Seema Rao
OBJECTIVE LESSONS.
Self-care for Museu Workers
Brilliant Idea Studio, 2017
Museumsarbeid er for mange eit livsvalg og ein livsstil. Når privatliv, arbeidsliv, hobbyar og fag går i kvarandre kan det vera vanskelig å holde tunga beint i munnen og skille mellom personleg og privat og kva som er rolla di og kva som handlar om deg personlig. Seema Rao har jobba i museum i nærare 20 år og med kjærleik til både musea og dei som jobbar der har ho laga ei praktisk lita sjølvhjelpsbok for museumstilsette. Boka er ein praktisk guide til øvingar for å bli meire bevisst både seg sjølv, kollegaer og alt som er både vondt og godt med å jobbe på museum. Sett deg godt til rette i godstolen, finn fram pennen, la kreativiteten flyte, gjer masse feil og dagdrøm deg til eit betre museumsliv med denne sjarmerande vesle boka. I følge Rao skal boka opplevast som ei god utstilling, sakte og kontemplativt, og når du får samla deg til slutt har du laga eit aldri så lite «museum of you».