar for dei minste. Her er ein eventyrkrok for barn med bøker om ulv, også eit fint dokketeater dei kan boltre seg ved. Det er tydeleg lagt store økonomiske ressursar i utforminga av utstillinga. Her er mellom anna animasjonsfilmar produsert særskilt for utstillinga, som effektivt og appellerande vis formidlar ulike aspekt. Utstillingsmontrane er bygde som små hus, for såleis å illustrere konflikten mellom dyr og menneske, natur og samfunn. Gjennom vindauga kan barna med frydefullt grøss gløtte inn på digre feller for ulvefangst og andre spannande saker.
Eg likar også godt måten ein vert kjend med dyret gjennom fleire sansar enn kva tradisjonelle utstillingar tilbyr. Her er ein skinnfell som er lov å ta på, det er nok overraskande for mange kor mjuk og god pelsen er. Opnar du loket på boksen av klart pleksiglas får du snuse inn eimen av ulvetiss! Det er nok ei lukt ikkje mange har kjent før. Her er også stilt ut ein modell av ein ulvekjeft, der du kan la fingrane gli over dei store, kvasse tennene. Pressar du ned overkjeven ser du kor elegant tennene lukkar seg, som dei to skjerblada i ei saks. Såleis vert ein betre kjend med ulven. Trass dei store tennene – kan hende dette dyret ikkje var så skummelt som du trudde?

Ein harelabb
Dersom dette hadde vore ei utstilling retta mot barn åleine, ville eg vore ganske nøgd med utstillinga. Men utstillinga formidlar tydeleg at også vi vaksne er ei sentral målgruppe. Og her har dei ikkje lukkast heilt. Til det har dei spreidd seg over altfor mange tema. Omtalen av utstillinga på nettsidene til Vitenskapsmuseet syneleggjer at intensjonen til utstillinga er at «du kan bli litt klokere og kanskje få større innsikt i samspillet mellom mennesker og ulv og hvorfor ulven har vekket så mange sterke følelser i folk over så mange år.»
Dessverre vart eg ikkje særleg klokare av utstillinga. Ho tek ein harelabb over ei mengd ulike aspekt ved ulvedebatten, utan i nemneverdig grad kome inn til kjernen av tematikken. Utstillinga prøver å formidle historia til ulven frå istid til i dag, vi skal innom ulven som symbol og karakter i kulturen, og korleis synet på dyret har endra seg frå vikingtid til i dag. Det vert endåtil lagt vekt på særtrekk ved dette rovdyret, korleis han lever, og gir ein smakebit av det omfattande forskingsarbeidet som er i gang. I tillegg er nær ein tredjedel av utstillinga vigd hunden.
Når utstillinga attpåtil skal vere ein arena for refleksjon og opplyst debatt «der du skal kunne gjøre seg opp egne meninger om ulvens skjebne i Norge», seier det sjølv at det vart vanskeleg å formidle noko meir enn det reint overflatiske.
Den store «stemme-maskina» er symptomatisk. Her vert vi konfrontert med spørsmålet «Skal vi ha ulv i Norge?», og kan velje mellom «Jeg vet faktisk ikkje», Nei!, «Tja, men bare noen få», «Ja, men ikkje der eg bor» og «Ja, la den leve fritt!». Installasjonen vert meir ein litt rar gimmick, enn ein gjenstand som oppmuntrar til refleksjon. Dessutan fungerer den dårleg visuelt sett. Vi er vande til at høge søyler betyr stor oppslutning, medan her skal søylene tolkast omvendt – for kvar avstemming trillar nemleg ei kule ut. Eg granskar den grøne kula, oppdagar at ho er av tyggegummi.

