Kva kjem fram når forskarar og handverkarar frå ei rad ulike fagfelt går laus på meir enn 51 000 gjenstandar funne på Sunnmøre i barndomen av den moderne mellomalderarkeologien?
Mykje, er det korte svaret. Ei rad oppdagingar som fører oss nærmare liva til menneska som levde før oss, er eit litt lenger. Anten det er kva terningspel dei spelte, overraskande funn som syner at skoa deira var laga av hestelêr, eller at dei heldt seg med overraskande mange hanar. Samstundes kjem det også fram ny kunnskap om korleis kristendomen kom til landet, med funnet av ei svært gamal trekyrkje som eit konkret høgdepunkt.

Finne, men også finne ut
– Ofte er det slik at arkeologi berre vert forbunden med å finne noko, seier Gitte Hansen. Ho er professor i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen og har frå 2019 leidd eit stort tverrfagleg forskingsprosjektet om Borgund Kaupang: – Men det er ein klisjé, for i røynda så handlar arkeologi også om å finne ut, held ho fram.
I forskingsprosjektet om Borgund Kaupang er målet å finne ut noko nytt om mellomalderen ut frå spora etter liten by på Sunnmøre. Ambisjonsnivået er høgt, med forskarar involverte frå institusjonar i Noreg, Finland, Tyskland, USA, Skottland og Island og støtte frå Noregs forskingsråd i botnen.
Det særeigne med prosjektet er at det nye ikkje vert grave ut av jorda, men derimot av magasina og arkiva, forklarer Hansen. For å skjøne kva som låg løynt i desse magasina, og kor massivt arbeidet med å hente ut ny kunnskap har vore, treng vi litt forhistorie.

Eit Atlantis på landjorda
I mellomalderen var det 16 byar i Noreg. Ein av dei heitte Borgund, kjend frå sagalitteraturen sine skildringar frå slutten av 900-talet og den største byen mellom Bergen og Trondheim. Allereie frå svartedauden kom til Noreg midt på 1300-talet, hadde nedgangen for byen byrja, men så skjedde det noko på slutten av 1500-talet. Byen forsvann, etter kvart så ettertrykkeleg at også kunnskapen om kvar den låg, vart borte. Lenge fanst minnet om denne løyndomsfulle byen berre som små spor i sagatekstane. Som eit Atlantis på landjorda.
Då forpaktaren på Borgund gård i 1912 tilfeldig grov seg fram på ein gamal mur, vart antikvariske myndigheiter varsla. Den unge arkitekten Gerhard Fischer vart tilkalla, og han grov ut spora etter ei kyrkje. Utgravinga vart starten på ein lang karriere som gravande arkitekt, men han såg ikkje verdien av å halde fram utgravingar på Borgund. Meir vart difor ikkje gjort, sjølv om stadig nye gjenstandar dukka opp dei fylgjande tiåra under opparbeiding av jorda.
Unikt i kraft av sitt omfang
Hausten 1940 reiste så ein arkeolog frå Bergens Museum, det som i dag er Universitetsmuseet i Bergen, Per Fett, til Sunnmøre for å studere det som hadde kome fram av tømmerstokkar og funn i grøftearbeid på Borgund. Det var likevel først inn på 1950-talet det arkeologiske utgravingsarbeidet kom skikkeleg i gang.
Under leiing av arkeologen Asbjørn E. Herteig byrja ein å sjå omfanget av det arkeologiske feltet. Og i det som var den første større arkeologiske utgravinga av busetjinga til vanlege mellomalderfolk i Noreg, ja eigentleg i Europa, samla dei i løpet av eit par tiår frå 1954 eit uvanleg breitt materiale.
Meir enn 51 000 gjenstandar fann vegen til Universitetsmuseet i Bergen. Eit unikt materiale – kanskje mest i sitt enorme omfang – der alt av kvardagsgjenstandar og mykje av det andre ville tenkt var overskotsmateriale, vart teke med.

Inn i gløymselen
Men ein mangla kunnskap, kapasitet og ressursar til å setje funna inn i ein større samanheng. Etter kvart vart det også slik at utforsking av Bryggen i Bergen tok nær all merksemda til det arkeologiske miljøet på Vestlandet.
Funna frå Borgund gjekk igjen inn i gløymselen – nett slik byen ein gong hadde gjort det.
Så låg ho der – i tiår etter tiår – ei enorm samling med funn. Mellomalderarkeologen Gitte Hansen var mellom dei som i eit par tiår gjekk og skulte på denne utilgjengelege mengda av arkeologiske funn i magasinet til Universitetsmuseet i Bergen. Tanken på å gå inn i materialet var for overveldande. Prosjektet var massivt, det ville krevje så enormt mykje grunnarbeid. Likevel – det var noko med denne tidskapselen lukka på 50- og 60-talet som lokka.
Puslespel
Å sjå på arkeologane sitt arbeid som å setje saman eit puslespel, er oftast ein klisjé. Men nett for Borgund-funna er biletet ganske treffande. Heile det enorme utgravingsområdet på meir enn 5300 m2 er delt inn i eit geografisk rutenett på 7 x 7 meter. Kvar namngivne rute er igjen inndelt i horisontale utgravingslag. Alle funna som låg der i magasina, var altså merkte slik at dei kunne plasserast inn i eit tredimensjonalt puslespel.
Då forskingsrådet i 2019 sa ja til ein søknad om eit større prosjekt om Borgund-kaupangen, var fundamentet lagt. Prosjektet innebar ei omfattande reanalysering. Det analoge materialet måtte både tid- og stadfestast på ny, i ein vitskapleg røyndom der kunnskapen har vakse og analysemetodane har vorte langt meir sofistikerte. Ved å digitalisere og setje saman dei mange feltskissene frå ulike år fekk forskarane også ei oversikt som tidlegare hadde mangla.
Gitte Hansen er usikker på om ho hadde gått i gang om ho hadde ant kor omfattande grunnarbeidet skulle vise seg å vere. Men no, etter sju år, byrjar gruppa å publisere funna sine.
– Alle som har teke del i prosjektet, har vore inne i magasina og funne materialet dei har forska på, seier Hansen. Som leiar er ho oppteken av at forskarane sjølve skal vere dei første til å fortelje om dei nye funna sine. Dette er det dei får att for å legge så mykje av arbeidstida si inn i prosjektet.

Historia om kristendomen må skrivast om
Eit av funna har allereie fått stor merksemd: På ein stor gravplass avdekt mellom 1965 og 1967 er det funne ei fjerde og eldre kyrkje i Borgund. Funnet gjer at delar av historia om korleis kristendomen kom til landet, må skrivast om. Både måten kyrkja vart oppdaga på og prosessen med tidfestinga av henne syner kva som kan vere mogeleg å aktivisere ut frå eldre museumssamlingar.
– Det var ganske tøft å finne denne kyrkja. Først trudde eg ikkje heilt på det, seier Hansen.
Trekyrkja kom fram ved å halde saman dokumentasjon frå ulike utgravingar. Det som i teikningar frå 1965 berre var skildra som stein, vart i 1967 skildra på ein måte som gjorde at det kunne vere spor etter jordgravne stolpar.
Gjennom det mødesame arbeidet med å skanne og samteikne dei mange feltskissene hadde det kome opp eit felt på gravplassen der det ikkje var graver. Studiar av stolpehola som vart funne i dette partiet, viste at det har stått tre generasjonar av trekyrkjer på denne plassen. Den første berre med kyrkjeskip, dei to andre med kor, der det også vart funne eit menneske gravlagt inne i koret, forklarer Hansen.
Løyndomene i magasin
– Vi visste frå skriftlege kjelder at det kunne vere tre eller fire kyrkjer i mellomalderens Borgund, men hadde berre fysisk kjennskap til tre. Å finne denne fjerde kyrkja med den store gravplassen er viktig både for å forstå opphavet til Borgund og for å forstå etableringa av ein kyrkjeadministrasjon i den tidlege fasen av kristendomen, seier ho.
For tidfestinga av kyrkja til dei første tiåra av 1000-tallet syner at dette kan vere mellom dei aller eldste spora vi kjenner etter kristen aktivitet på Sunnmøre. Ikkje berre funnet av den tidlege kyrkja, men også tidfestinga syner kva som kan ligge løynt i eit magasin om ein berre ser gjenstandar i eit nytt lys.

Meir enn ein mynt
Utgangpunktet for dateringa av kyrkja ligg i dateringa av gravkomplekset kring henne. I ei av gravene tett på kyrkja vart det her funne ein mynt. Først vart funnet av denne mynten nytta til ei tradisjonell datering, der det er teke høgde for at den har vore i sirkulasjon ei stund før den kom i jorda.
– Så kom eg til å tenke på at det kanskje ikkje var tilfellet med akkurat denne mynten, og gjekk difor nærare inn på funnet og det den var funne saman med. Den var kapsla inn i jern eller metall og låg ved noko som kunne vere ein kniv, seier Hansen.
Mynten var funnen ved hofta til den gravlagde og prega (laga som mynt) under den engelske kongen Æthelræd II i tidsrommet 1003–09. Dette var ein konge som strevde med å halde på makta, og som både kjempa mot- og nytta skandinaviske menn som leigesoldatar og måtte betale store summar i danegjeld.
– Om den som er gravlagd her, hadde fått med seg Æthelred-mynten som ei påminning om at han hadde vore involvert i denne maktkampen i England, så var den ikkje særleg gamal då den kom i jorda, forklarer Hansen. – Ved å halde funnet av mynten saman med ei rad andre daterande element fra gravplassen stod vi med det som i norsk samanheng er ei svært tidleg kyrkje og tilhøyrande kristne graver.
Ved å sjå og analysere mynten ut frå ei slik tankerekke opna perspektiva seg. Individet kjem inn i historia, på ein måte Gitte Hansen etterstrevar i arbeidet med funna frå Borgund.
Borgund Kaupang Prosjekt (2019–2027)
- leidd og koordinert av Universitetsmuseet i Bergen, ved professor Gitte Hansen.
- Middelaldermuseet/Viti, Osterøy museum / Museumssenteret i Hordland og Bryggens museum / Bymuseet i Bergen er partnarar i prosjektet.
- Det vart løyvd 10 millionar kroner frå Noregs forskingsråd (NFR), som i hovudsak er nytta til å finansiere ph.d.-prosjekt og dei mange kostbare analysane som er gjorde av materialet.
- Fleire unge forskarar er involverte i prosjektet, gjennom både ph.d.- og mastergradsprosjekt.
Les fleire intervju og reportasjar fra museumsverdenen. Denne saka står også på trykk i Museum nr 2 26. Vil du lese alt, kan du kjøpe enkeltutgåver eller abonnement i Tekstallmenningens nettbutikk.



