Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
ReportasjeMuseumsknute i Karasjok

Museumsknute i Karasjok

Etter at Riksantikvaren i august 2025 fremja motsegn mot detaljreguleringa for eit nytt museumsbygg i Karasjok, forsvann framdrifta i prosjektet. Er heile museumsprosjektet no sett i spel?

Annonser

I Karasjok har det over tid storma rundt skjebnen til museumsbygget Sámiid Vuorká-Dávvirat (SVD), De Samiske Samlinger (DSS). Bygget husa den første statleg finansierte samiske kunstinstitusjonen då det opna i april 1972, og kampen har stått mellom rehabilitering med tilbygg eller riving og nybygg.

Store kulturhistoriske verdiar

I tillegg til De Samiske Samlinger skal museet huse Samisk Kunstmagasin, som i dag nyttar leigde lokale i Karasjok. Begge høyrer dei til museumssamanslutninga RiddoDuottarMuseat (RDM), etablert i 2007. RDM har til saman fem avdelingar i Vest-Finnmark. I uteområdet ved museet er det eit friluftsmuseum med samiske bygningar frå slutten av 1800-talet. Dei er flytta til området frå slutten av 1950-åra. Det er også eit samanhengande system av fangstgroper for villrein frå samisk steinalder i dette området.

Arkitektekteparet Magdalena Eide Jessen og Vidar Corn Jessen teikna bygningen, som ligg lågt i terrenget på eit elveplatå over elva Karasjokka. Utsmykkinga er gjord av den samiske kunstnaren Iver Jåks (1932–2007) og er i stor grad integrert i sjølve bygningen.

Det er einigheit om at dei kulturhistoriske verdiane er store, og også om at tilstanden til bygget er svært dårleg og plassen knapp. Med ei samling som har vakse ut av lokala, og det sterke ønsket frå det samiske kunstmiljøet om å få etablert eit visningsrom for den samiske kunstsamlinga, har spørsmålet om framtida for bygget tvinga seg fram. Men der stoppar også einigheita.

SENTRALT: Iver Jåks sitt betongrelieff med treinnleg Ipmiliid dánsa / Gudenes Dans er ein integrert del av foajeen til De Samiske Samlinger. For mange av dei som motset seg riving, er dette sentrale verket i Jåks sin kunstproduksjon eit viktig argument for å ta vare på bygget.
© RiddoDuottarMuseat – Sámiid Vuorká-Dávvirat Foto: Liv Engholm

Kontroversielt vedtak

Både i kunstmiljøet og museumsmiljøet var det knytt stor spenning til kva Sametinget ville lande på då dei skulle avgjere spørsmålet om å bygge nytt eller rehabilitere den eksisterande bygningen attende i 2022. Sentralt i kunnskapsgrunnlaget for avgjerdsla låg ein mogelegheitsstudie frå Statsbygg utarbeidd i 2019 og ei konseptutgreiing for dei to hovudalternativa frå desember 2021.

I konseptutgreiinga kom dei to hovudalternativa om lag likt ut. Nybygg ville gi noko lågare driftskostnader og klimagassutspel, medan rehabilitering skåra høgst når det gjaldt ivaretaking av kulturhistoriske verdiar. I utgreiinga rangerte Statsbygg difor konseptet med rehabilitering høgst, med bakgrunn i dei kulturhistoriske verdiane ved bygget. Både eigarstiftinga SVD og museumssamanslutninga RDM rangerte derimot nybygg høgst, og då Sametinget i plenum gjorde sitt vedtak, var det med eit stort fleirtal for nybygg.

At fleirtalet for nybygg var stort, betydde derimot ikkje at vedtaket var ukontroversielt. Eit opprop for å verne bygget samla underskrifter frå ei rad samiske kunstnarar og kuratorar. I dette oppropet er det lagt vekt på den sentrale rolla bygget har hatt i samisk kulturreising. Og initiativtakarane skriv at ei riving «vil være en kulturhistorisk skandale og stå igjen som nok et sår i den samiske kulturarven».

Motsegn frå Riksantikvaren

Etter vedtaket frå Sametinget sette Statsbygg i gang eit forprosjekt for nybygg, og våren 2024 kom det varsel om oppstart av detaljregulering for det nye museumsbygget. I august 2025 fremja så Riksantikvaren motsegn mot den detaljreguleringa som var utarbeidd.

Motsegna retta seg ikkje mot at museumsbygget skulle rivast, men mot det Riksantikvaren meinte var plantekniske feil og manglar ved utgreiinga av konsekvensane for kulturmiljøet. Framdrifta i prosjektet forsvann, og i april 2026 kom styret i RDM med ein krass uttale på museets nettsider. Her skulda dei Riksantikvaren for å «undergrave både Sametingets rolle som kulturmyndighet og samiske institusjoners faglige og forvaltningsmessige handlerom».

Styreleiar ved RDM, Marit Meløy, er frustret over den manglande framdrifta i prosessen:

– Bygginga av dette museet er noko vi har jobba med i veldig lang tid. Og no er det eitt år forseinka på grunn av denne motsegna frå Riksantikvaren.

