Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
AktueltTa rommet - vårslepp

Ta rommet – vårslepp

Bli med på sleppfest og debatt!

 

Kan musea og biblioteka i større grad bruke romma sine til kontroversielle spørsmål? Her frå «ADHD og diagnosens makt» på Medisinsk museum /Teknisk museum 2019. Foto Håkon Bergseth

Bok og bibliotek og Museumsnytt har kome ut med nye utgåver! Me vil feire vår og bladslepp med fest og debatt, 18. mars i Vinterhagen på Sentralen i Oslo.

De store spørsmåla

Museum og bibliotek er mektige samfunnsinstitusjonar finansiert av fellesskapet. Dei blir kalla demokratihus og dialoginstitusjonar. Men kva betyr dei fine orda? Me stiller dei store spørsmåla om korleis biblioteka og musea forvaltar samfunnsoppdraget sitt. Bør dei ta større plass i debatten? Kan dei i større grad bruke romma sine til kontroversielle spørsmål og emner? Korleis skal dei i så fall gå fram?

 

Eks-diretør Jérémie McGowan aka Museum Punk er ein av mange deltakarar. Foto: Knut Aaserud

Punkrock og ynskjebrønn

Det blir nyskriven punkrock, mobil ynskjebrønn med oppfyllelsesgaranti og samtalar med utgangspunkt i aktuelle saker frå biblioteks- og museumsfeltet.

Nokre stikkord for debattane er sensur, nøytralitet, ytringsfridom, krig og sponsing, SIAN, Israel, Nordnorsk kunstmuseum, mangelen på samisk kunstmuseum og Fredriksen-familien.

Det er duka for ny innsikt, gode idéar og god stemning!

Me håper på mange og interessante spørsmål og innspel frå publikum. Me får hjelp frå:

 

Deltakarane

Foto: Universitetet i Bergen

Henrik von Achen, professor i kunsthistorie ved Universitet i Bergen og var direktør ved Universitetsmuseet i Bergen fra 2013 til 2022. I denne perioden opna museet igjen, etter å ha vore stengt i mange år. Det blei kåra til årets museum i 2021. Les grunngjevinga her: https://www.universitetsmuseet.no/nb/artikkel/365/arbok-2021-arets-museum-2021

 

Foto: Subjekt

Danby Choi, sjefredaktør i Subjekt. Tidsskriftet har i det siste i fleire artiklar uttrykt bekymring for at bibliotekenes openhet og ytringsrom vert innsrenka. Se f.eks. https://subjekt.no/2022/02/10/norske-bibliotek-ma-passe-seg-for-ikke-a-bli-woke/. Se også andre innlegg om SIAN på biblioteket; Ikke nok å være lovlig og om biblioteket som rasismefri sone

 

 

Foto: Tove Breistein

Bjørn Hatterud, ny leiar av fagutvalet for kulturvern i Kulturrådet, forfattar og kurator. Han er fast spaltist i Museumsnytt. Se https://museumsnytt.no/hatterud-pa-tur-i-syndige-syden/ og https://museumsnytt.no/anarki-i-osterdalen/. Han var også kurator for Nasjonalbibliotekets store utstilling om skeiv kulturarv.

 

 

Foto: Marius Fiskum

Jérémie McGowan, kunstnar, designar og musikar. Han var direktør for Nordnorsk kunstmuseum frå 2016-2020. Nå er han changemaker og ansvarleg for konseptet Museum Punk. Han uttalar seg i Museumsnytt nr 4 21 og i Klassekampen 13. mars. Se også oppfølgingssak 15.mars.

 

 

Foto: Randsfjordmuseet

Maja Leonardsen Musum jobbar med prosjekter, utstillinger og museumsforskning på Randsfjordmuseet. Ho er fast spaltist i Museumsnytt. I ei forskningsartikkel frå 2015 skriv ho om museas samfunnsrolle og kommunikasjonsevner. For tida skriv ho om at Håkon hacker museet i artikkelen «Begeistring som kritikk. Humorens ambivalens på museum».

 

Håkon Sønneland, journalist, forfattar, idékunstnar og kursholdar. I 2020 gjennomførte han prosjektet  «Håkon hacker museet» på Hadeland Folkemuseum. Her blei til dømes ein av dei gamle bygningane lagt ut for sal på Finn.no, og publikum fekk betalt for å komme på museet og være der i minst 30 minutt.

 

Foto: Norsk bibliotekforening

Helene Heger Voldner, prosjektleiar for Demo Linderud og nestleiar i Norsk bibliotekforening. Ho var tidlegare programansvarleg ved Furuset bibliotek og aktivitetshus og har mellom anna teke initiativ til Groruddalen litteraturfestival. Ho har skrive i siste utgåve av Bok og Bibliotek.

 

 

Hilde Østby, idéhistorikar, forfattar, journalist, redaktør og samfunnsdebattant. Ho har skrive innan ein rekke sjangre, og har  særlig utmerka seg som forfattar og formidlar av sakprosa. Mellom anna har ho fordypa seg i hukommelse og kreativitet. Ho har arbeid i ein rekke statlege kulturinstitusjonar.

 

 

Foreløpig program

Programmet starter ca. kl. 18 og varer ein liten time. Me byr på:

  • Museum Punk
  • Minidebatt: Korleis ta rom?
  • Håkon hacker debatten – mobil ynskjebrønn
  • Minidebatt: Korleis gje rom?

Det blir mogleg å kjøpe Bok og bibliotek og Museumsnytt og å teikne seg som abonnent.

Baren er open frå kl. 18 til 22, Kafeen stenger kl. 19.

Gratis inngang. Velkommen!

Om arrangørane

Bok og bibliotek er Noregs einaste tidsskrift om bibliotek. Dei har har eksistert sidan 1934. Museumsnytt er Noregs einaste kulturtidsskrift om museum og har eksistert siden 1951. Tidsskrifta er uavhengige, underlagt Redaktørplakaten, medlem av Norsk tidsskriftforening og Fagpressen.

Arrangementet er støtta av Fritt ord og Norsk tidsskriftforening

 

Avslappa og hyggeleg i Vinterhagen. Foto: Sentralen

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser