DET ALLER FØRSTE Museumsnytt nr. 1-1951

Ikkje berre er det von om betre tider, etterkvart som befolkninga blir vaksinert mot covid 19. Det er eit merkeår også for Museumsnytt, som viss det var eit menneske, ville stått som nummer 4 i vaksinekøen.

Dette fagbladet fyller nemlig vaksne 70 år i år!

Dette vil vi feire, og vi ønsker hjelp av deg. I Museumsnytts arkiv finst det sjølvsagt store mengder gull. Den Store Planen for jubileumsåret har vore å dykke djupt ned i arkivet med dei gamle blada, finne gull og publisere det på museumsnytt.no med ujamne mellomrom gjennom året. Noko av gullet er funne, og mykje av det er overraskande relevant i dag. Følg med på museumsnytt.no og Museumsnytt på Facebook, så får du sjå.

Men systematiske dykk har diverre ikkje fått finne stad, Den Store Planen vart delvis forpurra av den utstrakte bruken av heimekontor.

Derfor: Hjelp oss i søket! La oss få vite det om du er kjent med gull frå f.eks. 1953, 1971 eller 1996, som du gjerne skulle sett på nytt og på web. Har du anna kunnskap du vil dele, til dømes om Museumsnytt si historie, blir vi også svært glade.

Redaksjonen kan du kontakte på e-post, på telefon (970 80 466) og på Universitetsgata 14, 0164 Oslo.