Gull i design
Utstillingsdesignet er laga av byrået TRY. Designet har endåtil vunne pris for dette arbeidet. I år vart dei tildelt gull i omgivelsesdesign i den årlege konkurransen som Grafill arrangerer. Grafill er ein norsk interesseorganisasjon for dei som arbeider med design, illustrasjon, animasjon og visuell kommunikasjon. I grunngjevinga skriv juryen mellom anna: Den visuelle identiteten er svært godt implementert på alle flater, og det er en god balanse mellom de fysiske og taktile opplevelsene og det digitale. Den dunkle atmosfæren, der man spiller på lys og skygge, lager en mytisk og mystisk stemning, og gjør denne utstillingen til en spennende, og kanskje litt skummel, opplevelse for hele familien. Juryen skulle gjerne tatt turen!
Eg synest det er betenkeleg at juryen legg meir vekt på det stemningsfulle og stilige enn å vurdere om designet er med på å løfte temaet som utstillinga tek føre seg. Det er kanskje slik det vert når juryen ikkje tek seg bryderiet med å besøke utstillinga dei har gitt pris til.
Utstillinga har eit uttalt mål om å vere arena for refleksjon og opplyst debatt. Det synest eg dei ikkje har lukkast heilt med. Dette er samstundes mange museums draum – og svært vanskeleg å få til.
Eg hadde lenge gledd meg til å besøke utstillinga og lære meir om ulven, men vart skuffa over kor overflatisk ho var – men museet skal ha for at dei har prøvd!

Utfordrar i liten grad
Samstundes som dette er ein ideell måte å aktualisere museet som debattinstitusjon på, krev det mot frå museet si side å ta opp slike tema. Her er terskelen låg for å få truslar om ein uttaler seg med tydeleg meining i den eine alle andre retninga om ulv i Noreg.
Dessverre kjem utstillinga i liten grad inn på meir reelle problem i debatten, som balansen mellom rovdyr i naturen og måten ein driv husdyrhald i dag, bønder som gir opp drifta, den psykiske belastinga av å finne ihelrivne sauar i fjellet, og korleis det kan vere å bu med ulv i nærområdet, problemet med at folk tek lova i eigne hender og driv krypjakt.
Her kunne utstillinga i større grad tilført ny kunnskap, og såleis vore med på å nyansere ein polarisert og kjenslelada debatt. Utstillinga utfordrar oss vaksne i liten grad til å reflektere, eller opne oss for andre synspunkt enn dei vi kom inn med.
Er ulv det same som hund?
I staden for å gje plass til den vanskelege debatten, er det overraskande nok sett hovudfokus på hunden. Hunden vart tamd og avla fram frå ein ulvetype som for lengst er utdøydd. Den næraste viltlevande slektningen er den moderne ulven.
Nærare ein fjerdedel av arealet er vigd til hunden. Her er stilt ut skjelett av ulike rasar, og i store montrar kan vi samanlikne kranium. Denne delen av utstillinga problematiserer måten fleire rasar er avla fram på. Hundane vert medvite avla fram til liding, kortsnuta hundar har pusteproblem, andre har veike hofter og såre auge. Denne delen av utstillinga viser korleis menneske beveger seg vekk frå og vert framandgjort for naturen, og overfører det same til kjeledyr. Dette er eit stort og viktig tema – men har det så mykje med ulvedebatten å gjere? Temaet hunderasar er eit omfattande tema som hadde fortent ei utstilling for seg sjølv.
Utstillinga Ulv! Ulv! visast ved NTNU Vitenskapsmuseet.til 2. desember 2022
Støtte til kritikk
Museumsnytt har i 2022 fått støtte til utstillingskritikk fra Fritt ord. Vi publiserer én til tre anmeldelser i måneden. Se alle her.
Våre anmeldere kommer fra kunst-, museumsfeltet og/eller media.
Eva Furseth er formidlingsansvarlig og konservator NMF ved Justismuseet og fast kunstmeldar i Dag og Tid. Furseth har skrive fleire bøker og artiklar om norsk og færøysk kunst. Tidlegare har ho vore kunstmeldar i Bergens Tidende, og vore tilsett ved Museet for samtidskunst og Trondheim Kunstmuseum. Ho er oppteken av å synleggjere det rike mangfaldet i utstillingsverksemda i det langstrakte landet vårt.