FRUSTRERT: Styreleiar ved RDM, Marit Meløy, er frustrert over den manglande framdrifta i byggesaka. Foto: J. A Sikku

I uttalen frå styret heiter det mellom anna at «Sametinget har gjennom lov og praksis et tydelig ansvar for samiske kulturminner, og styret forventer at Sametinget i denne saken ivaretar dette ansvaret».

– Det er det prinsipielle styret vårt peikar på. Det er Sametinget som er myndigheit for samiske kulturminne. Dei har ikkje hatt merknader til dette med fangstgroper, som er vanlege i Finnmark og særleg i dette området. Vi synest det er unaturleg at Riksantikvaren då fremjar motsegn mot dette.

Det er tydeleg at styret meiner Riksantikvaren gjennom motsegna også trampar inn på museet sitt ansvarsområde:  «… de ønsker å gå inn i museets faglige ansvarsområde ved å involvere seg i utforming og plassering av utstillingen. Dette er vurderinger som naturlig ligger til museets egen faglige autonomi», heiter det i uttalen.

ULIKE OMSYN: Friluftsmuseet ved De Samiske Samlinger i Karasjok omfattar automatisk freda samiske bygningar. Omsyna til desse og fangstgropene for villrein var bakgrunnen for at Riksantikvaren reiste motsegn mot detaljreguleringa. Foto: Line Bårdseng, Riksantikvaren

Mangelfull utgreiing

Avdelingsdirektør Linda Veiby hjå Riksantikvaren meiner derimot at motsegna dei fremja, var naudsynt – og handtert etter føringane i lova:

– NAUDSYNT: Avdelingsdirektør Linda Veiby meiner at motsegna som Riksantikvaren fremja, både var naudsynt og i tråd med føringane i lova. Foto: Trond Isaksen/ Riksantikvaren

– Riksantikvaren si motsegn er eit resultat av at konsekvensutgreiinga hadde store manglar. Når det ikkje er utarbeidd eit godt nok grunnlag, så må ein ta denne prosessen i etterkant.

At Riksantikvaren vel å fremje motsegn sjølv om Sametinget ikkje deler uroa for kulturminna, ser ho ikkje som eit problem:

– Her er det åtte automatisk freda bygningar som planen ikkje tok høgde for korleis ein skulle sikre. Det var heller ikkje gjort godt nok greie for korleis ein ville ta vare på eit viktig fangstanlegg for villrein.

Dette er omsyn Riksantikvaren meiner har openberr nasjonal interesse, noko dei som overordna kulturmiljømyndigheit har ansvar for. Veiby meiner det difor var naturleg at Riksantikvaren kom med motsegn: – Ei motsegn er ein stoppestad der ein kan finne saman.

Veiby fortel at dialogen med kommunen har vore god, og at eit planutkast som tek vare på kulturminna på ein tilfredsstillande måte, har kome på bordet.

– Vi har funne ei felles plattform som vi meiner kan løyse dei utfordringane som låg der. No er det opp til kommunen kva dei vel å sende ut til høyring.

Krevjande prosess

I Karasjok kommune er det einingsleiar Sanja Kubat som har ansvaret for planprosessen. Ho synest han har vore krevjande:

– KREVJANDE: Einingsleiar Sanja Kubat i Karasjok kommune har hatt ansvaret for det ho kallar ein krevjande planprosess etter at Sametinget gjekk for løysinga med å rive det gamle og bygge nytt museum. Foto: Karasjok Kommune

– Vi har forsøkt å ha ein open planprosess i ei sak vi visste var kontroversiell, men der vi ikkje fekk innspel om motstanden mot riving før vi hadde eit klart planforslag. Desse innspela frå Fylkeskommunen og Sametingets kulturvernavdeling skulle Kubat gjerne hatt tidlegare i prosessen.

Arbeidet med planen har vore ressurskrevjande for kommunen.

– Det er frustrerande at det verkar som Sametinget ikkje har noko å seie, men at Riksantikvaren går veldig detaljert til verks, med småting og pirk. Då vert det veldig mange omsynssoner i planen, seier Kubat. Ho gir uttrykk for at det for ein samisk kommune som Karasjok er vanskeleg å skjøne at Riksantikvaren åleine får så mykje å seie i klagesaker.

Ho understrekar at dei freda bygningane er flytta til staden, og at museumsbygget som i dag står der, har eit så giftig inneklima at dei tilsette må gå med masker i kjellaren. Det store vedlikehaldsetterslepet er dokumentert gjennom studien til Statsbygg, og tilstandsanalysar av bygningsmassen har vore nedslåande heilt frå år 2002.

– Vi har prøvd å innfri krava frå Riksantikvaren, og det går i retning av eit minimumsalternativ. Frå vår side er vi ikkje redde for storleik og eit signalbygg, men det har ikkje vorte akseptert, seier Kubat.

Ho er spent på om politikarane i kommunen vil godta dei omarbeidde planane.

– For mange samiske personer er nok opplevinga at Riksantikvaren grip inn på ein måte som gjer at ein ikkje får bestemme over eigne kulturminne og kva betydning dei skal ha, seier Kubat.

Stansen i prosessen har også hindra Statsbygg frå å søke midlar, noko ho fryktar kan sette heile prosjektet i spel:

– Då taper vi mykje som kommune og befolkning.


Les fleire intervju og reportasjar fra museumsverdenen. Denne saka står også på trykk i Museum nr 3 26. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser