Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
Vårt prosjektVolontørteneste på Hardangerjakta Mathilde

Volontørteneste på Hardangerjakta Mathilde

Med hardangerjakta Mathilde sitt breifokk-uthal som slengtau kjem Karina susande gjennom lufta og landar elegant på kaia, klar til å ta imot fortøyingane. Dette er av hennar meir luftige volontørpliktar om bord.

Annonser

I løpet av nokre få månader har innlandsjenta frå Tyskland lært seg mykje om norsk maritim historie i praksis. Ho har gjennom å vera med i arbeidet om bord i museets hardangerjakt sett korleis eit verneverdig fartøy vert teken vare på, og korleis fartøyet vert nytta i formidlingsarbeidet til museet.

PRAKSISUTVEKSLING

Karina er den tiande ungdomen som har kome til Hardanger og Voss museum gjennom European Voluntary Service-programmet (EVS). Dette er eit EU-program for ungdom som har lyst til å driva med frivillig arbeid i eit anna europeisk land. Programmet er del av ERASMUS+ portefølja, men er kanskje ikkje like kjend som utvekslingsordningane som finst for skuleelevar og studentar. Dei som reiser ut gjennom EVS-programmet går ikkje på skule, høgskule eller universitet, dette er eit program for ikkje formell læring. Med andre ord eit program som legg til rette for læring gjennom praksis. Læringsutbytet til volontørane strekk seg frå konkret arbeidserfaring knytt til museet sine aktivitetar, til å få kjennskap til norsk kvardagsliv og språk.

FLYTANDE KULTURMINNE: Hardangerjakta Mathilde er eit flytande kulturminne som formidlar både praktisk seglkunnskap og historia om sjøen som frakt og ferdsleveg på 1800-talet. Foto: Harald Thorseth
FLYTANDE KULTURMINNE: Hardangerjakta Mathilde er eit flytande kulturminne som formidlar både praktisk seglkunnskap og historia om sjøen som frakt og ferdsleveg på 1800-talet. Foto: Harald Thorseth

Hardangerjakta Mathilde har vist seg å vera ein bra stad for eit volontørprosjekt. Volontøren pleier å koma i god tid før seglingssesongen startar, og er med i arbeidet med opprigging og klargjøring av skuta. Forventninga hos volontøren stig etter som seglsesongen nærmar seg. Allereie før påske er me i gang med vår lange seglsesong, som avsluttast fyrst lang ut i oktober. Volontøren vert del av mannskapet og er med på dei fleste av tokta. Me går både vekestokt med leirskuleelevar, dagsturar for skuleklassar, vekestokt for dei som ynskjer å ta båtførarprøven og sommartokt av varierande lengd for den som har lyst til å læra å segla. Mannskapet vegled og legg forholda til rette for medseglarane, og volontøren hjelper til der kor det trengs ei ekstra hand.

BLIKK UTANFRÅ

Me i Hardanger og Voss museum kopla oss på ordninga i 2010. Det var Hordaland fylkeskommune, som sjølv har hatt ei mangeårig satsing på EVS-prosjekt som hjelpte oss i gang, og støtta oss i arbeidet med å laga den fyrste søknadane om å verta godkjent som vertsorganisasjon. Den godkjenninga må vera på plass før ein kan søkje finansiering av eit konkret opphald for ein ungdom. Som dei fleste EU-prosjekt har også desse

Volontøren vert del av mannskapet og er med på dei fleste av tokta

prosjekta relativt omstendelege søknadsprosedyrar, så det var sers nyttig å få litt starthjelp frå fylkeskommunen. No sender me årleg inn søknadar om finansiering av opphald for ein eller to volontørar. Som vertsorganisasjon får me ein grunnstønad på 630 euro i månaden. Desse pengane er eit bidrag til kostnadane knytt til kost, losji, språkundervisning og anna tilrettelegging for volontøren. I tillegg får volontøren dekt reiseutgifter og 135 euro i månadlege lommepengar. EU-finansieringa dekker ikkje alle utgiftene museet har knytt til volontørprosjekta, men representerer eit vesentleg bidrag, og gjer det mogleg for museet å tilby ein interessant praksisplass for ein europeisk ungdom. Som på si side bidreg til museet med si arbeidskraft, og innspel til oss gjennom sitt blikk på oss utanfrå.

REKRUTTERING OG FORNYING

Musea er ein type samfunnsinstitusjon som ikkje berre bør bidra til økt internasjonalt samarbeid, me må også vera opne institusjonar for ungdom som leiter etter sin veg i livet. Volontørordninga er ei god ordning i så måte. Me gjev gjennom ordninga europeisk ungdom ikkje berre kunnskap om vår maritime kulturhistorie, men og kunnskap om norsk arbeidsliv og norsk kultur elles.

FAST MANNSKAP: Det faste mannskapet på Mathilde 2016, frå venstre: Kokk Marie Charlotte Vermersch, leirskolelærar Saskia Traegner, bestmann Nikolaj Jorn, matros Lisanne de Blecourt, skipper Audun Apelseth og volontør Carina Ruggiero. Foto HSF
FAST MANNSKAP: Det faste mannskapet på Mathilde 2016, frå venstre: Kokk Marie Charlotte Vermersch, leirskolelærar Saskia Traegner, bestmann Nikolaj Jorn, matros Lisanne de Blecourt, skipper Audun Apelseth og volontør Carina Ruggiero. Foto HSF

Me er i Hardanger og Voss museum oppteken av å vera ein slik open institusjon kor ungdom kan koma for å «lukte» på yrkesval knytt til tradisjonelle handverk. Me har i løpet av året mange praktikantar som kjem gjennom ulike ordningar. Vår erfaring er at slikt volontør- og praktikantarbeid er viktig ikkje berre fordi me gjennom å formidla kunnskap om arbeid med kulturminne rekrutterer ungdom inn i dette arbeidsfeltet, men og fordi det å ha ungdom som del av staben er forfriskande, fornyande og produktivt.

FAKTA // S/J MATHILDE
❱❱ Hardangerjakt på 73 fot
❱❱ Bygd i 1884, ferdig restaurert
i 1989
❱❱ Drifta av Hardanger og Voss
museum.
❱❱ Har eigen leirskule

EVS – FRIVILLIG ARBEID
❱❱ EU-prosjekt som legg til rette
for at europeisk ungdom kan drive
frivillig arbeid i utlandet.
❱❱ Åpent for ungdom mellom 17
og 30 år.
❱❱ Om lag 85 ungdomar kjem årleg
på langtids EVS-prosjekt i Noreg.
❱❱ Eit opphald varer frå 2 mnd. opp
til eit år.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser